Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Den første detektivromanen

Av Ottar Fyllingsnes
,  01.12.06


Maurits Hansen skreiv den første detektivromanen i verda og Noregs første roman.
Det har vore vanleg å hevda at Edgar Allan Poes novelle «The Murders in the Rue Morgue» frå 1842 er den første kriminalforteljinga i verda.

Men ein nordmann var først.

I 1839 publiserte Maurits Hansen Mordet paa Maskinbygger Roolfsen, og året etter kom forteljinga i bokform.

Biografi
Denne hausten kjem Arve Fretheim med Livets kolde prosa, som er ein biografi om Maurits Hansen. Og han viser til at ved sida av å vera Noregs første romanforfattar og novellist skreiv Maurits Hansen både skodespel, dikt og lærebøker. I tillegg var han den første betalte norske journalisten og ein flittig bidragsytar til tidsskrift og magasin.

I biografien viser Fretheim til at Hansen var ei inspirasjonskjelde både for Wergeland, Asbjørnsen, Moe, Collett, Ibsen, Garborg og Undset.

Arve Fretheim er lærar på Kongsberg vidaregåande skole og har i fleire år publisert artiklar og halde foredrag om Maurits Hansen.

– Det var på 90-talet at eg oppdaga at Hansen hadde vore skulestyrar på Kongsberg gymnas. I 1994 var det 200-årsjubileum for Hansens fødsel, og teaterlaget sette opp Mordet paa Maskinbygger Roolfsen, fortel Fretheim.

Han byrja å snusa meir på Hansen og fann ut at han var verd å lesa, og at livshistoria hans var ganske dramatisk.

– Er Maurits Hansen Kongsbergs store son?
– Nei, men eg har prøvd å markera forfattarskapen hans, og han byrjar å verta ein kjend person. For tre år sidan drog me i gang ein krimfestival som me har kalla Kongsberg krim, og det var med bakgrunn i at den første detektivromanen vart til her.

Bondeforteljing
I 1819 skreiv Hansen den første norske bondeforteljinga, Luren. Han var redaktør for ei søndagsutgåve av Morgenbladet, og han publiserte forteljingar der. Fretheim minner om at den norske litteraturhistoria, som vart skriven då realismen slo inn kring 1870–1880, var svært oppteken av realistisk litteratur.

– Hansens dreiing mot det romantiske og gotiske vart ikkje verdsett, og sidan har litteraturhistorikarar gulpa opp det som dei har lese i litteraturhistoria. Men i 1970-åra byrja Edvard Beyer og Willy Dahl å lesa tekstane til Maurits Hansen. Han vart pensum på Universitetet i Oslo og kom sidan inn i lærebøkene på den vidaregåande skulen. I 1988 gav dessutan Bjørn Tysdahl ut ei bok om Hansens forteljarteknikk, og sidan har Olaf Øyslebø også skrive om forteljaren.

Skulemann
Maurits Hansen vart fødd på garden Komperud i Modum i Buskerud i 1794, der faren var residerande kapellan. Familien flytta til Porsgrunn og seinare til Skedsmo. Hansens første vers skriv seg frå 1803, og alt som 11–12-åring skreiv han sørgjespel og forteljingar på vers. Han byrja på Katedralskulen i Kristiania, og i 1814 tok han eksamen artium ved det nyskipa universitetet med beste karakter.

– I stilen han skreiv den gongen, funderte han på korleis ein ung vitskapsmann kunne vera til gagn for fedrelandet. Det kan verka som han såg det som si oppgåve å byggja opp ein norsk kultur og litteratur. Sidan fekk han sjansen til å gjera det. Han vart skulemann, men fekk sjølv aldri noka utdanning utover artium. Han gifte seg tidleg og hadde nok med å forsørgja kone og born. Frå professor Georg Sverdrup i filosof og gresk hadde Hansen nærast fått ein lovnad om at han skulle få jobb som universitetslærar, men den draumen gjekk aldri i oppfylling. Men Hansen var viktig som skulemann og pedagogisk nytenkjar, og han var lærar både i Kristiania, Trondheim og på Kongsberg.

Åtte store band
Maurits Hansen hadde ein stor litterær produksjon. Han debuterte i boka Nor, som var ei poetisk nyårsgåve til det norske folket i 1815. Året etter gav han ut Digtninger, og då slektningen Niels Wulfsberg grunnla Morgenbladet i 1819, vart Hansen engasjert som redaktør for søndagsvedlegget.

I 1850-åra samla Conrad Nikolai Schwach den litterære produksjonen til Hansen, og det vart eit verk på åtte store band.

– Det er snakk om 70–80 lengre tekstar. Hansen kalla det noveller og forteljingar, men nokre er på fleire hundre sider. Hansen skreiv for å tena pengar, og ein del har vorte omtalt som hastverksarbeid. Men svært mykje av det Maurits Hansen skreiv, fortener ei grundigare vurdering.

– Er det framifrå litteratur?
– Ja, ein del er det. Nokre av novellene er stramme og gode, og eg synest at forteljarteknikken – med forfattarkommentarar – er spennande. Edvard Beyer og Willy Dahl har uttalt seg svært positivt om Hansens roman Othar av Bretagne, som kom ut i 1819 og var den første norske romanen. Dahl meiner at dersom romanen hadde vore skriven på eit verdsspråk, hadde han vorte nemnd i verdslitteraturen.

Sosial kritikk
I biografien går det fram at Maurits Hansen var ven med Henrik Wergeland.

– I starten skjøna ikkje Hansen så mykje av kva Wergeland heldt på med, og han kalla han for «den gewaltige odedikter» og «opiumsetar».

– Opiumsetar?
– Ja, det gjekk rykte om at Wergeland brukte opium i ein periode, men Hansen skjøna at Wergeland var eit diktargeni. Tilhøvet til Welhaven var annleis. I slutten av 1830-åra konkurrerte dei om ei lærarstilling i filosofi på universitetet, men det vart sett ut rykte om at Hansen var drikkfeldig, gammal og sliten. Det enda med at Welhaven fekk stillinga.

Arve Fretheims påstand er at Mordet paa Maskinbygger Roolfsen eigentleg er ein realistisk roman med klare innslag av sosial kritikk og dels sterke utfall mot eit rigid samfunnssystem der privilegium og maktmisbruk er nokre av hovudingrediensane.

I samband med krimfestivalen på Kongsberg vart denne første detektivromanen i verda trykt opp att, og mange tykte boka var spennande.

Kvinnesynet
Arve Fretheim trekkjer også fram Maurits Hansens kvinnesyn.

– Det kunne ha snudd opp-ned på norsk kvinnehistorie. Han hadde førebudd den yngste dottera til å ta eksamen artium, og ho stod på trappene til å ta eksamen, men så døydde faren. Dette var i 1842, og nokon eksamen vart det ikkje. Først i 1880-åra vart det akseptabelt at kvinnene her i landet fekk ta artium, fortel Arve Fretheim.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake