Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kappløp om krillen

Av Per Anders Todal
,  15.12.06


Krillen kring Antarktis er sjølve fundamentet for økosystemet i Sørishavet: Det vesle krepsdyret er føde for fisk, sel, pingvinar og kval. Krillen finst i enorme mengder, og er av dei siste store biologiske ressursane i havet som ikkje har vore hausta i stor skala av menneske. Men det kan endre seg raskt. Fiskeoppdrettsnæringa i verda har eit skrikande behov for fôr til fiskeoppdrett. Dessutan er ein ny teknikk for krillfangst utvikla av Aker-konsernet: No skal krillen nærmast bli støvsuga om bord.

Forventningane til krillfangsten er store. Selskapet Aker Biomarine, som skal drive både fangst og foredling, blir av somme analytikarar verdsett til seks milliardar kroner. Av krillen vil Aker Biomarine produsere fiskefôr til oppdrettsnæringa, kosttilskot for menneske og kanskje farmasøytiske produkt. Selskapet har lisens til å fange 100.000 tonn krill med skipet «Saga Sea» i den sesongen som no er i gang, og ønskjer i framtida å hauste over dobbelt så mykje. Aker Biomarine har tinga eit nytt krillskip til nærare ein milliard kroner. Fleire andre norske selskap har òg meldt seg interesserte i krillressursane. Ervik Marine Services har til liks med Aker fått lisens til å fiske.

Sjølv om dei fleste forskarar meiner det er nok krill til alle i Antarktis, har det heva seg ein del åtvarande røyster blant miljøforkjemparar rundt i verda: Dei meiner krillfangsten er altfor dårleg regulert.

– Dårleg kontroll
– Kontrollen med krillfisket er i dag minimal. Vi ønskjer å sjå ein god, lokal kontroll med all krillfangst i Antarktis på plass innan 2008, seier Cliford Curtis på telefon frå Washington.

Curtis leier eit initiativ kalla Antarctic Krill Conservation Project – eit prosjekt for bevaring av krillbestanden, starta og finansiert av den velgjerande Pew-stiftinga i USA. Og nett krillplanane til Aker Biomarine var ein hovudgrunn til at prosjektet hans vart starta, fortel Curtis.

– Den nye teknologien til Aker, som skal gjere det mogleg for eitt skip å fange 120.000 tonn krill på ein sesong, var ein grunn til at vi tok dette initiativet. Den andre grunnen var at krill blir stadig meir brukt som fôr i fiskeoppdrett, og det kan bli eit trugsmål mot bestanden.

Den årlege krillfangsten i Antarktis er i dag berre kring 100.000 tonn, som er lite i høve til den totale bestanden. Det internasjonale organet CCMLAR, som regulerer fiske og fangst i Antarktis, tillèt eit uttak av opptil 4,9 millionar tonn krill. Om det blir hausta meir enn 620.000 tonn i eitt område, skal ein ta grep for å sikre at fangsten blir geografisk fordelt. Det finst ingen nasjonale kvotar, så her er det om å gjere å vere først til mølla. Cliford Curtis vedgår at krillbestanden slett ikkje er i noka krise i dag.

– Det stemmer at ein i dag fangar berre ein liten del av krillbestanden. Men med det sårbare økosystemet i Antarktis er det ekstremt viktig å vere føre var. Vi synest ikkje eingong at uttaket bør kome opp i 620.000 tonn, så lenge det ikkje er skikkelege kontrollmekanismar på plass.

Curtis viser til at krillbestanden alt kan vere dramatisk redusert på grunn av klimaendringar, slik ein britisk studie frå 2004 tyder på.

– Det kan òg skje at bestanden i einskilde område blir overfiska, med store følgjer for dyrelivet lokalt. Da er det ikkje så viktig kor mange prosent av den totale krillbestanden ein tek ut.

Den store, internasjonale interessa for krillfangsten i Antarktis er ei kjelde til uro for Curtis.

– Det hastar å få på plass eit skikkeleg kontrollregime. Mange store aktørar er klare til å gå inn i dette fisket.

Ikkje uroleg
– Eg ser ikkje grunn til å vere særleg uroleg for krillbestanden i dag, seier Svein Iversen. Han er forskar ved Havforskingsinstituttet, og norsk representant i CCMLAR.

– Har ein i dag nok kunnskap om krillbestanden til å seie kva som er eit fornuftig uttak?
– Vi meiner grensa ved 620.000 tonn er i tråd med føre-var-prinsippet. Men vi har langt mindre datagrunnlag her enn for til dømes fiskestammar i Nordsjøen. Det kan vere problematisk å auke fangsten på ein art langt nede i næringskjeda. Men vi meiner det er tilstrekkeleg med krill til å fiske på.

– Ein britisk studie hevdar at krillbestanden er redusert med 80 prosent på 30 år, grunna klimaendringar?
– Det finst mange spekulasjonar om storleiken på bestanden. Estimata for heile Antarktis varierer frå 100 millionar tonn til 500 millionar tonn, seier Iversen.

– Bør følgje med
– Det er ikkje så stor grunn til uro for krillen slik ting ser ut no. Det blir ikkje teke ut svært store volum i dag eller dei næraste åra, seier Gunnar Album ved Barentshavkontoret til Naturvernforbundet.

– Men det er to ting å vere merksam på. Det eine er at forvaltningssystemet er ganske grovmaska, og kvotane dekkjer svært store område. Så sjølv om ein haustar lite krill i høve til totalbestanden, kan det bli eit problem om ein tek ut for mykje lokalt, seier Album.

– Det andre er at oppdrettsnæringa i verda nærmar seg taket for kor mykje fiskeolje og mjøl ein klarer produsere. Ein kan ikkje rekne med å få særleg mykje meir ut av bestandane av dei fiskeslaga ein haustar av i dag. Difor er krill i ferd med å bli meir interessant som råstoff for fôrproduksjon. Det er grunn til å følgje godt med, og få eit kontrollregime på plass før det blir mykje press på krillen.

Les fleire saker om dette emnet i papirutgåva



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake