Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ingen grunn til tvil

Av Stein Husby
,  21.12.06


8. desember 2006 sette kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker venteleg eit endeleg punktum for Torgersen-saka. Straks konklusjonen til kommisjonen vart kjend om føremiddagen klokka 11.00, kom det protestar frå enkelte hald – faktisk før dei hadde vore i stand til å lesa den svært grundige utgreiinga som kommisjonen hadde lagt fram om prosesshistoria, sakstilhøvet, førehavinga av saka i kommisjonen og gjennomgangen dei hadde gjort av vilkåra i straffelova for gjenopptaking, provvurdering og reglar for sakkunnige i straffesaker, og ein utførleg gjennomgang og vurdering av dei sentrale tekniske prova i saka.

Konklusjonen på alle punkt er knusande for Torgersen. I tillegg kjem kommisjonen med kritikk av Ståle Eskeland for at han i eit særskilt notat set fram sterke skuldingar mot familien til avlidne og ymtar om at «[d]et er mulig vi står overfor en incestsak der far og/eller bror/brødre var innblandet. Kanskje hadde de noe med drapet å gjøre (en situasjon som kom ut av kontroll?) eller kanskje var de redd for at incesten skulle bli kjent, selv om de ikke hadde noe med drapet å gjøre ...»

Kommisjonen slår fast at «Eskeland overhodet ikke har holdepunkter for å anta at Rigmor Johnsens far og/eller bror/brødre hadde noe med drapet å gjøre (...) påstandene fremstår som oppkonstruerte og spekulative».

Kva gjeld Torgersen-saka?
I juni 1959 vart Fredrik Ludvig Fasting Torgersen dømd til livsvarig fengsel og ti års sikring for å ha prøvd å valdta den seksten år gamle Rigmor Johnsen i Skippergata 6 B i Oslo sentrum den 7. desember 1957 og for å ha drepe henne med kveling og/eller ved å slå hovudet hennar kraftig mot kanten av eit trappetrinn. Drapet vart gjort for å skjula valdtektsforsøket. Torgersen vart òg dømd etter den såkalla mordbrannparagrafen for å ha sett fyr på kjellaren i Skippergata 6 B, såleis at han lett kunne ha valda tap av menneskeliv om brannen ikkje hadde vorte oppdaga. Torgersen var straffedømd fire gonger før, m.a. i 1956 til fengsel i 3 år og 6 månader for valdtektsforsøk og vinningskriminalitet. I denne dommen fekk han i tillegg 5 års sikring.

Då saka var oppe i lagmannsretten i juni 1958, vart 71 vitne og 19 sakkunnige avhøyrde. I saksførehavinga kom det fram at eit vitne som kjende Torgersen godt frå før, var sikker på at han kom ut av ein port i Skippergata om lag klokka 00.55 den 7. desember 1957 og at han hadde med seg ein sykkel. Det er òg på det reine at Torgersen vart pågripen ca. 500 meter unna, i Havnegata ved Østbanestasjonen, klokka 00.58 av to polititenestemenn som kjende han godt før og som no mistenkte han for å ha stole sykkelen.

Provførsla frå påtalemakta gjekk ut på å knyta Torgersen til åstaden gjennom tekniske prov, som Eskeland i TV 8. desember karakteriserte som «fullstendig verdilause». Lat oss sjå nærare på dei.

Tannbìtet
Då dei obduserte drapsofferet om morgonen 7. desember, vart det påvist eit bìt i det eine brystet. Tannlækjar Ferdinand Strøm – den leiande rettsodontologen i Noreg den gongen – vart tilkalla, og han granska, fotograferte og skildra bìtmerka og tok det fyrste avtrykket av brystet. Dessutan granska han, og tok seinare avtrykk av, tennene til Torgersen. 28. april 1958 sa Strøm: «Ut fra et vitenskapelig syn er det etter min oppfatning overveiende sannsynlig at bittmerket i brystet til Rigmor Johnsen skriver seg fra mistenkte. Ut fra min personlige erfaring anser jeg bitemerket til den drepte å være identisk med Fredrik Ludvig Fasting Torgersens.»

Professor Wærhaug gjekk så i gang med ei sjølvstendig vurdering av materialet til Strøm – utan å vera kjend med konklusjonen hans – og konkluderte slik: «Bittsporene kan med en til visshet grensende sannsynlighet sies å være etterlatt av Fredrik Ludvig Fasting Torgersen.»

I samband med kravet om gjenopptaking av saka i 1973 vart professor i oral patologi Gisle Bang oppnemnd som ny sakkunnig for å gjera nye samanlikningar. Det gjorde han med nye hjelpemiddel som då fanst, m.a. scanning, elektron-mikroskopi og karteringar, som er om lag det same som å laga kart av spor og tenner. Dei steroskopiske bileta som Bang laga, viste for to av bìtmerka og dei to midtre fortennene i underkjaken «overbevisende korrelasjon mellom detaljer i bittmerker og på tennenes skjærekanter». Bang heldt oppe konklusjonen til Strøm og Wærhaug.

I 1998 vart professor i oral patologi i Glasgow Gordon MacDonald og professor David Whittaker frå Cardiff oppnemnde. Dei er karakteriserte som dei mest røynde tannsporekspertane i Europa. Dei konkluderte med at Torgersen ikkje kan utelatast, og dei nytta uttrykket «very likely» om kor sannsynleg det er at Torgersen var den som hadde bite. I terminologien til desse sakkunnige tyder «mest sannsynleg» noko mellom «mest sannsynleg» og «i realiteten sikkert». Den fremste eksperten i Noreg i dag, professor Tore Solheim, har i eit notat til kommisjonen dagsett 21. mars 2006 konkludert med at det «foreligger ingen uforklarlige uoverensstemmelser mellom bittspor og Fredrik Fasting Torgersens tenner. På grunnlag av de sammenfallende detaljer mener jeg at sporet etter all sannsynlighet er satt av Torgersens tenner.» Han har elles halde fram at «tannbittbeviset i Torgersen-saken står vesentlig sterkere i dag enn i 1958 på grunn av inngående videre studier og utnyttelse av nyere teknikker».

Avføringsprovet
Liket var sterkt tilgrisa nedantil med avføring, noko som er vanleg ved kveling. På Torgersen vart det ved arrestasjonen funne avføring på skor, i venstre bukselomme og på ei fyrstikkøskje. Det vart oppnemnt sakkunnige til å jamføra funna på Torgersen med avføringa til avlidne. Dei sakkunnige, dr. Valentin Fürst, professor Henrik Pritz og professor i botanikk Ove Arbo Høeg, undersøkte avføringa. Det same gjorde professor ved Veterinærrettsmedisinsk institutt, C. S. Aaser.

Det er på det reine at avlidne hadde ete ertesuppe til middag torsdag 5. desember. Konklusjonen til dei sakkunnige var at det var likskap i «mengdeforhold og anordning av noen karakteristiske planteceller (angivelig pallisadeceller fra erter eller bønner)». Pritz gav uttrykk for at prøvene var «fullstendig like». Kjæremålsutvalet i Høgsterett – og kommisjonen – har peika på at det ikkje er kome fram noko nytt på dette punktet.

Barnålsprovet
I dressen som Torgersen hadde hatt på seg om kvelden 6. desember, vart det funne fem barnåler, ei i oppbretten på venstre buksebein, tre i høgre oppbrett og éi i høgre innerlomme. Det vart òg funne barnåler i kjellaren der liket vart funne. Dei skreiv seg frå eit joletre som gjerningsmannen hadde nytta då han freista å setja fyr på kjellaren.

Professor Pritz skildra særmerka til nålene og slutta at det var «hevet over enhver tvil at samtlige fem nåler som er funnet på siktedes klær, alle er av samme type og at de i enhver henseende stemmer med nålene fra kjelleren. I en blanding vil det være helt umulig å holde dem fra hverandre.» Same konklusjon kom professor ved Det norske skogforsøksvesen Elias Mork til.

Andre tilhøve
I avgjerda si har kommisjonen òg drege fram fleire andre tilhøve som ikkje styrkjer truverdet til Torgersen. Dei har peika på at han har mangla vilje til å hjelpa til å oppklara saka, m.a. har han nekta å gje prøve til ein DNA-analyse som kan jamførast med hår som politiet meiner vart funne på kåpa til offeret. Torgersen har òg vedgått i ettertid at han laug under rettssaka då han peika ut ei namngjeven kvinne som den ukjende Gerd som skal ha gjeve han alibi den aktuelle kvelden.

Etter sikker norsk straffeprosess skal det gjerast ei heilskapsvurdering av materialet som ligg føre – og ikkje ei teoretisk og oppkonstruert, isolert vurdering av kvart einskilt prov, slik fråsegnene frå Torgersen la opp til.

Kommisjonen har faktisk teke standpunkt til kvart einskilt prov og vurdert kor langt desse innvendingane kunne føra fram. Men ingen av desse punkta har svekt heilskapsvurderinga. Kommisjonen har uttala seg så klart at vilkåra for gjenopptaking etter dei mindre strenge reglane som gjeld i dag, heller ikkje er oppfylte.

Grundige avgjerder
Før kommisjonen tok avgjerd i saka, var det bygt opp eit forventningspress, m.a. i somme presseorgan, om at kommisjonen måtte seia ja til gjenopptaking. Ei slik von var likevel bygd på sandgrunn, fordi dei svært grundige avgjerdene i både Borgarting lagmannsrett 18. august 2000 og kjæremålsutvalet til Høgsterett 28. november 2001 ikkje etterlét nokon tvil om kva som var realiteten i saka.

Eg har stussa over at ei rad personar, både ved Universitetet i Oslo (den såkalla «Torgersen-gruppa») og kulturmedarbeidarar, har hatt skråsikre oppfatningar i denne saka. Har nokon i den siste kategorien i det heile lese dommen i straffesaka, som er innteken i Norsk Retstidende 1958 s. 110 f., eller den særs utførlege rettsavgjerda frå kjæremålsutvalet i Norsk Retstidende 2001 s. 1521–67? Neppe. Det kan synast som om dette òg gjeld fleire journalistar i Aftenposten som i mange år har engasjert seg – nokså ukritisk til dei mange utspela som er komne frå Torgersen og støttespelarane hans.

Men universitetslærarar har her gått fram som om dei var blinde, jamvel for dei enklaste kjensgjerningar. I studiet freistar ein å læra studentane å visa godt skjøn, men til det har ikkje lærekreftene vore noko godt føredøme i denne saka. Ein må undrast når ein professor seier at han har bruka fem år på denne saka. På kva annan arbeidsplass i Noreg kan ein nytta arbeidstida til eit slikt gjeremål?

Prestisjen til kommisjonen har stige med denne dommen – i alle fall hjå dei som har sett seg inn i saka og lese dokumenta og dei tidlegare avgjerdene. Ved eit evt. ja til gjenopptaking ville ein i fagmiljøet sett spørjeteikn ved evna til provvurdering hjå kommisjonen. Avgjerda tener difor kommisjonen til heider.

Denne saka har no vore freista gjenoppteken ved domstolane ei rad gonger. Fyrste gong var alt i november 1958, men i juli 1959 melde Torgersen frå om at kravsmålet ikkje skulle takast opp før han gav ny melding, noko han ikkje gjorde.

I 1973 vart saka freista gjenoppteken, og det same hende i 1997 – båe med negativt utfall for Torgersen. Han har i tidlege år hatt hjelp av ei rad framståande advokatar, m.a. Knut Blom, Tor Erling Staff og Alf Nordhus.

Kva no?
Formelt er avgjerda til kommisjonen eit forvaltningsvedtak, og det kan eventuelt prøvast ved domstolane. Einaste råda då er å prøva det faktumet som ligg til grunn for vedtaket. Det kan synast noko merkeleg at Oslo tingrett i så fall skal ta til på nytt, med høve for anke til lagmannsrett og så eventuelt til Høgsterett. Domstolane kan på si side berre gjera vedtaket i kommisjonen ugyldig – dei kan ikkje koma med pålegg om gjenopptaking. Sett på bakgrunn av det krystallklare vedtaket som ligg føre, og dei summane som alt er bruka av det offentlege for å få denne saka ferdigbehandla, der kvar ein stein er snudd, kan det i alle fall i framhaldet ikkje vera ei offentleg oppgåve å gje fri sakførsle i eit søksmål som prøver vedtaket i kommisjonen. På eit eller anna tidspunkt får nok vera nok.


Stein Husby er sorenskrivar på Kongsberg og tidlegare medlem av Straffelovsrådet.


Artikkelen over stod i Dag og Tid nr 50 2006. Husby får følgjande svar frå professor dr. juris Ståle Eskeland i nr 51:

Det er ingen grunn til å tvile på at dommen mot Torgersen er riktig, skriver sorenskriver Stein Husby i Dag og Tids kronikk 15. desember 2006. Han går gjennom de tekniske bevisene som felte Torgersen i 1958 og gjengir sakkyndige som senere har uttalt seg i samme retning. Det er greit.

Det som ikke er greit, er at Husby ikke forteller leserne at det i dag er et faktum at bevisene ble feiltolket. De har ingen bevisverdi. Det er udiskutabelt. Jeg skal forklare hvorfor:

For å kunne svare på et hvilket som helst spørsmål om hva som er skjedd i fortiden, må man ha metoder som gjør det mulig. Uten metoder, intet svar.

Det er et faktum at de sakkyndige i 1958 verken hadde metoder eller brukte metoder som gjorde det mulig å svare på om overflatisk likhet mellom spor på åstedet/offer (barnåler, avføring og bittspor) og spor på Torgersen (fem barnåler, en knøttliten avføringsrest på hans sko og Torgersens tenner) kunne underbygge om det var noen sammenheng. Altså kunne de ikke gi svar.

Likevel sa de sakkyndige i 1958 at det var nær 100 prosent sikkert at overflatiske likheter viste at Torgersen var skyldig. Det var altså feil.

Det var de tekniske bevisene som felte Torgersen i 1958. Husby skriver at det skal gjøres en «heilskapsvurdering» av alle bevisene i saken. Ja, selvsagt. Men verdiløse bevis får ingen verdi ved at de ses i sammenheng med andre bevis.

Husby er i «godt selskap», bl.a. med Høyesterett som to ganger har avslått Torgersens gjenopptakelsesbegjæring og nå også med Gjenopptakelseskommisjonen. De tekniske bevisene får ikke verdi av den grunn. For heller ikke Høyesterett og Gjenopptakelseskommisjonen kan finne ut noe som helst uten metoder som gjør det mulig. Det finnes selvsagt ingen egen juridisk metode for å finne ut hva som faktisk er skjedd i fortiden. Det er derfor sakkyndige brukes i retten. Men også sakkyndige kan ta feil. Det gjorde de bl.a. i Liland-saken, i Fritz Moen-sakene og i ca. 30 incestsaker som er blitt gjenopptatt de senere år. Mange liv er lagt i grus gjennom disse justismordene.

I et brev 18. desember 2006 skrev ti fremstående vitenskapsmenn, som alle har inngående kjennskap til minst ett av de tre tekniske bevisene i Torgersen-saken, brev til Gjenopptakelseskommisjonen. De var urolige for at bl.a. påtalemyndigheten offentlig hevdet at de tekniske bevisene knytter Torgersen til drapet. Brevet slutter slik:

«Det er smertefullt å måtte erkjenne at det i vitenskapens navn ble begått elementære og alvorlige feil i Torgersen-saken i 1958. Det er like fullt vår plikt som samfunnsengasjerte fagpersoner å presisere at det er hevet over enhver rasjonell tvil at det var nettopp dette som dessverre skjedde.»

Også i Torgersen-saken tok altså de sakkyndige feil i 1958. Det er ufattelig at Gjenopptakelseskommisjonen ikke tar konsekvensen av en slik kategorisk uttalelse. Det er også ufattelig at Gjenopptakelseskommisjonen ikke tar hensyn til uttalelser fra Den rettsmedisinske kommisjon med samme konklusjon.

Det er krenkende at sorenskriver Husby underslår de nye sakkyndiges uttalelser og uttalelsene fra Den rettsmedisinske kommisjon. Det er straffbart for en dommer å jukse med bevis i en straffesak som han administrerer. Denne gangen opptrer Husby som debattant. Da er det ikke straffbart å jukse. Men juks er det, like fullt.

Jeg kommer nettopp fra en prisutdeling. Tore Sandberg fikk Olav Selvaag-prisen 2006 på kr 400.000 for sitt utrettelige arbeid for å få renvasket folk som med urette er dømt for drap og grove sedelighetsforbrytelser. Han har møtt den samme motstand fra systemets våpendragere som vi som forsøker å få Torgersen-saken gjenopptatt, slåss mot. Olav Selvaag kjempet hele sitt liv mot fordommer. Han ble hånet og uthengt for det. Under prisseremonien kom det frem at Selvaag en gang skrev et avisinnlegg med følgende overskrift: «Feilen er at jeg har rett». Jeg vet at noen vil bruke mot meg at jeg gjør Selvaags ord til mine, men gjør det likevel: Feilen er at vi som hevder at Torgersen er uskyldig, har rett. Før eller siden vil vi også få rett.

«Nok er nok», skriver Husby. Nei, en slik bevisvurdering som Gjenopptakelseskommisjonen har gått god for, og som vi nå har fått sorenskriver Husbys ord for at er helt i orden, kan vi ikke ha i det norske rettssystemet. Neste gang kan denne «galskapen», som professor Brandtzæg kaller det, ramme Husby, meg selv eller hvem som helst, under uheldige omstendigheter.

Ståle Eskeland,
professor dr. juris




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake