Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Folkets Mujahedin har ei blodig historie

Av Per Anders Todal
,  01.12.06


I eit intervju i Dag og Tid sist veke heldt stortingsmann Morten Høglund, utanrikspolitisk talsmann i Frp, fast ved den sterke og mangeårige støtta si til den iranske eksilrørsla Folkets Mujehedin. Rørsla arbeider for å velte regimet i Teheran, men er sjølv langt frå så uskuldig som Høglund framstiller dei, meiner Kari Vogt. Ho er førsteamanuensis ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk, og kjenner Iran godt.

– Folkets Mujahedin har ei blodig historie i Iran, og har likvidert ei rekkje politiske motstandarar. I tillegg har dei retta regulære militære åtak mot Iran utanfrå. Dei inngjekk ein avtale med Saddam Hussein, og fekk ha militærbasar i Irak. Da Saddam gjekk til åtak på shiamuslimane i det sørlege Irak etter den første Golf-krigen, fekk han støtte av Folkets Mujahedin, seier Vogt.

– I dag ser svært mange iranarar på mujahedinane som landsforrædarar og er redde for dei. Folkets Mujahedin kallar seg sjølv ei demokratisk rørsle. Men det stemmer ikkje, meiner Kari Vogt.

– Dei er absolutt udemokratiske internt, og er prega av ein førarkult og kadaverdisiplin.

– Men i Noreg har dei vore varmt mottekne?
– Det må vere av folk som kjenner lite til historia deira, og har trudd på det Folkets Mujahedin seier sjølve. Det er vel først og fremst Frp som har støtta dei.

– Ja, men ikkje berre dei. Da Mujahedin-leiar Maryam Rajavi var i Noreg i haust, vart ho motteken av utanrikskomiteen på Stortinget?
– Da var eg i utlandet. Men om utanrikskomiteen lid under ein illusjon om at denne rørsla representerer noko positivt i Iran, er det grunn til å seie frå om at dei tek feil.

– Etter det Frp seier, er dette den leiande opposisjonelle rørsla mot regimet i Iran, og dei fortener difor støtte?
– Det er reint vrøvl. Det finst ein livskraftig opposisjon i Iran. Men Folkets Mujahedin har vore i eksil i 25 år, og har ingen legitimitet blant iranarar flest. I Iran er det knapt nokon som meiner dei er noko anna enn destruktive.

– Morten Høglund avviste sist veke at Folkets Mujahedin har samarbeidd med Saddam Hussein?
– Dei ville aldri fått etablere ein militær base i Irak utan velsigning frå Saddam Hussein, og han ville aldri late dei vere der utan å krevje noka form for motytingar. For å få vere der, måtte dei gjere venetenester, som å hjelpe Saddam med å slå ned det shiamuslimske opprøret etter den første Golf-krigen. Dette er velkjent, og blir stadfesta mellom anna i pålitelege oppslagsverk som Oxford Encyclopedia of the Modern Islamic World.

– Høglund meiner Folkets Mujahedin ikkje var med Saddam da han gjekk til åtak på Iran?
– Dei har jo tilmed ført sin eigen krig mot Iran. Dette er ei militaristisk rørsle, som har satsa på våpenbruk for å nå dit dei vil.

– Folkets Mujehedin har aldri stått bak terrorhandlingar, meiner Morten Høglund?
– Det er feil. Dei har stått bak terrorhandlingar som den store bombeaksjonen i Teheran i 1981. Det burde kvalifisere som terrorisme, seier Vogt.

I den aksjonen ho viser til, vart 74 menneske drepne. Mellom dei var ei rekkje regjerings- og parlamentsmedlemmer, og den daverande iranske presidenten Mohammad Ali Rajai.

– Morten Høglund sa sist veke at det ville vere hans politiske død dersom han pleia kontakt med ein organisasjon som dreiv med terrorisme.
– Å ja? Da burde han kanskje undersøkje historia til Folkets Mujahedin litt nærare, seier Kari Vogt.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake