Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Tendensiøst frå Aftenpostens mann i Rio

Av Per Anders Todal
,  15.12.06


5. desember stod det ein underleg artikkel på trykk i Aftenposten, signert Arne Halvorsen, fast frilansar i Latin-Amerika. Temaet var valet i Venezuela. «Chávez i revers», var tittelen. Ein kunne tru det tydde at president Hugo Chávez hadde tapt valet og måtte trekkje seg, og at politikken hans no vart reversert? Men neida – Chávez vann valet, med over 20 prosentpoengs margin til utfordrar Manuel Rosales.

Journalist Halvorsen, som dekte valet i Venezuela frå Rio de Janeiro i Brasil, var berre ikkje særleg interessert i utfallet av valet. Han hadde ein annan dagsorden: Å syne at makta og påverknaden til Hugo Chávez no er på hell. Men den framstillinga Halvorsen her gav av situasjonen i Venezuela og Latin-Amerika, var så tendensiøs og forvrengd at ho er ein studie verd. Her kjem eit enkelt forsøk på ein slik studie. Sitata frå Halvorsen er nummererte og sette i kursiv.

«Slitasje»
1. «Hugo Chávez vant valget i Venezuela, men utfordres nå av en samlet opposisjon», skriv Arne Halvorsen. Men det var ein samla opposisjon som utfordra Chávez i valet – og tapte. Om opposisjonen i Venezuela blir verande samla i åra som kjem, veit verken Arne Halvorsen eller andre.

2. «(...) allerede i dag merkes det tegn på slitasje. Det er bare et par dager siden Cubas sterke mann, Raúl Castro, strakte ut en forsonende hånd til USAs president George W. Bush.»

Logikken verkar mildt sagt underleg. Er dette eit teikn på Chávez-slitasje, eller på Castro-slitasje? Formuleringa «allerede i dag» er i seg sjølv pussig. At nokon vinn ein storsiger i eit val i Latin-Amerika etter å ha vore president i åtte år – det kunne fortene meir analyse.

3. «Det begynner å murre i hans egne politiske rekker på hjemmebane. Ennå er ikke murringen spesielt høylytt, men kritikken ligger der tydelig nok.» Så lenge Halvorsen ikkje kjem med eit einaste døme på denne «tydelige» kritikken som «ligger der», blir det berre hans påstand. Om ein skal døme etter dekninga av valkampen i Venezuela i andre medium, verka oppslutnaden i dei «politiske rekkene» til Chávez solid nok.

Ei absurd liste
4. «I år har Chile, Brasil, Mexico, Peru og Colombia valgt presidenter som alle er kritiske til president Chávez.»

I denne opplistinga tek Arne Halvorsen verkeleg steget ut i meiningsløysa. Dette skal vel lyde som om land etter land har kasta Chávez-venlege leiarar og valt nye og Chávez-kritiske. Men Bachelet i Chile er ein moderat sosialist som forgjengaren sin, og utmerkjer seg ikkje som spesielt negativ til Chávez. Lula vart attvald i Brasil, og står på god fot med Chávez – inga endring der. I Mexico vart ein høgresidepresident avløyst av ein ny, inga nemneverdig endring i forholdet til Chávez. I Colombia vart Uribe attvald, inga endring der.

Den nyvalde Alan Garcia i Peru er slett ingen Chávez-ven, etter å ha blitt æreskjelt av han heile valkampen. Men forgjengar Alejandro Toledo stod enda lenger frå Chávez politisk enn Garcia gjer. Ikkje noka nemneverdig endring der heller.

I opplistinga si utelèt Arne Halvorsen sigeren til sosialisten Rafael Correa i valet i Ecuador i haust, sigeren til Daniel Ortega i Nicaragua og sigeren til Chávez-venen Morales i Bolivia i fjor haust. Om ein ser vala i Latin-Amerika det siste året i heilskap, er det no fleire, ikkje færre Chávez-venlege statsleiarar i Latin-Amerika enn før. Framstillinga til Halvorsen er feil. Og påstanden i ingressen, om at Chávez «mister politisk innflytelse i Latin-Amerika», er utan dekning.

5. «Lula har planer om å fravriste Chávez hegemoniet som Latin-Amerikas leder», skriv Halvorsen. Da må eg spørje: Har Lula sagt dette? Offentleg? Eller i ein privatsamtale med Halvorsen? I så fall ei oppsiktsvekkjande nyheit, som burde blitt slått stort opp. «Hegemoniet som Latin-Amerikas leder» er òg ein merkeleg karakteristikk. Som Halvorsen jo peikar på, er det ei rekkje statsleiarar i Latin-Amerika som er skeptiske til Chávez. Korleis kan han da ha noko «hegemoni som Latin-Amerikas leder»?

6. «Daniel Ortega som nylig vant valget i Nicaragua, ønsker også tettere økonomisk og politisk samarbeid med USA. Dermed ofrer han nok den politiske støtten Hugo Chávez ønsker å gi Nicaragua.» Så framt Arne Halvorsen ikkje er tankelesar, må dette kallast spekulasjon.

7. «Nå er det dessuten tegn på at president Evo Morales i Bolivia, som betraktes som en disippel av Chávez, begynner å vakle. Mange tror at Morales ønsker en tettere forbindelse til Lula og Brasil.» Igjen denne lause spekulasjonen. Kva tyder det at Morales «vaklar»? Og skulle det å byggje tettare samband til Brasil utelukke å halde på alliansen med Chávez? Alle desse tre statsleiarane har jamleg kontakt med kvarandre.

8. «Stadig flere latinamerikanske ledere innser at USA er viktig, ikke minst med tanke på økonomisk utvikling.»

Ei bisarr setning. Har det vore nokon statsleiar i Latin-Amerika dei siste 100 åra som ikkje innsåg at USA var viktig? Men det interessante som har skjedd dei siste åra, er jo nett at Latin-Amerika har blitt mindre avhengig av Washington enn før.

9. «Foreløpig har USA kun to land på svartelisten – Venezuela og Cuba», skriv Halvorsen. Å likestille desse to landa som «svartelista» av USA er meiningslaust. Cuba har vore boikotta av USA i ein mannsalder. Venezuela har, trass i alle retoriske feidar, stort samkvem med USA. Landet leverer i år 12 prosent av oljen USA treng, og samhandelen er veksande.

Tvilsam kjeldebruk
Det er i sanning eit merkeleg stykke journalistisk handverk Arne Halvorsen har levert her, ikkje minst når det gjeld kjeldebruk. Dels er han tankelesar og veit kva Chávez, Ortega, Lula og Morales eigentleg tenkjer inni seg. Dels tyr han til anonyme, diffuse kjelder og referansar: «Det begynner å murre», «mange tror», «stadig flere».

I heile teksten er det berre to siterte kjelder som skal underbyggje påstanden om at Chávez er svekt: Carlos Urrutia, rådgjevar for president Garcia i Peru, og statssekretær Nicholas Burns i UD i USA. To talsmenn for politiske motstandarar av Chávez, altså.

Etter å ha lese denne artikkelen gjekk eg gjennom nokre fleire av dei mange artiklane Arne Halvorsen har skrive om Venezuela dei siste åra. Og den tendensiøse framstillinga og det tynne og skeive kjeldeutvalet er regelen meir enn unnataket. Da president Chávez oppretta eit nasjonalt oljefond, kalla Halvorsen det «hans eget private oljefond», som om pengane gjekk i lomma til presidenten. Når oljeinntekter blir brukte på sosiale tiltak i Venezuela, skriv Halvorsen at Chávez «tapper det statlige oljeselskapet» og «bruker pengene i valgkampen». At presidenten har eit fleirtal bak seg i Kongressen og har «kontroll med de væpnede styrkene» blir for Halvorsen teikn på totalitære tendensar. Chávez blir kalla ein «folkevalgt diktator», medan Aftenposten i 2002 omtalte kuppmakaren Pedro Carmona som ein «balansert problemløser».

Nesten alle Venezuela-artiklane til Halvorsen er laga frå Brasil. Han oppsøkjer sjeldan røyndomen i Venezuela, og kjeldegrunnlaget hans i landet verkar syltynt. I fem ulike artiklar frå dei siste to åra nyttar Halvorsen ein mann ved namn Robert Bottome – «en av Venezuelas fremste oljeanalytikere» – som hovudkjelde eller einaste kjelde, og kvar gong uttalar Bottome seg skarpt kritisk om Hugo Chávez. Er telefonnummeret til Bottome det einaste nummeret Halvorsen har i Caracas?

Til slutt: Det finst mange gode grunnar til å vurdere Hugo Chávez kritisk. Han har både populistiske og autoritære trekk, og han har skaffa seg ein heil del tvilsame «vener» i utlandet (til dømes folk som Lukasjenko i Kviterussland, Mugabe i Zimbabwe, Ahmadinejad i Iran og Castro på Cuba).

Men ikkje minst burde resultata av politikken til Chávez innanlands vurderast nøkternt – held han det han lovar? Byggjer han faktisk ein velferdsstat, driv han ei fornuftig omfordeling av rikdomen, eller kjøper han seg berre støtte ved å øydsle med oljepengane?

Dessverre er Arne Halvorsen si Venezuela-dekning ikkje sakleg kritikk bygd på undersøkingar av røyndomen. Det er spekulasjonar og synsing, og det er tendensiøst på grensa til propaganda. Ser Aftenposten seg tent med slik utanriksjournalistikk?

Per Anders Todal er
journalist i Dag og Tid




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake