Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ljos frå lord Byrons stjerne er enno på veg til oss

Av Johannes Gjerdåker
,  26.01.07


LYRIKK
Lord Byron:
Don Juan. Bind I
Attdikting av Geir Uthaug
Bokvennen 2006


Byron hadde ei rekkje skilsetjande bøker attom seg då han i 1818, 30 år gamal, byrja å samla seg om Don Juan-myten, som han utarbeidde og dikta vidare på, med nye horisontar for handlingsromet, slik at det kom til å femna om Spania, Millomhavet, Egearhavet, Tyrkia, Russland og fleire land. Det gjer forteljinga rik og spanande at Byron er levande oppteken og personleg interessert i framande kulturar, og at han kjende, frå eigne ferder og eigne røynsler, mange av dei stadene som livet fører Don Juan til. For dei mange lesarane i heile Europa som greip Don Juan, og andre av verka åt Byron, med oppgløding og glede, vart lesnaden òg ei innføring i samtidskultur og i kulturhistorie.

Men Don Juan har kvalitetar som gjer det sjeldsynt i europeisk dikting. Her er eventyrlege hendingar og møte, som Byron, skalden, heile tida fortel om med kjensle, innsikt, humor og humør. Tett på einannan kjem skildringar med hovudvekt på det sakleg refererande og forteljingar med sterk patos. Språket i dette verket må i stor mun vera kome frå engelsk daglegtale i samtida, men Byron var kjend i engelsk litteratur frå eldre tider, og av strofene om skulen som den unge Don Juan gjekk i, er det tydeleg at skalden har fylgt med i latintimane.

Det er eit stort mangfald i målet, her er snøgge skifte i handlingsgangen heile vegen og ikkje sjeldan bryt Byron sjølv inn og krev ordet, når det er noko han vil peika på frå andre synsstader. Versemålet i Don Juan er ottava rima, òg kalla oktav, med rimslyngjinga a-b-a-b-a-b-c-c. Trass i den store mengda av verseliner og strofer er det sjeldan Byron brukar same rimet i tett påfylgjande strofer. Men dette verket er òg kjent for ein god del rim som ingen annan diktar har nytta. Ofte er det slik at lesaren må undrast når han ser det fyrste rimordet: Er det råd å finna to rim til åt dette? Det viser seg kvar gong at det var råd. Byron må ha hatt stor glede av denne sin «Spieltrieb» med rima, og lesaren får del i den gleda òg.

Å føra Don Juan over til norsk, i dette tilfellet til bokmål, er ei av dei vanskelegaste oppgåvene ein kan tenkja seg. Eg vil gjerne seia med ein gong at attdiktinga som Geir Uthaug har gjeve, gledde meg frå fyrste stund og gjorde meg spent på å halda fram med lesnaden. Uthaug er òg godt førebudd til å gjeva att dette verket på norsk. Gjenom mange år har han gjort seg kjend med Byron og hans samtidige, som han har tolka på overtydande vis. Det er tydeleg at han har mykje av det vidsynet og den gleda ved sjølve målet som Byron legg for dagen, men den språklege fantasien hjå Byron er stundom so djerv at det er uråd å gjeva han att fullt ut på eit anna språk.

Don Juan var fødd og oppvaksen i Sevilla i Spania; han var son til Donna Inez og Don José – slik opnar Byron skildringa av byen (strofe 8 i fyrste songen):

Lord Byron hadde enorm innverknad i alle europeiske land, og serleg med Don Juan i tida frå 1820-åra til fyrste verdskrigen. I Noreg greip han inn i diktinga åt Henrik Wergeland, Ivar Aasen, Aasmund O. Vinje og Henrik Ibsen. Ivar Aasen førde over til norsk tri lyriske dikt av Byron. Peer Gynt av Ibsen er vorte til under påverknad av denne skalden, so sterkt at Daniel Haakonsen tenkte seg at den framande passasjeren i femte akt måtte vera Byron sjølv. Sameleis er det med russisk og polsk dikting, med fransk og italiensk. Den tyske Heinrich Heine òg har Byron som ein av dei store læremeistrane sine.

Engelske forlag gjev ut verk av Byron heile tida, slik at han er tilgjengeleg for ålmenta i vår tid òg. Med den nye tolkinga fører Geir Uthaug eit litteraturhistorisk og idéhistorisk storverk fram til vår tid i Noreg; Uthaug skriv til sist i føreordet at dette «... har vært et arbeid som har gitt meg så mye glede – at jeg håper noe smitter over på leseren». Den prosessen er alt komen i gang.

Johannes Gjerdåker er attdiktar.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake