Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Resirkulerte mytar om målrørsla

Av Ragnhild Bjørge
,  08.12.06


Etter å ha lese det Vinje skriv, sit lesaren nok ein gong att med inntrykket av at målfolket var nazistar under den andre verdskrigen, utan at ein heilt forstår korleis forfattaren kom fram til konklusjonen. Dette trass i at pamfletten vert introdusert som fasiten på det som hende, og ikkje som eit polemisk debattinnlegg.

Ein skal vera varsam med å spekulera i motiva til folk. Men eg spør meg likevel kvifor Vinje hiv seg på mytereproduksjonskarusellen om målrørsla og krigen. Måten han ymtar om moglege koplingar mellom målfolk og NS, måten han tek sitat og kjelder ut av samanhengar og set dei saman att, fører oss ikkje nærare sanninga om målrørsla og den andre verdskrigen. Det byggjer einast oppunder myten om ei kopling mellom målrørsla og NS, ein myte Finn-Erik Vinje og Hans Fredrik Dahl av ein eller annan uuttala grunn ynskjer å halda i live.

Målsynet til føraren
Kva er so dette «tankeuniverset» som Finn Erik Vinje hevdar NS og målrørsla skulle ha hatt felles?

I pamfletten sin nyttar Vinje ein artikkel i Norsk Tidend frå 5. mai 1946 til å underbyggja at Quisling og Nasjonal Samling var målvenlege. Dette gjer han med å ta setninga «Quisling ville gjere nynorsken til einaste riksmål i landet, berre nynorsken vart lagt nærare gamalnorsken» ut av samanhengen og nyttar det som prov på målsynet til føraren. Dersom ein les heile teksten og kanskje til og med samanhengen teksten står i, vil ein sjå at Falk her fortel om korleis NS-folk freista å omvenda han og avisa ved å koma med tomme lovnader, og teksten er skriven som del av eit ordskifte om kvifor Norsk Tidend ikkje la seg ned då krigen kom. Falk var aktiv Heimefront-mann og redaksjonslokala til Norsk Tidend vart nytta som illegal distribusjonssentral for nyhende og naudhjelpspengar til journalistfamiliar.

Ikkje overraskande
Skal ein finna ut om og eventuelt i kva grad Quisling og NS var målvenlege, må ein sjå på kva dei faktisk gjorde. Vinje har gjort dette – til ein viss grad. Han skriv at Kultur- og folkeopplysningsminister Lunde var målvenleg og nytta nynorsk ved ulike høve. Det stemmer at Lunde skreiv nynorsk i nazi-målbladet Nordmannen og at han heldt tale for det nazifiserte Noregs Ungdomslag hausten 1942 på ein slags Aasen-normal. At den mannen NS sette inn som øvste sjef for samskipnaden etter tvangsnazifiseringa i 1942, for skams skuld nyttar nynorsk andsynes målorganisasjonane, kan vel knapt kallast overraskande.

Men Arne Tjelle syner i hovudoppgåva si frå 1994, om rettskrivingsendringa av 1941, at NS ikkje brydde seg stort om språksaka i det heile. Quisling sjølv skreiv eit konservativt bokmål heilt til slutten, med former som mig og sig og der finn ein korkje spor etter nynorsk eller tilnærming. Den vedtekne politikken til NS var ein slags stønad til samnorsklina, og i rettskrivinga av 1941 kan ein på nokre område sjå at bokmålet vert endra noko mot nynorsk, på andre område ikkje. For nynorsken sin del vart det ikkje gjort store endringar i høve til 38-rettskrivinga. NS skil seg frå det dei historisk-nasjonalt-argumenterande målfolka i mellomkrigstida stod for: Dei ønskte ikkje noka tilnærming mellom målformene. Og ikkje minst stod NS på ein diametralt motsett ideologisk plattform frå målrørsla sin.

Bonden som målestokk
Ein måte å forstå kva som skil NS og norskdomsrørsla, er å sjå på skiljet mellom det May-Brith Ohman Nielsen kallar bondepartinasjonalismen og venstrenasjonalismen. Den fyrste retninga byggjer på idealiseringa av bonden frå åra etter den fyrste verdskrigen, kombinert med politisk konservatisme. Bonden vart sett opp som målestokk på kva som var godt for landet, og slike grunnhaldningar gjorde det freistande å skuva vekk det demokratiske systemet når det ikkje tente som reiskap for bondekampen. I tråd med fascistiske idear var det denne nasjonalismen NS appellerte til.

Sjølvstyre
Den andre retninga, venstrenasjonalismen, sette opp verdiar som demokrati, nasjonalt sjølvstende og lokalt sjølvstyre som overordna verdiar. Og etter Nielsen finn ein hovudtyngda av dei motkulturelle rørslene i den siste kategorien – «i fremste rekke målbevegelsen, de frilyndte ungdomslagene og folkehøgskolebevegelsen». Når korkje ideologien til NS eller handlingane deira kunne gå saman med den venstrenasjonale tankegangen, forklarer det kvifor NS ikkje nådde gjennom til den venstrenasjonale målrørsla.

NS, høgnorsken og riksmålet vert presentert som fasiten i kjølvatnet av Brennbart-ordskiftet frå 2004. Men å halda liv i ein myte gjer han framleis ikkje til sanning. Kanskje er det tid for å stogga karusellen no, Vinje?

Ragnhild Bjørge har nyleg levert ei masteroppgåve om tilhøvet målrørsla hadde til Nasjonal Samling.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake