Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Beint fram ein suksess

Av Roald Helgheim
,  01.12.06


Orkar du ikkje meir mas om Irak-krigen? Det er dumt, for det er no eit nytt spel byrjar, om det går an å snakke slik i ein tilstand der minst 100 menneske i snitt blir drepne kvar skapte dag, etter ein krig USA alt 1. mai 2003 kunngjorde at dei hadde vunne, då president og commander in chief Georg W. Bush iførd ein militær mundur han aldri gjorde deg fortent til, kunngjorde sigeren for soldatane om bord på eit hangarskip. Det er no det byrjar, etter at det ved mellomvalet i USA i røynda har vore eit viktigare regimeskifte der enn i Irak. For den nye politiske situasjonen vil tvinge makthavarar og andre til å ta stilling til den verkelege krigen – og ikkje til ein førestelt, innbilt krig dei berre kunne vinne med ein førestelt, arrangert siger. Det er slutten på denne The War of the Imagination forfattar og skribent i The New York Review of Books, Mark Danner, no skildrar i den første av fleire artiklar.

Den 26. september 2002 sa den politiske seniorkommentatoren i særklasse i USA, George F. Kennan: «Går vi inn i Irak no, slik presidenten vil, veit ein kvar ein byrjar. Men du veit aldri kvar du vil ende.» Den 13. august 2006 spurde den smilande iranske presidenten Mahmoud Ahmadinejad Sixty Minutes-reporteren Mike Wallace: «Eg spør Dykk, sir, kva held den amerikanske hæren på med i Irak? Saddam gjorde De opp med for snart tre år sidan?» Kennan, far til den såkalla «oppdemmingspolitikken», var 98 år gammal i 2002. Han levde tre år til, nok til å sjå endetidsteikna, eller rettare mangelen på ein ende, etter ein krig USA starta utan noko som likna på ein plan for kva dei skulle gjere etter invasjonen. Planløysa når eit første klimaks når «guvernør» L. Paul Bremer (som før han skulle leie interimsstyret i Irak, hadde hatt som høgste embete å vere US-ambassadør i Nederland), tek over etter den avsette US-kommandanten Garner, og over natta skaffar USA 350.000 nye fiendar. Ved først å kunngjere av-bathifisering av Irak (fjerne alle med bath-bakrunn frå alle postar i samfunnet, ca. 50.000), og ved ikkje å bruke noko av den gamle irakiske hæren i gjenoppbygginga (i strid med tidlegare fråsegner). Dette var Coalition Provisional Authority Order nummer 1 og 2, kunngjorde dei to første dagane Bremer hadde sett føtene sine på irakisk jord, i eit område av verda han knapt visste kvar var. Skildringa av korleis ein avtroppande Garner ser korthuset ramle saman alt før han har kome seg ut, er henta frå Bob Woodwards siste bok i Irak-trilogien, State of Denial, og er berre eitt høgdepunkt. Men kva med The War of the Imagination?

Utgangsspørsmålet er sjølvsagt korleis det gjekk an å få så mange til å tru at det skulle gå bra. Lytt då til det politiske bondeofferet etter valnederlaget, Donald Rumsfeld, som 9. november, dagen etter oppseiinga sa: «Det er heilt klart at dei viktigaste stridsoperasjonane (major combat operations) var ein enorm suksess. Det er like klart at i fase 2 av dette har det ikkje gått bra nok eller snøgt nok.» Ein tidlegare medarbeidar av han sa til fjernsynet same dag: «Folk kjem til å diskutere den andre delen, den andre fasen av det som hende i Irak. Svært få vil argumentere mot at den militære sigeren i den første fasen beint fram var ein suksess (an outright sucess).» Tre år etter invasjonen ser den oppsagde hærføraren og meiningsfellen hans ikkje éin, men to krigar i Irak. Den første er for dei «the real war», den udiskutable suksessen når amerikanske styrkar med Dick Cheneys ord etter få veker vart helsa som frigjerarar. Den fasen kosta 140 US-soldatar livet. Den andre fasen har så langt kosta over 2700 US-liv, ein fase utan anna namn at han ikkje var planlagd.

Det er dette retorisk grepet som leier oss til førestellinga om ein krig dei styrande i USA i 2002 vedtok at dei ville starte, ei førestelling dei klamra seg til lenge etter røyndommen hadde teke ei anna retning. Til og med Henry Kissinger sa på spørsmål om kvifor han støtta krigen: «Fordi Afghanistan ikkje var nok.» Det amerikanske svaret på 11.9. måtte vere noko anna enn «berre å slå Taliban» (som USA heller ikkje har greidd). Det var naudsynt å sende ein større bodskap til verda, sa Kissinger, som ikkje kledde det i frasar om å fremje demokratiet, men i eit reint maktspråk.

Dette er berre starten på ein katalog over politiske mistak, meir systematisk og meir grunnleggjande framstilt enn eg har sett før, som Danner byggjer på både (ei kritisk lesing av) boka til Woodward, på Ron Suskinds The One Percent Doctrine og James Risens State of War. The Secret History of the CIA and the Bush Administration. Det skremmande er å sjå kor hovudlaust felttoget i røynda var, sett ut i livet av ein administrasjon der nokre scener frå det ovale rommet med Bush, Powell og dåverande tryggingssjef Rice er ufriviljug og ustyrteleg morosame, i avsløringa av manglande kontroll av kommandoliner som alltid enda opp hos Rumsfeld og ikkje Bush. Hugsar du forresten Ahmad Chalabi, eksilpolitikar etla til å bli USAs første dokkemann i Bagdad? Alt då det kortet fall, vart det avslørt at USA ikkje har hatt nokon plan B i Irak.

Det er dette politiske spelet som har fått blodet til å fløyme stridare enn før, i eit land meir ruinert enn nokosinne, som må ta slutt. Til det skjer, er det USA som er svar skuldig, ikkje minst når det er den smilande erkefienden frå Iran som vender seg til Sixty Minutes-reporteren: Eg spør Dykk, sir, kva gjer den amerikanske hæren i Irak?




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake