Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Det er langt mellom Elisabeth og Eli

Av John Peter Collett
,  08.12.06


BIOGRAFIAR
Elisabeth Skarsbø Moen:
Profet i eget land. Historien om Carl I. Hagen
Gyldendal

Eli Hagen:
Gift med Carl. Elskerinne sekretær og hustru
Giga forlag

Frå ein turbulent start som Anders Langes Parti i 1972 og gjennom mange bråe kast seinare har Framstegspartiet gjennom 33 år bygt seg opp til å samla ein oppslutnad på 22,1 prosent av veljarane ved stortingsvalet i 2005, som det nest største partiet i landet. Inga anna politisk rørsle enn Arbeidarpartiet har oppnådd noko tilsvarande gjennom det siste hundreåret. Når formannen gjennom 27 av desse åra, Carl Ivar Hagen, har drege seg attende, er det god grunn til å skriva bok. I år har vi fått to. VG-journalisten Elisabeth har gjeve ut ein «uautorisert biografi» om Hagen som Profet i eget land. Kona og medarbeidaren Eli har skrive boka Gift med Carl.

Elisabeth er profesjonisten. Boka hennar er skriven på grunnlag av nitidige kjeldestudiar, mellom anna intervju med 101 munnlege kjelder, skriv ho sjølv.

Eli er amatøren. Ho skriv ut frå eigne minne og røynsler. Som kjelde til Carl I. Hagens historie skulle Eli rett nok òg vera like godt, eller helst betre, plassert enn dei 101 informantane til Elisabeth, som Hagens «elskerinne, sekretær og hustru», som forlaget har sett til undertittel.

Ambisjonar
Så kan vi jo spørja oss om kven av dei to kvinnene som har kome med den mest overtydande framstillinga av det fenomenet i norsk politikk som Carl I. Hagen har vore – og framleis er.

Elisabeth har størst ambisjonar. Ho set seg føre å dekkja heile karrieren til Carl I. Hagen frå barnehagen til pensjonistlivet og frå ei heil rad med perspektiv. Eli har ei lettare oppgåve. Ho skriv frå eitt einaste perspektiv – sitt eige.

Elisabeth har eit klårt overtak på Eli. Ho er ein røynd forfattar, og som skribent og kommentator i VG har ho eit vidt oversyn over norsk politikk. Likevel må konklusjonen vera at ho ikkje har greidd å utnytta dette overtaket. Boka om profeten i eige land vert ei heller keisam lesaroppleving. Det vantar ikkje informasjon. Tvert om. Lesaren vert ikkje spard for detaljar, og forfattaren har ikkje spart seg arbeidet med å leita dei opp. Men det vert detaljar. Biletet av hovudpersonen, av partiet hans og det som formann og parti har gått gjennom i alle desse åra, løyser seg opp.

Inga historie
Kva er det som gjer boka til Elisabeth heller mislukka?

Ein forfattar må ha ei historie å fortelja. Har han ikkje det, løyser boka seg opp. Og Elisabeth har ikkje funne ei historie å fortelja. Ikkje er det historia om ein statsmann. Elisabeth har ikkje funne Carl I. Hagen verdig til det. Biografien gjer Hagen til ein heller liten mann, ein kvardagsmann. Korleis kan ein mann av så knøttsmåe dimensjonar greia å gjera eit storverk av så kolossale dimensjonar? Det spørsmålet er knapt stilt i boka til Elisabeth. Med framstillinga Elisabeth gjev av Hagen, går det som med Peer Gynt og lauken. Det vert ikkje noko att når vi skreller han.

Syster til Carl I. Hagen, historieprofessoren Jorunn Bjørgum, har skrive langt (og godt) om den einaste historiske parallellen til broren i det førre hundreåret: Det norske Arbeidarpartiet under leiinga til Martin Tranmæl. Men det er ikkje mykje som liknar i den måten Elisabeth skriv om Carl Ivar og den måten Jorunn skriv om Martin. Hjå Elisabeth vantar kvart spor av identifikasjon med biografiobjektet og verket hans. Og her er vi kan henda ved det som vert problemet for Elisabeth: Når det ikkje er nokon stor mann som det vert skrive om, og heller ikkje noko storverk som det er verdt å skryta av, er det ikkje mykje att.

Fråstøytande
Det som kunne ha gjort boka til Elisabeth interessant, finn vi ikkje der. Ho kunne ha gjeve oss analysar av kva slags rørsle Framstegspartiet eigenleg var. Kva er det som har hendt i det norske samfunnet desse siste førti åra som kan forklåra det fenomenet ho skriv om? Men analysen vantar. Ho skriv ikkje om parti eller politikk. Ho skriv om ein politikar, som om det er i han – og biografien hans – åleine vi skal finna forklåringa. Og når det ho finn der, er fråstøytande så vel på det personlege som det politiske planet, er det ikkje noka glede, men ei plage å kjempa seg gjennom side opp og side ned med fråstøytande maktkamp, intrigar og skitentysvask gjennom meir enn tretti år i eit fråstøytande parti.

Kva er det som gjer Carl I. Hagen så fråstøytande? Svaret er kan henda ikkje at det er noko som gjer han fråstøytande. Han er fråstøytande. Det er ikkje mogeleg for Oslo-journalisten Elisabeth å identifisera seg med Hagen. Og skal vi leita etter grunnen til det, kan vi opna boka til Eli.

Vanlege folk
I boka til Eli møter vi ei anna verd enn den vi finn i Akersgata og i urbane kafear der Oslo-journalistar vankar. I boka til Eli er vi der vanlege folk er. Charterturistane som tykkjer at grisefesten er morosam. Dei som lika Svensktopp-låtane. Dei som lo av Arve Opsahl. Dei som står ved at dei les Se og Hør ikkje berre hjå frisøren. Dei som fyller opp handleposane på harrytur til Sverige. Dei som les VG.

Boka til Eli er ei sjeldsynt bok. Det er ikkje mange med ei livssoge som hennar som får ein sjølvbiografi gjeven ut i Noreg. Ho er jenta frå landet som drøymde om byen. Ho som tuperte håret og gjekk på dansemoro og drøymde om kjærleiken, om eit anna og betre liv. Ho var eit av dei kvardagsmenneska som i tusental flytte ut frå dalføre og utvikar og søkte draumen i byen.

Draumeprinsen
I konsumentsamfunnet er det mange draumar som er oppfylte. Og sikkert mange som er knuste. Eli fann draumeprinsen på dansegolvet. Der Elisabeth ikkje har funne noka historie å fortelja, har Eli ei som er klår og grei: Boka hennar handlar om kjærleik. Kjærleiken til Carl. Og om gleda ved å ta del i livsverket hans.

Oppveksten på Dovre gjorde likevel drøymaren Eli til realist. Livet med draumeprinsen var hardt arbeid. Ho venta seg ikkje anna, og ho gjekk i gang utan å syta. Økonomien var skral, men Eli klaga ikkje. Her vert det ikkje stilt spørsmål. Livsverket til Carl set Eli si ære i å medverka til så langt ho kan. Lukkeleg den bureisaren som fekk slik ei kone!

Regien i boka til Eli kan verta overtydeleg til tider. Det er ikkje måte på så vanleg Eli og Carl har levt livet. Men her er vi vel ved kjernen: Carl har bruka livet sitt til å laga eit parti for «vanlege folk». I Eli fekk han den beste medarbeidaren han kunne finna. Vanlegare folk skal ein leita lenge etter!

Venene til Carl er venene til Eli. Men dei er få. Mange dei trudde var vener, synte seg ikkje å vera det. Og dei vert omtala som dei fortener. «Ein sleip fisk» er ein moderat karakteristikk av skurkane i boka til Eli. Ein som motarbeider Carl eller ein som ikkje skjønar eller verdset han, finn inga skjønsemd hjå Eli. Rett nok er ikkje Carl utan lyte, og Eli har sine grenser. Ved måten Carl handsama sexhistoria til Terje Søviknes på, vart grensene trødde over. Det er skilnad på rett og gale, på stygt og pent. Slips, bukse og jakke må passa, og håret må liggja som det skal når Carl skal på TV. Det er Elis oppgåve å syta for.

Skal vi tru Elisabeth, er ikkje dette noka lita oppgåve. I skort på djupare analysar kjem Elisabeth nærast til ei forståing av Carl I. Hagen der ho sjølv er, i verda til media. Frå «medieklovn» til «landets beste mediepolitiker» er slik forlaget skriv om Carl I. Hagen bakpå boka til Elisabeth.

Billegalternativa
Dette er kan henda noko sentralt i forklåringa av oppsvinget til Carl I. Hagen og «framstegsrørsla». Er det råd å skjøna Carl I. Hagen utan den utviklinga som har gått føre seg i media i det offentlege dei seinaste førti åra eller så? Hagen har forstått å bruka media. Eller sagt på anna vis: Media har skapt Carl I. Hagen. På same måte som VG har skapt VG-lesaren, har tabloidorgana skapt tabloidpartiet Frp. Og VG-journalisten Elisabeth syner seg heilt uforståande når ho vert konfrontert med resultatet.

Konsumentsamfunnet har gjeve oss grei, billeg mat og billege medium: Pizza Grandiosa og Se og Hør. TV Noreg og VG. Med Framstegspartiet har det òg kome eit politisk billegalternativ for folk flest.

Vi har ikkje fått djupe analysar av korkje mann eller parti i dei to bøkene som Elisabeth og Eli har skrive. Men vi har fått stoff til å forstå at det er langt mellom verda til Eli og verda til Elisabeth. Og mellom «vanlege folk» og den intellektuelle borgarskapen som tener pengar på å selja billegvarer til kundar dei sjølve finn fråstøytande.

John Peter Collett er professor i moderne historie ved Universitetet i Oslo.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake