Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Pantheon-funn endrar romersk historie

Av Svein Gjerdåker
,  12.01.07


LANDEMERKE: Alle historikarar har til no trudd at Pantheon vart bygt opp att under keisar Hadrian.
– Då eg oppdaga at dateringa kunne vera feil, sat eg og såg på dataprogrammet eg hadde laga, i to dagar i strekk før eg torde å fortelja det til nokon, seier den norske forskaren Lise Hetland på telefon frå London.

– Eg kunne ikkje skjøna at eg hadde oppdaga noko så stort – det måtte vera ein feil ein stad. Eg sjekka og kryssjekka. Eg las standardverket til den kjende arkeologiprofessoren Herbert Bloch framlengs og baklengs. Det var for utruleg at eg skulle finna ut noko så nyskapande.

– Så gjekk eg til rettleiaren min i London, professor Peter Stewart. Han trudde òg knapt det han såg, men vart overtydd der og då om at eg hadde rett.

Sensasjon
Lise Hetland sat på ein sensasjon i arkitekturhistorikarmiljøet. Dateringa av Pantheon er svært viktig. Pantheon er ein av dei mest kjende og best haldne romerske bygningane – og sjølve symbolet på romersk arkitektur. Alle arkitekturhistorikarar og arkeologar ser på den hadrianske perioden som arkitektonisk nyskapande med dei kurveliknande formene sine.

Då Lise Hetland tok til å studera hadriansk arkitektur, oppdaga ho fort at sjølve omgrepet hadriansk arkitektur ikkje var så eintydig som ho hadde trudd.

– Då eg byrja med å sjekka symbolet på denne arkitekturen, Pantheon, slo det meg at alle dei store forskarane innanfor romersk arkitektur viste til éi og same bok frå 1930-åra av Herbert Bloch som kjelde for dateringa til tidleg hadriansk tid.

– Eg reagerte på at ingen uttrykte tvil om dateringa, men at det var udiskutabelt at Pantheon vart bygt frå år 118/19 til år 125/128. Så då eg i oppgåva mi, berre for å vera svært så grundig og vitskapleg, laga ei oversikt over alle mursteinsstempla som var funne i bygningen, såg eg at det berre var funne fire daterte mursteinar i sjølve Pantheon. Og desse mursteinane var stempla med åra 114, 115 (to stykke) og 116.

Rimar ikkje
– Kvifor konkluderte då alle med at Pantheon er bygt frå 118/119? Eg fekk ikkje det til å rima. Eg måtte lesa Bloch på nytt og fann ut at han hadde laga ein eigen periode som han kalla den tidlege hadrianske perioden i romersk bygningsindustri. Denne perioden hadde han laga for å forklara kvifor Pantheon var bygt av Hadrian, trass i at bygningen hadde daterte mursteinsstempel frå 114, 115 og 116, altså trajansk tid.

Grunnen var etter Bloch at brend murstein vart lagd på lager i fire-fem år for å verta herda, før han vart brukt. Altså skal mursteinar frå 114, 115 og 116 ikkje ha vorte brukte før fire til fem år seinare.

– Bloch byggjer opp under denne teorien ved å hevda at det i den romerske hamnebyen Ostia ikkje er funne nokon kronologisk distribusjon av mursteinsstempla i bygningane i denne perioden, slik at det ikkje er råd å skilja årstala på ein bygning frå ein annan. Men det er ikkje rett, seier Hetland.

– Alt i 2002 kunne Janet DeLaine prova at fleire bygningar i Ostia, i motsetnad til det Bloch har hevda, er bygde utelukkande med mursteinsstempel frå 114, 115, 116 eller 117. Altså at mursteinen vart brukt det året han vart laga.

Vart øydelagt
Vidare viser Hetland til at Pantheon i 110 vart øydelagt av eit lynnedslag – og spør seg: Kvifor vart ikkje bygningen reist opp att med ein gong? Kvifor venta dei åtte-ni år med å byggja han opp att?

– Bloch skriv at han er overraska over dette, men lèt vera å seia at det er han sjølv som skaper dette tomrommet, seier Hetland.

– Ei av forklaringane hans er at all tilgjengeleg arbeidskraft var oppteken med andre trajanske byggverk. Og det er rett at keisar Trajan på denne tida fekk reist mange byggverk: Basilica Ulpia, Trajans forum, Trajans bad, marknad og søyle. Men når ein veit at ein berre trong om lag 500 mann, i ein millionby, i tre til fem år for å reisa Pantheon, held ikkje det argumentet.

Og det var ingen grunn til å venta, påpeikar Hetland.

– Trajan var i Roma på denne tida. Dette var før han reiste i krigen mot partharane i september eller oktober 113, så det var meir enn nok tid til å rydda bort den gamle bygningen, skaffa arkitektar og bygningsmateriale og få i gang bygginga før Trajan reiste frå Roma. Alt talar difor for at bygginga av Pantheon tok til i 113 og kan henda vart ferdig i 118.

– Fekk du motstand på disputasen?
– Ikkje på eitt punkt! Eg fekk full tilslutnad. Og på ein stor konferanse i Bern før jol fekk eg heller ingen motførestellingar. Med det same eg steig ned frå talarstolen, kom det fleire tilbod om publisering.

Funna og arbeidet til Lise Hetland kjem no ut i Journal of Roman Archaeology i USA – det mest prestisjetunge tidsskriftet for romersk arkeologi i verda. Deretter vert det bok på Cambridge University Press. Sidan jol har ei rad aviser, BBC og andre fjernsynsselskap teke kontakt for å gjera intervju.

Arbeidet til Hetland får konsekvensar for forståinga vår av romersk arkitektur fordi det reiser tvil om det var eit brot mellom den trajanske og hadrianske perioden, og om den hadrianske perioden er så unik som historikarane og arkeologane har hevda.

– Vi må i det heile verta langt meir kritiske til arkeologisk forsking frå tidleg på 1900-talet. Vi må stilla fleire spørsmål til det vi i dag meiner er fakta – også til arbeida til dei mest meritterte forskarane, seier Lise Hetland.

Jødisk flyktning
Hetland trur at Bloch sjølv har vore klar over at han tok feil.

– Eg trur at Bloch, som tysk-jødisk flyktning i det fascistiske Italia i 1930-åra, indirekte kan ha vorte påverka av den legendariske arkeologen Lanciani til å halda på den etablerte hadrianske dateringa av Pantheon. Ikkje berre det – han kjende det kanskje rett og slett slik at han måtte koma opp med teoriar som forsvara denne dateringa.

Bloch vart seinare professor ved Harvard, og det har ikkje vore mogeleg å seia noko om Pantheon utan å nemna namnet hans. Han har vore ein uimotsagd autoritet. Så seint som i 1959 diskuterte han dateringa av Pantheon i ein artikkel berre for på nytt å stadfesta den gamle dateringa.

– Men eg har høyrt at Bloch i det siste arbeidde med ein revisjon av boka si frå 1930-åra. Kanskje han der ville få fram at dateringa var feil, ikkje veit eg, seier Hetland.

Herbert Block døydde i fjor, 94 år gamal, berre fjorten dagar etter at Lise Hetland disputerte.

– Eg veit ikkje om han fekk med seg arbeidet mitt, men vonar eigenleg at han ikkje gjorde det.

LISE HETLAND

Arkitekturhistorikar frå Kragerø

Fødd i 1962

Har studert historie, kunsthistorie og latin ved Universitetet i Oslo

Doktorgrad ved Courtauld
Institute of Art i London, 2006

«Eit tempel for alle gudar»
I år 25 f.Kr. bygde den romerske statsmannen Agrippa eit tempel på Marsmarka i Roma som fekk namnet Pantheon. Namnet tyder «eit tempel for alle gudar». Tempelet vart øydelagt av eit lynnedslag i 110.

På same stad vart det bygt eit nytt tempel få år seinare, ein rundbygning med søyleboren framhall krona av ein gavl. Diameteren på rommet er 43 meter og er nøyaktig lik avstanden mellom golvet og ljosopninga på kuppelen. Inne er det rike utsmykkingar med farga marmor. Pantheon vart omdanna til kyrkje i 609, og vart på 1800-talet gravkyrkje for dei italienske kongane. Rafael er òg gravlagd der.

Kjelde: Store norske leksikon



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake