Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– For å skape må ein fare vill

Av Bruno Lesprit
,  01.12.06


– På plata Bawlers har eg samla songane som gjev trong til å storgråte. På Brawlers finst dei som er meir som eit slagsmål i ein bar. Då står Bastards att med... bastardane, seier Tom Waits om dei tre nye CD-ane sine.
Tom Waits har sitt eige bord i Little Amsterdam, ein østersrestaurant som ligg bortgøymd på vegen til Bodega Bay, der Alfred Hitchcock filma Fuglane. Den californiske songaren har gjeve seg ut på landet og slege seg ned eit hundretals kilometer nord for San Francisco, der han lenge heldt til som ein himmelsk boms, sjanglande på Sunset Boulevard medan han hylte mot månen. Restauranten er pittoresk. På veggene heng bilete av artisten i lag med verten.

I ein alder av 56 år er Tom Waits trufast mot biletet han har skapt av seg sjølv: hatt, dongerivest i barnestorleik, eit lite fippskjegg, og, innan rekkjevidd, ein italiensk gitar som ser ut til å vere kjøpt på loppemarknad. Men han røykjer ikkje lenger, og nippar til grøn te. I samband med at han slepper tre CD-ar under tittelen Orphans («Foreldrelause»), der han har grave opp songar han ikkje fann plass til på tidlegare album, er vi her med ein av dei siste beat-poetane.

– Korleis har du fått til ein einskap av desse songane frå ulike periodar?
– På plata Bawlers har eg samla dei langsame songane, dei som gjev trong til å storgråte. På Brawlers finst dei som er meir bluesaktige og rytmiske, om lag som eit slagsmål i ein bar. Då står Bastards att med... bastardane. Etter mi meining kan alle songar plasserast i ein av desse kategoriane: Dei med eit tempo som er langsamare enn hjarterytmen, dei som fell saman med han, og dei som er snøggare.

– Då du debuterte i 1973, var musikken din svært orkestrert. Kvifor har du forenkla han etter kvart?
– Det er sant at musikken min har vorte naknare med tida. Redusert til ei einaste setning, så å seie. Eg har bruk for noko heilt einfelt, opphavleg, grunnleggjande. Og spiritual-en er ei levande form som er fullnøyande i seg sjølv. Det er ingen ting å føye til. I dag skriv eg helst musikk utan å nytte noko instrument, berre røysta mi. Eg kaukar og klappar i hendene. Det frir meg frå tvangen som ligg i klaviaturet på pianoet eller barrane på gitaren.

– Du krev med andre ord minimalisme.
– Det perfekte er fienden åt det gode. Ta popmusikken, til dømes. Han liknar Frelsesarmeen; dei byter gamle filler. Du kan leggje sytten instrument på ein låt, og han har framleis ingen kropp. Det som trengst, er songar. Det overflatiske forsvinn før eller seinare. I hip-hop er det nok med eit trommesett og eit orgel. Det balanserer. Og kva er røtene til hip-hop? Bluesen.

– Når oppdaga du bluesen?
– Då eg var ein liten gut, jamvel om dei viktigaste artistane for meg var dei som spela country: Johnny Horton, Bobby Bare, Marty Robbins. I røynda var det ei overføring frå far til son: I San Diego budde ein sigøynarfamilie ved sida av oss, med mellom anna ein underleg mjølkemann. Far min og han bytte plater. Og organisten i kyrkja var heilfrelst på blues.

– Musikken vart òg spreidd gjennom radio, jungeltelegrafen og reisande folk. I dag er det mykje lettare. Sjølv tykkjer eg det er for lett å oppdage nye ting. Ved å klikke på PC-en kan du finne kva song som helst med kva artist som helst. Det er ikkje meir som trengst, ein treng ikkje lenger streve. Eg seier ikkje at det naudsynleg er ille. Men for å skape lyt ein slåst, tillate seg å fare vill. Å vere musikar, det er å freiste å mane lagnaden. Eg likar tanken på å slåst med ein usynleg fiende. Om eg etter ein dag i studio ikkje er på knea, eller håret ikkje ser ut som eit fyrverkeri, har det vore ein dårleg dag.

– Påverknaden frå den avantgardistiske rockaren Captain Beefheart kan ein framleis spore i Orphans.
– Eg hadde ikkje kunna gjere det eg gjer, utan han. Han er Pioneren. Plata hans Trout Mask Replica frå 1968 fridde oss frå det servile. Forma, strukturen, repetisjonane... Beefheart sleppte fuglar ut av bura deira.

– Musikken din har òg opna seg meir og meir mot Europa. Særleg mot den tyske komponisten Kurt Weill.
– I røynda oppdaga eg han heller seint. Kameratar sa eg måtte lytte til han, for dei meinte musikken min likna hans. For å seie som sant er, kjende eg ikkje eingong keltisk musikk, jamvel om eg er av irsk ætt.

– No spelar du inn på eit ubunde plateselskap, Anti, etter Asylum og Island. Kva er føremonene?
– Gutane er alle musikarar, og dei har punk-sjel. Eg forlét Island av di Chris Blackwell, som teikna kontrakt med meg, selde seg ut. Eg hadde ikkje meir der å gjere. Blackwell tok imot meg då eg laga Swordfishtrombones, i 1983. Asylum ville ikkje ha denne plata. Dei sa: «Du kjem til å misse all fansen utan å få nokon nye.»

– Dette «kommersielle sjølvmordet» berga utan tvil karrieren din. Hos Asylum hadde du vorte ein stereotypi: «Rockens Bukowski».
– Problemet i dette yrket er at om du ikkje har ein image, er du i deep shit. Og om du har ein image, er du òg i deep shit!

– Det var først og fremst kona mi, Kathleen Brennan, som berga meg. Eg gifte meg og fekk orden på meg sjølv. Ho har føtene på jorda og kan alt: Fiske, reparere bilen eller huset.

– No skriv du i lag med henne. Korleis kan du dele så personlege røynsler?
– Det er som å oppsede borna våre. Dessutan – å skrive songar er ein barneleik.

Einerett Le Monde/Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake