Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Offentleg forsking er ei privat pengemaskin

Av Per Anders Todal
,  21.12.06


Foto: Per Anders Todal
Forlagene melker universitetene, heitte det i siste nummer av bladet Apollon, utgjeve av Universitetet i Oslo. Det er dekning for tittelen: Internasjonale forlag krev skyhøge abonnementsprisar for akademiske tidsskrift som særleg universiteta er heilt avhengige av, dersom forskarane deira skal halde seg oppdaterte i faga sine. Dei dyraste tidsskrifta kan koste over 100.000 kroner året i elektronisk abonnement. Universitetet i Oslo betaler i år 36 millionar kroner for elektroniske tidsskrift, og prisen stig stadig.

Det er monopolisering av kunnskap som lèt storforlag som Reed Elsevier, Springer og Blackwell krevje slike summar. Rettane til dei mest sentrale vitskaplege tidsskrifta er ei eksklusiv vare som dei kan krevje nesten kva pris som helst for.

Men det mest forbløffande med denne utpressinga, er at forlaga sjølve bidreg med så lite av verdiskapinga. Kunnskapen i tidsskrifta er i hovudsak forska fram av offentleg tilsette vitskapsfolk, og kvaliteten på studiane der er kontrollerte av offentleg tilsette vitskapsfolk. Men desse har berre statsløna si: Den økonomiske vinsten tek forlaga, som sel kunnskapen svinedyrt attende til dei institusjonane som skapte han i første omgang.

Dikterer prisen
– Dei elektroniske tidsskriftabonnementa kostar oss meir og meir, fortel Ole G. Evensen, sjef for tilvekstavdelinga ved Universitetsbiblioteket i Bergen.

– I neste års budsjett er kostnadene nærare 24 millionar kroner, av totalt 32,5 millionar til medieinnkjøp. Det finst tidsskrift som kostar over 100.000 kroner i året. Og tidsskrifta for realfag og medisin er utan samanlikning dei dyraste.

Det er ingen tvil om kven som er den sterke parten når abonnementsprisen blir fastsett, fortel Evensen. Det sjølv om norske fagbibliotek forhandlar kollektivt.

– Vi har lisensforhandlingar med dei, men «forhandlingar» kan du setje i hermeteikn. Vi har ikkje mykje vi skulle ha sagt når dei set prisen, seier Evensen.

– Vi på biblioteka sit berre og betaler. Forskarane kjenner gjerne ikkje mekanismane, dei ser at dei får tidsskrifta tilgjengelege, men veit ikkje kva dei kostar.

Det er først dei siste tiåra at desse forlaga er blitt så mektige, fortel Evensen. Tidlegare hadde universiteta eigne publiseringskanalar og eigne forlag, av typen Oxford University Press. Så vart publiseringa sett ut til profesjonelle. På 80-talet tok dei store kapitalinteressene til å kome inn på eigarsida, og prisstiginga tok heilt av.

– Vi ser òg ei monopolisering på eigarsida hos utgjevarane. Og kvar gong nokon blir kjøpt opp, er det vi brukarane som får kostnaden. Det er snart berre ei handfull store utgjevarar att, med Reed Elsevier som den utan samanlikning største.

Privat profitt
– Det aller meste av kunnskapen i tidsskrifta er skaffa med offentlege midlar. Likevel er det private forlag som skummar det økonomiske overskotet?

– Det er veldig rart. Men dette er stor business, og det er mektige folk som står bak. Når sjefane i eit selskap som Reed Elsevier kan ta ut 15 millionar kroner i løn, fortel det at noko er totalt feil, seier Evensen.

– Kva konsekvensar får tidsskriftutgiftene for dei akademiske biblioteka?
– Det gjev fleire uheldige verknader. Innanfor medisin og naturvitskap blir det svært lite pengar att til å kjøpe inn bøker, så vi får ikkje dei boksamlingane vi burde ha. Samlingane blir forelda. Med meir normal prisutvikling på tidsskrift ville vi brukt mykje meir på bøker.

Norske universitet har likevel så vidt råd til å betale for tidsskrifta. Verre utslag får prisane i fattige land, påpeikar Evensen.

– Forskarar i land i den tredje verda får problem, fordi dei ikkje kan betale for dei dyre tidsskrifta. Dei blir dermed utestengde frå mykje av den vitskaplege verda. For dei vert bøker og konferansar den viktigaste informasjonskjelda.

Fri tilgang
Kanskje er det likevel grunn for dei mektige forlaga til å vere nervøse. For rundt i verda veks oppslutnaden om såkalla open access-publisering, der forsking blir gjord tilgjengeleg for ålmenta – gratis. Rune Nilsen er ein av forkjemparane for slik open publisering i Noreg. Han er professor i internasjonal helse ved Universitetet i Bergen, og gløder for emnet.

– Kvalitetssikra kunnskap skal vere eit allment, globalt gode! Kunnskap har gjennom historia alltid vore tilgjengeleg gjennom vitskaplege nettverk – inntil dei aller siste tiåra, når marknadstenkinga har kome inn på feltet. Men forsking må brukast, og forsking må vere tilgjengeleg, seier Nilsen.

Det er omsider ei rørsle i rett lei, både internasjonalt og her i Noreg, meiner Nilsen. Han skisserer to hovudmåtar å bryte monopolet til storforlaga på:

– Vi kan for det første publisere gjennom forlag og tidsskrift som legg alt ut ope på nettet, såkalla open access-tidsskrift. For det andre kan institusjonane lage sine eigne, opne publikasjonsarkiv for arbeid av forskarane sine. Dette er ikkje vanskeleg. Men dette er i utgangspunktet eit leiingsansvar, og på leiarnivå har vi nok lenge vore medvitslause om dette.

– Kan ikkje den kvalitetssikringa dei store forlaga står for, til ein viss grad forklare den høge prisen dei tek for tidsskrifta?
– Nei. Kvalitetssikringa er gjord på dugnad i fagmiljøa. Og det er ingen skilnad på den kontrollen som skjer i dei råkapitalistiske tidsskrifta og i open access-tidsskrifta. Det blir gjort skikkelege redaksjonelle jobbar begge stader, seier Nilsen. Han ser dette som ei svært viktig prinsipiell sak.

– Kan vi som forskarar godta at arbeidet vårt blir gjort utilgjengeleg for ålmenta? Vi treng ein ny generasjon forskarar som skjønar omfanget av dette problemet, og leiarar som ser verdien av allmen tilgang til kunnskap.

Dessverre tener det nye kredittsystemet for forsking i Noreg til å favorisere dyre, ofte amerikanske tidsskrift, meiner Rune Nilsen.

– Forskarar blir slik meritterte for å publisere i dei kommersielle, dyre tidsskrifta, men ikkje for å spreie kunnskapen sin i allmenta. Det manglar ofte vilje til å tenkje institusjonelt, og sjå kunnskap som eit allment gode.

Også Ole G. Evensen meiner meritteringssystema og haldningane til forskarane er med å styrkje makta til storforlaga.

– Vi på biblioteksida betaler for å gjere informasjon tilgjengeleg for folk. Men forskarane vil helst publisere der det er mest meritterande. Det finst mange fagfellevurderte tidsskrift internasjonalt som gjev fri tilgang til vitskapleg materiale. Men det er jo meir stas å bli publisert i Nature, seier Evensen.

Han har lita tru på at forlaga vil redusere prisane sine.

– Men universiteta kan krevje at arbeid av deira forskarar skal vere tilgjengelege i deira eigne databasar. Forskarane sjølve kan òg krevje rett til å gjere artiklane sine tilgjengelege, etter at dei har stått i eit tidsskrift, seier Ole G. Evensen.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake