Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Hagbard Berner – steil og handlekraftig demokrat
Ola Mestad,  19.01.07

BIOGRAFI
Sindre Hovednakk:
Alt er politikk.
Hagbard Berner og hans tid

Det Norske Samlaget 2007

Kjem ein inn i lokala til Det Norske Samlaget, møter ein bysta av Hagbard Berner, hovudmannen bak Samlaget i 1868, og slår ein opp på side 2 i kvart nummer av Dagbladet, er det bilete av han som i 1869 grunnla avisa. For den som er vaksen opp med respekt for Dagbladet og Samlaget, er Berner ein viktig mann.

Hagbard Berner (1839–1920) voks opp under embetsmannsstaten leidd av Frederik Stang, han forma nokre av dei grovaste åtaka på den i Dagblad-artiklane om Det stangske system, han sat på Stortinget for det som blei Venstre i 1879–1888 då embetsmannsstaten vart nedkjempa og grunnlaget for parlamentarismen lagt i riksrettssakene i 1884, han var borgarmeister i Kristiania 1898–1912, og skreiv i 1917–20 sine tilbakeblikk på politikken for å forklare kva som verkeleg hadde skjedd. Han streid for målsak og kvinnesak, for reint norsk flagg, mot barnearbeid og mot statskyrkja og for kremasjon.

Berner var presteson og ein lovande jurist som i 1865 fekk Kronprinsens gullmedalje for avhandlinga si om dei utanlandske kjeldene til den norske grunnlova. Det er opplagt at grunnlova som vart vedteken i 1814, både inneheldt trekk av læra om maktfordeling og om folkesuverenitet. Berner la vekt på å vise det siste. Det ville føre fram til ei demokratisering av landet gjennom to trekk. Folkerepresentasjonen Stortinget ville vere overordna dei to andre statsmaktene, og den folkelege representasjonen i Stortinget måtte utvidast gjennom røysterett til fleire grupper.

Organisasjonssamfunnet
I Berners liv ligg det ei linje frå desse statsrettslege tankane då han var 26 år til han ser tilbake nær 80 år gammal. Då var parlamentarismen sikkert etablert og allmenn røysterett på plass, også for kvinner. Berner hadde i hovudsak vore på den demokratiserande og moderniserande sida heile tida, han hadde stått i bresjen for saker som vann fram. Han hadde vore det fremste uttrykket for organisasjonssamfunnet i andre halvdel av 1800-talet. Jamvel ein særskild norsk frimurarlosje var han med å grunnleggje for å undergrave den som var underordna den svenske. Då det var ordna, melde han seg ut.

Mykje av dette tek Sindre Hovdenakk opp i den velskrivne biografien sin om Berner, presentert i sist nummer i Dag og Tid. Han opnar elegant ved å skildre steininga av Flagg-Berners bustad etter flaggmøtet i Kristiania i 1879, det året som kanskje er høgdepunktet i Berners liv, same år som han vert vald til Stortinget og går av i Dagbladet. Men boka lèt lesaren mangle svar på nokre sentrale spørsmål: Korfor vart ikkje Berner ein stor Venstre-førar, han som stod for og ofte forma ut dei radikale Venstre-sakene, han som var på parti med framtida? Og korleis var dei lange samanhengane i tenkinga hans og i handlingane?

Stortingsmannen
Var Berner ein dårleg talar og dermed ikkje god til å samle oppslutning? Var han ikkje i stand til å inngå kompromiss? Var han rett og slett vanskeleg å ha med å gjere? Ein nøkkel kan liggje i Ketil Motzfeldts dagbok frå Stortinget i 1880-åra, som er fråverande hos Hovdenakk. Om Berners debut-tale i 1880 seier Motzfeldt: «I Formiddags-Mødet gjorde H. Berner sin Begyndelse. Freidigheden har han i behørigt Maal – kommer an paa hvad mere der findes hos ham.» To år seinare heiter det: «I dag gjorde Berner Begyndelsen, var som sædvanlig ikke heldig.» Var Stortinget ein arena som Berner ikkje meistra? Hovdenakk siterer Berner i eit brev: «Gud hjælpe os, hvor lidet vore bønder kan, ikke alene af bøger, men hvor fremmed de er for de store strømmer og ideer som går gjennem tiden. Gud hjælpe os.»

Tru korleis han framstod for dei?

Boka gir lite svar på slike spørsmål, m.a. fordi forfattaren ikkje synest å ha lese gjennom stortingsforhandlingane, endå Berner sat på Stortinget i ni år. Nokre stader peikar Hovdenakk på at Berner kan ha vore vanskeleg, han seier ein stad at han er steil og retthaversk. Men noka samla vurdering blir ikkje gjord.

Interessante vurderingar
Ein del interessante ting har Hovdenakk funne. Berner er i Dagbladet den legendariske avisgrunnleggjaren. Då er det litt flott at Berner i 1872 skriv til Bjørnson at han vart Dagblad-redaktør berre fordi «en tilfældig situation» stilte krav til han som han ikkje kunne avvise av «begeistring og pligtfølelse». Og han er villig til å gå av straks.

Men det meste av stoffet i boka er slikt som finst i andre framstillingar. Likevel gjer Hovdenakks bakgrunn at han har ein del interessante journalistiske vurderingar av det framveksande Dagbladet. Og ein del av biletstoffet er fascinerande, særleg av Berners eigne målarstykke og nasjonale treskurd.

PS: Til slutt ein klage til forlaget: Notetilvisingane er altfor upresise, ein kan ikkje ved sitat vise generelt til heile bøker utan å gi sidetal.

Ola Mestad er professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake