Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Verda langt borte på ein laurdag

Av Roald Helgheim
,  05.01.07


Eigentleg skulle dei kommentere den internasjonale situasjonen med utgangsgspunkt i både Midtausten, miljøkrisa og anna, men måtte som snøggast seie noko om eksekveringa av ein dødsdom kommentatorar flest er samde om ikkje vil føre freden eit steg nærare, kanskje snarare tvert imot. I Det kvite huset gadd ikkje president Bush å tinge vekking eingong, men gjekk til sengs før henging (klokka 21.00 Washington-tid!), etter å ha skrive ferdig ei heller bleik pressemelding om kva fred og framgang det ville bli både i Irak og resten av verda når nummer éin i kortstokken er død og gravlagd. Klårare kunne han knapt signalisere at han såg på det som eit pliktløp han ikkje lenger trur på sjølv eingong.

I mars i fjor slo Stratfor-analytikar George Friedman fast at Bush ikkje lenger er styringsdyktig i sitt eige land, langt mindre i Irak. Sjølv har eg mista teljinga over kor mange som er att i stokken, men så langt kan vi slå fast at graden av krig og vald har auka proporsjonalt med talet på døde, under ein krigsherre som både i Irak, Afghanistan og elles ikkje kjenner andre mål på framgang enn drapstal. Når du les dette, har USA sjølv ofra livet til 3000 soldatar sidan krigen starta. Og som Robert Fisk skreiv i The Independent på nyttårsdagen: USA har hengt ein diktator som dei sjølve var med på å skape.

Denne radiolaurdagen vart det mest pliktløp i radio om Irak-krigen også, sjølv om Willoch nådde nye antiimperialistiske høgder i skildringa av Vestens «totalt manglende evne» til å setje seg inn i tilhøva under andre himmelstrok, blinda av trua på at «demokrati» var noko ein berre kunne tre ned over hovudet på folk med våpenmakt. I vår tid er det knapt nokon som så ofte, og med like stor harme, tek ordet imperialisme i sin munn når han snakkar om rolla som Vesten spelar i verda. Og tonen vart ikkje mindre kvass då programleiar Teigene gav debattantane stikkordet Midtausten – og Norge. Der har det også hendt noko, ettersom norske styresmakter har antyda at dei snart kan tenkje seg å lette på sanksjonane dei saman med resten av Vesten innførde mot Palestina i fjor, etter at Hamas vann eit demokratisk val.

Den 20. mai i fjor skreiv eg i denne spalta at måten den raudgrøne norske regjeringa har handsama Hamas på, er ei skam for landet, for regjeringa, og pinleg for dei politiske partia som står bak henne. Påstanden står framleis ved lag, ikkje minst etter at regjeringsorganet Klassekampen i romjula hadde si oppsummering av politikkåret 2007, herunder eit avsnitt om utanrikspolitikken, utan å nemne denne skampletten med eit ord. Det utanrikspolitiske flaggskipet der i garden er Afghanistan, ei sak som har kosta regjeringa lite i høve til kva signal det ville ha vore å stå opp mot det strupetaket USA og EU tok på Palestina. Sjølv med ein kampklar Willoch i studio hadde utanriksminister Støre mage til å kalle den norske haldninga «balansert», og til å påstå at Norge er like strenge mot Israel, landet som reint bortsett frå å vere okkupant, ikkje har halde seg til nokon av dei inngåtte avtalane Hamas-styret i Palestina blir bedne om å respektere. Seinast i romjula kunngjorde forsvarsminister Amir Peretz nye planar om ei ny israelsk busetjing på Vestbreidda, ei busetjing som skal gje plass til dei mest ekstreme busetjarane Sharon fjerna frå Gaza-stripa. Den israelske organisasjonen Fred No seier at over 50 slike utpostar er illegalt oppretta sidan 2001. Kravet om å «avstå frå vald» er like einsidig retta mot Palestina, og til og med Sverre Lodgaard heldt på direkten ein politisk barnetime for Støre, gjennom å peike på det urimelege i å «likestille» ein okkupert flyktningstat med okkupanten. At Norge og Vestens svik var med på å reie grunnen til dei seinare krigshandlingane i Gaza og Libanon, kan det heller ikkje vere tvil om. Sidan år 2000 er talet på drepne palestinarar snart det femdoble av talet på drepne israelarar.

I desse dagar er eit nytt politisk renkespel i gang, mellom Israel og Palestinas president Abbas over hovudet på Hamas, og no også med egyptisk hjelp. Etter press frå USA lova statsminister Olmert å gje Abbas 100 millionar dollar av dei 500 millionane dollar med palestinske skattepengar, som Israel ulovleg har halde attende sidan Hamas-sigeren. 100 millionar dollar som uansett høyrer det palestinske folket til, går i lomma på den Fatah-rørsla mannen som skal vere president for heile Palestina, støttar seg til. Kommentatorar i New York Times kallar dette den tredje svikarrolla Abbas har blitt tildelt av USA og Israel, etter at Yasser Arafat etter USA-press utnemnde han til statsminister i 2004. Eit Palestina-styre som det gamle Fatah har hovudansvaret for å gjere til eit korrupt vanstyre, skal atter få makta, med judaspengar som hjelp.

Om Norge blir med på dette renkespelet, som er den beste oppskrifta på meir borgarkrig, så er det i beste norske tradisjon. New York Times-kommentaren 28. desember – signert Midtausten-ekspertane Robert Malley og Henry Siegman – er illustrert med ein rådvill palestinar framfor eit vegskilt, der pilene mot nærliggjande stader som Damaskus, Amman, Tel Aviv, Kairo, Mekka eller Beirut har opptil tresifra kilometertal. Mens skiltet som viser veg til Oslo, har eit så mangesifra kilometertal at det ser uendeleg langt ut. Til landet som måtte spele Israels spel i 1993, i 2006 – og som er klar til å spele det på ny i 2007?





Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake