Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Den litterære doktoren

Av Ottar Fyllingsnes
,  19.01.07


Rolv Thesens opparbeidde ein blømande praksis på Håndverkeren. Han var nærast bedriftslækjar, og han vart glad i rolla som kvakksalvar, skreiv Arne Skouen ein gong.

Seinare omtalte den kjende skribenten litteraten slik:

«Så fred med ditt minne, doktor, du hadde det stilleste og ensomste smilet i norsk litteratur. Og nyttigere doktorgrad enn din har ingen tatt, med register fra Garborg til kelnere med plattfot.»

Litteraten
Rolv Thesen (1896–1966) var ein av dei mest respekterte litteraturformidlarane i det førre hundreåret. Han var litteraturkritikar i Arbeiderbladet i mest førti år, forlagskonsulent i Aschehoug, litteraturforskar og medlem av det litterære rådet til forfattarforeininga frå 1937 til 1963, fortel Jan Olav Gatland i den nye boka om Thesen, som han har kalla Det litterære liv. Rolv Thesen og hans tid.

Jan Olav Gatland er førstebibliotekar på Universitetsbiblioteket i Bergen. Han har tidlegare skrive bøker om Bjørnstjerne Bjørnson og Åsmund Sveen.

Rolv Thesen er særleg kjend for trebandsbiografien om Arne Garborg, bøker om Tore Ørjasæter, Olav Duun og Johan Falkberget. Det siste store prosjektet hans skulle vera fembandsverket Diktaren og bygda. Der ville han setja dikting med emne frå bygdelivet inn i ein sosialpsykologisk samanheng, men han vart berre ferdig med tre band av verket. Thesen skreiv dikt sjølv også, og han gav ut tre diktsamlingar under namnet Harald Hamre.

450 brev
Gjennom Aschehoug kom Jan Olav Gatland i kontakt med ei kvinne som hadde ein kartong med heile 450 brev adresserte til Thesen.

– Det var mange interessante brev frå både forfattarar og skribentar. Thesen brevveksla med svært mange, både med historikarar og forskarar som Philip Houm, Francis Bull, Per Amdam, Ingjald Nissen, Tore Ørjasæter og Inge Krokann. I kartongen fann eg heile 150 brev frå Johan Falkberget, og det er svært interessant materiale. Det er tragisk å lesa korleis Falkberget gjorde seg mindre enn han var på slutten av livet. Han såg tydelegvis opp til Thesen, som hadde gjort unna ei doktoravhandling, og det er tydeleg at Falkberget drøymde om å vera akademikar og skriva fagbøker. Kanskje heng denne oppvurderinga saman med at Falkberget hadde kome opp i åra.

Frå Lofoten
Det vert sagt at Rolv Thesen vart fødd i Eliassens trandamperibu i fiskeværet Hamnøy i Lofoten. Der vart han fødd inn i ei storslekt av væreigarar og handelsmenn. Pleiefaren var væreigar, fiskeoppkjøpar og handelsmann i Hamnøy.

Jan Olav Gatland viser til at på Universitetet i Oslo har det gått eit rykte om at Thesen skulle vera son av tidlegare utanriksminister Halvdan Koht, men Gatland avviser dette ryktet på det sterkaste. Han fortel at Koht var lærar på universitetet då Thesen studerte historie, og Koht vart ein slags mentor for den unge nordlendingen.

– Koht såg nok kvalitetane i Thesen, og begge høyrde heime i Arbeidarpartiet, seier Gatland.

Nordlending
Heime på Hamnøy gjekk ikkje Rolv Thesen på vanleg skule, men vart undervist av guvernanter. I 1911 reiste han til Tromsø for å ta eksamen som privatist ved Tromsø Middelskole.

Frå han var femten til han var atten, arbeidde han som butikkekspeditør hjå ein væreigar og landhandlar i Sørvågen i Lofoten. På denne tida skreiv Thesen den første artikkelen sin, og den handla om kor forkasteleg det var å drikka øl.

– Thesen kjende seg alltid som nordlending. Han fortalde gjerne anekdotar og små soger nordanfrå. Så lenge mora levde, reiste han kvar sommar til henne på ferie. Lengten etter øylandskapet gav han varme uttrykk for i fleire dikt, og han gav ut ein antologi om Lofoten i norsk litteratur og kunst.

I 1914 reiste Thesen til Kristiania og byrja artiumskurs på Hauges Minde. Der var det mange bygdeungdommar, og skulen var kjend som eit gymnas med overvekt av «målstudentar». Under opphaldet var den atten år gamle Thesen i eit studentlag og høyrde ein aldrande Arne Garborg halda føredrag om «Vaknande spursmål». 20 år gamal vart Thesen lærar ved Kvæfjord Middelskole ved Harstad, og der vart han verande i tre år. I 1919 reiste Thesen til Kristiania på nytt, og no byrja han å studera filologi. Han kom med i Bondeungdomslaget, og ei av hjartesakene i laget var å få i gang ein eittårig mellomskule for landsungdom i hovudstaden. Skulen vart skipa i 1920 med Thesen som styrar og lærar.

Den første artikkelen skreiv Thesen truleg i Syn og Segn i 1923. Sidan vart han bokmeldar i Den 17de Mai frå 1924 til 1928.

Han gjorde seg ferdig med hovudfag i historie, og frå 1926 var han i fem år tilsett som lektor på gymnaset på Eidsvoll.

Ein av lærarane der var Ivar Mortensen Egnund, som var prest, diktar og Edda-omsetjar.

Nokre månader etter at Arne Garborg døydde, fekk Thesen truleg kontakt med Hulda Garborg, og dei møttest ved fleire høve.

Arbeidsjern
Frå 1928 skreiv Rolv Thesen i Arbeiderbladet, og i tida etter 1945 hadde han 600 bokmeldingar der. I tillegg hadde han ei kommentarspalte der han skreiv under signaturen Salve.
Dessutan leverte han jamlege bidrag til nordiske tidsskrift.

– Han var eit skikkeleg arbeidsjern, som levde for det skrivne ordet. Han var svært disiplinert når det galdt både radio og fjernsyn. Han vart ein god ven med Odd Solumsmoen, som hadde platespelar, og dei møttest hjå han for å spela operaplater og diskutera kven som var beste songaren. Thesen elska klassisk musikk, men han ville ikkje verta distrahert med å kjøpa platespelar. Han hadde radio, men sette opp eit radioprogram for kvar dag. Det burde alle gjera, meinte han. Og då fjernsynet kom, gjekk han til Rolf Jakobsen for å sjå, fortel Gatland.

Humanistar
Rolv Thesen var ein sosial person og ein flittig gjest på byen, men i 1953 vart det oppdaga at han hadde diabetes.

– Han måtte slutta både med øl og kvitvin, men raudvin var trygt. Og dermed vart raudvin favoritten. Etter det familien fortel, brukte han til og med raudvin i teen, slik han hadde lært det hjå Hulda Garborg.

Rolv Thesen fekk god kontakt med Hulda. I byrjinga av 1930-åra fekk han lesa dagbøkene hennar og brev. Det var etter at ho skjøna at han var ein dyktig skribent, og at han hadde sett seg føre å skriva bok om Arne Garborg. Hulda var til stades på disputasen til Thesen og heldt tale under middagen etterpå. Seinare fortalde Thesen gjerne om Hulda Garborg. Ved sida av Garborg og Duun hadde Thesen særleg sansen for Tore Ørjasæter, Johan Falkberget, Sigurd Christiansen, Inge Krokann, Tarjei Vesaas, Martin A. Hansen og Pär Lagerkvist.

– Felles for desse forfattarane som Thesen likte, var at dei var opne humanistar. Dei representerte alle trongen til å finna varige verdiar som fridom, rettferd og sanning. Dei ville forstå vanskane som mennesket strir med, og dei syner oss det store i at mennesket alltid reiser seg etter fornedringa. Det var det han likte med litteraturen, meiner Gatland.

Han viser til at Thesen ikkje var mot modernismen, men han var mot at det berre vart form og ikkje innhald.

– Han kom ikkje med krav om at diktinga skulle ha ein bodskap, men han meinte at ho skulle handla om noko, seier Gatland.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake