Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Bølgjekraftbygging kunne vore norsk storindustri

Av Ottar Fyllingsnes
,  19.01.07


Dansk vindkraftindustri har vakse seg stor, og vindmøller har vorte ei viktig dansk eksportvare. Dei siste tiåra har sysselsetjinga auka sterkt.

– Norsk bølgjekraftindustri kunne i dag ha vore like viktig, om styresmaktene hadde satsa her i landet, men det gjorde dei ikkje, trass i at Noreg var eit føregangsland på bølgjekraftteknologi for 25 år sidan.

Uklokt av politikarane
I 1970- og 80-åra vart det gjort ein stor innsats for å byggja opp ekspertisen på bølgjeenergi her i landet, og Noreg var mellom dei leiande bølgjekraftlanda i verda. Men eit par prøveanlegg i Øygarden i Hordaland havarerte, pengane til vidare forsking forsvann og det gode forskingsmiljøet gjekk i oppløysing.

Falnes brukar ugjerne sterke ord, men seier at det var ein «generaltabbe» å kutta løyvingane til forsking på bølgjeenergi på 80-talet.

Han er ein av veteranane i bølgjekraftforskinga. På NTNU i Trondheim har han vore forskar ved Institutt for fysikk, og er no gjesteforskar ved Center for Ships and Ocean Structures (CeSOS), som no held på å byggja opp eit sterkt fagmiljø for bølgjekraft. Han meiner at styresmaktene har forsømt seg kraftig når det gjeld utviklinga av norsk bølgjeenergi.

Øygarden-fiasko
På 80-talet vart det gjort to forsøk på å byggja bølgjekraftverk i Øygarden. Olje- og energiminister Kåre Kristiansen opna dei to anlegga i november 1985. Og FNs miljøkommisjon, med Gro Harlem Brundtland i spissen, tok turen ut til Øygarden for å sjå på nyvinninga.

– Kværner Bruk stod bak det eine. Dei visste at nokre boltar var dårlege, men i romjulshelga 1988 bles det opp til storm, og før dei fekk skift ut boltane, enda det med havari. Selskapet hadde planar om å byggja opp att kraftverket, men frå 1990 vart Kværner Bruk fusjonert med Kværner Eureka. Og då vart heile prosjektet skrinlagt, fortel Falnes.

Selskapet NorWave Technology stod bak det andre bølgjekraftverket. Etter ei planlagd, men ufullførd ombygging har anlegget lege som ein ruin frå 1991. Det har vore uråd å få ombygginga sluttfinansiert. Det har vore svært viktig for fiendane til bølgjekrafta at dei har denne ruinen i Øygarden å peika på. Ved å visa til ruinen kan dei slå fast at det er tull å satsa på bølgjekraft.

Sju feite år
Det var universitetslærar Kjell Budal som tok initiativet til forskinga på bølgjekraft i 1973, og han fekk med seg Johannes Falnes, som også var universitetslærar. Dette var same året som den internasjonale oljekrisa skaka verda.

I dag snakkar Falnes om «sju feite» åra, då det vart bygt opp eit svært godt forskingsmiljø som arbeidde med bølgjekraftutvikling her i landet.

– Men dei fire første åra arbeidde me berre med papir og blyant. Me var tidleg ute, og vart kjende internasjonalt for den forskinga me dreiv med. Interessa for alternativ energi var stor. I 1976 og 1977 hadde me vitjing av journalistar mest kvar einaste veke. Mest alle parti som stilte til stortingsval i 1977, hadde satsing på fornyelege energikjelder i programmet. Både Stortinget og folkeopinionen kravde at det skulle satsast på slike energikjelder, men det var nok ikkje det politiske og teknologiske etablissementet glade for.

I 1981 søkte me om 3,5 millionar i støtte, men me fekk 4 millionar. Men dette året var det stortingsval, og me fekk ei ny og meir konservativ regjering. Endå viktigare var kanskje regjeringsskiftet i Storbritannia, der Margaret Thatcher kom til makta. Kjernekrafttilhengjarane såg på bølgjekraftforskinga som kjeppar i hjulet. Forskinga vart først lagd ned i Storbritannia, og året etterpå i Noreg. Til denne tida i 1983 hadde me bygt opp ei svært god forskargruppe på kring ti personar, men på grunn av pengemangel måtte me leggja ho ned.

– Dermed vart bølgjekraftmiljøet borte. Hadde me fått halda fram, trur eg me hadde hatt ein stor bølgjekraftindustri i landet i dag.

Utover i 80-åra minka det sterke presset frå opinionen. Den allmenne interessa for energi og miljøsaker minka.

– Oljeprisen gjekk ned, jappetida kom, og det teknologiske etablissementet fekk det slik dei ønskte. I staden for å auka løyvingane til forsking på bølgjekraft, skar politikarane ned.

I den første femårsbolken (1978–82) løyvde staten 55 millionar til norske bølgjekraftprosjekt. Dei neste fem åra vart summen halvert, og i den neste femårsbolken (1987–92) vart det løyvt berre 18 millionar.

– Trass i at ein bygde bølgjekraftverk i Øygarden, gjekk løyvingane ned, seier Falnes.

Bygde for stort
Dei to-tre siste åra har Falnes registrert ei aukande interesse for bølgjeenergi her i landet, og den siste tida har ein kunna lesa om ymse prosjekt.

– Eg registrerer at folk gjer den same feilen som me gjorde. Dei undervurderer den tida det tek å utvikla ny teknologi. Me trudde at me skulle greia å laga eit kommersielt bølgjekraftverk på mellom fem og ti år, og framleis finst det dei som trur det, seier Falnes – som viser til utviklinga av vindenergi.

– På midten av 1970-talet fanst det store prosjekt i Storbritannia og Sverige, og der skulle det byggjast store vindturbinar med ein gong. Men dei mangla nok kunnskap, og vindturbinane havarerte. I Danmark satsa dei på mindre prosjekt.

Idealistar sette i gang med å byggja små vindmøller, og dei lærde snøggare korleis dei ikkje skulle byggja. Neste gongen kunne dei byggja litt større mølle, og sidan endå større. Og etter utvikling i 15–20 år vart bygging av vindmøller ein av dei største eksportindustriane i Danmark.

I ettertid kan Falnes slå fast at dei som prøvde bølgjekraftverk i Øygarden, bygde altfor stort.

– Det som dei lærde der, kunne dei lært fortare og billegare og med mindre prestisjetap, om dei hadde bygt i mindre målestokk, seier Falnes.

Han trur at med ei offensiv satsing på bølgjekraftutvikling, kan det vera mogleg med kommersiell utnytting om femten års tid.

Falnes samanliknar utviklinga av ny teknologi med eit menneskeliv.

– Før eit menneske kan verta produktivt, må ein investera i barnehage, folkeskule, ungdomsskule og universitet. Det tek tjue år før ein får tilbakebetalt investeringane. Kanskje kan me i ein slik samanheng seia at vindkraftindustrien har kome til konfirmasjonsalderen og byrjar å yppa seg med dei vaksne, medan bølgjekraftteknologien framleis er på småbarnsstadiet.

Engelsk sabotasje
Professor Falnes skulle likt å vita kva som var den eigentlege årsaka til at det vart slutt på løyvingane til bølgjekraftforskinga på 80-talet.

I Storbritannia har frilansjournalisten David Ross skrive bok om det som skjedde der.

– Då eg las boka til Ross, fekk eg ei aha-oppleving. Han viser korleis kjernekraftlobbyen sette pinnar i hjula for dei som ville byggja ut bølgjeenergien. Dei gjekk så langt som til å forfalska ein rapport om bølgjeenergien.

– Kan ein seia at oljeindustrien har motarbeidd utviklinga av bølgjeenergien her i landet?
– Eg kan ikkje konkretisera det meir enn eg har gjort, men eg skulle likt at ein norsk journalist eller historikar gjorde det same som Ross gjorde i Storbritannia.

Falnes er ikkje sikker på kvar dei har kome lengst i utviklinga av bølgjeenergi, men viser til Skottland, Edinburgh og professor Stephen Salter.

– Også der opplevde dei ei nedskjering i byrjinga av 80-åra, men no har likevel eit firma med basis i dette fagmiljøet utvikla eit anlegg kalla Pelamis, som tyder sjøorm. Dei har plassert bølgjekraftverket utanfor Orknøyane, og frå Portugal har dei fått tingingar på fleire slike anlegg. Bølgjekraftverket kan samanliknast med eit 120 meter langt jernbanetog, fordelt på fire sylinderforma vogner. Dei er hengsla saman, slik at dei svingar i høve til kvarandre. Der er det bygt inn hydrauliske pumper som pumper olje inn i ein trykktank og derifrå driv ein hydrauliske motor ein elektrisk generator. Pumper i dei tre hengslene yter til saman 750 kW.

Travel pensjonist
Johannes Falnes er 75 år, men han er ein travel pensjonist. Han arbeider framleis på kontoret på NTNU i Trondheim, og der har han meir enn nok å gjera. Han får mange førespurnader, jamvel frå utlandet. Skuleelevar spør, og det same gjer forskingsråd som vil ha ein ekspert til å uttala seg om ymse nye framlegg til bølgjekraftprosjekt.

– Kvar er interessa for bølgjekraft størst?
– Her i landet har ho teke seg kraftig opp, og det same har skjedd i Sverige og land som Storbritannia, Nederland, Frankrike, Australia, Japan, Kina og India. Mange gjer den feilen at dei trur at deira eiga oppfinning er den beste. Dei set i gang, og brukar opp kapitalen. Dei burde i staden ha søkt samarbeid med andre.

– Kor lang tid går det før ein har kommersielle bølgjekraftverk?
– Dei finst alt. Før 1970 fann japanarane opp små bølgjekraftverk til navigasjonsbøyer, og nokre av desse har gått i 20–30 år. Alt er dyrt til å byrja med, og nye prosjekt må som oftast subsidierast i starten. Etter kvart lærer ein seg å byggja billegare og betre, og dermed går prisen ned, seier professor emeritus Johannes Falnes.

Bølgjekraftprosjekt:
Bølgjekraft er på nytt aktuelt, og fleire prosjekt er aktuelle kringom i landet.

Ålgård-firmaet Wave Energy vil byggja testanlegg for bølgjekraft på Kvitsøy til våren, men fullskala-anlegget hamnar truleg i utlandet.

Pelagic Power sette i haust ut eit prøveanlegg i sjøen i Flatanger i Nord-Trøndelag. Selskapet har som mål å ha ein fullskala prototyp av eit bølgjekraftverk i drift i løpet av to og eit halvt år.

For eit par år sidan kom meldingane om at skipsreiar Fred Olsen hadde funne løysinga på korleis ein skulle konstruera eit bølgjekraftverk. Han fekk bygt ein prøverigg, «Buldra», som skulle flyttast kysten rundt for å måla og finna dei beste tilhøva.

Olsen leverte også ein konsesjonssøknad for eit fullskala bølgjekraftverk vestafor Karmøy, og han vona å vera på plass der innan utgangen av 2005. Men så lett gjekk det ikkje.

Førre veke kunne Haugesunds Avis fortelja at det første fullskala bølgjekraftverket til hundre millionar kroner er lagt på vent.

Prosjektleiar Tore Gulli i Fred Olsen-selskapet Fobox skuldar på at støtteordningane som styresmaktene har kome med, er for dårlege til at dei ønskjer å gå vidare med prosjektet her i landet. Gulli fortel at selskapet skal gå inn i eit liknande prosjekt i Sør-England. Han fortel at engelske styresmakter støttar denne typen energiprosjekt på heilt anna vis enn i Noreg. Han viser til at medan det økonomiske tilskotet her i landet er på ti øre per kwh, er støtta i England på kroner 1,70. Dessutan betalar britiske styresmakter kabelen frå bølgjekraftverket og inn til land. Det verkar som norske styresmakter heller vil bruka pengane på CO2-reinsing, seier Gulli til Haugesunds avis.

Hydro med dotterselskapet Hydro Technology Ventures eig 16 prosent av selskapet Ocean Power Delivery, som held til i Edinburgh. I fjor vår kom meldingane om at dette selskapet frakta bølgjekraftomformarar frå Skottland til Portugal. Det skulle utgjera første faste i det første kommersielle anlegget for bølgjekraft. Når prosjektet var fullført, skulle det gje straum til 15.000 portugisiske hushald.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake