Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Dersom Gaza låg i Jølster

Av Roald Helgheim
,  17.11.06


I Gaza bur det 1,4 millionar menneske. Reknar vi bort isbreane og ferskvatna, der Jølstravatnet midt i kommunen er størst, er det 540 kvadratkilometer fastland i Jølster. Med like stor folketettleik som i Gaza skulle det bu 2,1 millionar menneske – halve Norge – i kommunen. Ein stor del av dei måtte klore seg fast i brattlendt terreng, og kva skulle dei leve av? Mange jølstringar arbeider i grannekommunen Førde, men det er ein brøkdel av dei tre tusen. Det er godt fiske i Jølstravatnet, fordi auren er freda store delar av året. I dag får fiskarane på Gazastripa knapt fiske langs sin eigen kyst, berre eit lite stykke frå land ved Gaza by – kanskje like breitt som Jølstravatnet?

Eg ser på tala og leitar etter kommafeil. Om du har det som eg, går også du med ein barndommens målestokk inne i deg. Eg veit kor langt hundre meter er, for då ser eg for meg akkurat den hundremeteren vi målte opp langs skulevegen når vi skulle kappspringe. Idrettsbane hadde vi ikkje, difor går firehundremeteren ikkje i ring. Han er akkurat så lang som frå det tunet til det tunet. Når eg les at Gazastripa er fire mil lang, så er det nesten like langt som til skulestaden der eg gjekk på gymnaset – ein halv time med bil. Å rekne avstandar i byen er noko heilt anna, og det slo meg tidleg kor ulikt tilhøve byfolk har til avstandar, og kor feil dei rekna i ope lende. På den andre sida kan kloke hovud sikkert fortelje deg at ein tett nok pakka storby lett får plass på arealet til Jølster. Endå klokare hovud kan fortelje deg kor utruleg lite areal alle folk på jorda treng, om vi pakkar dei ståande som sild i tønne. Men folk flest lever ikkje som sild i tønne. Altså: Førti kilometer og litt mindre enn ti kilometer i breidda, og det går for alvor opp for meg at den vesle Gazastripa som det internasjonale samfunnet – Norge medrekna – har hjelpt USA og Israel til å ta strupetak på, er drygt halvparten så stor i flatemål som kommunen eg betalte mine første skattepengar til. Om vi jamna heile Jølster flatt, ville innbyggjarane frå Gazastripa faktisk få det romslegare der.

Det er lagnaden til dette folket som har gått i gløymeboka med alt som hende etterpå, endå Palestina var den utløysande faktoren for det som skulle kome, også i Libanon. «Vi er døde menneske», seier fiskarar og arbeidslause The Guardian møter på stripa som er den tettast folkesette i verda, med flyktningleirar med opp mot 100.000 menneske kvar som ligg nesten vegg i vegg. Nær to tredjedelar av dei som bur der, lever under fattigdomsgrensa. Sidan Hamas vann valet i mars, har Israel nekta å overføre 60 millionar dollar skattepengar dei har kravd inn i heile Palestina. Offentlege tenestemenn får ikkje løn, og vi kjenner heile regla av skadeverk som er blitt påførde også helsevesenet, på grunn av dei økonomiske sanksjonane også Norge på ein så tarveleg måte har vore med på. Israelske soldatar har sidan i vår drepe 350 palestinarar i Gaza, med stadige åtak på sivile som nyleg kulminerte i ein massakre av ein heil familie. Fekk du med deg at USA laurdag la ned veto i Tryggingsrådet i FN mot ein resolusjon som fordømde denne massakren? Det var dette vetoet som gjorde at den arabiske ligaen vedtok å avblåse boikotten av det palestinske sjølvstyret. Det er endå ei påminning om kor omfattande sviket mot det palestinske folket har vore.

I desse dagar kan det gå mot ei ny samlings­regjering med kompromisskandidaten Muhammed Shbeir som statsminister. Den einaste som kan hindre det, er den okkupantmakta som alltid har stelt i stand provokasjonar når fredelege løysingar har vore nær. Som framleis held halvparten av den lovgjevande forsamlinga som vart valde i det internasjonale observatørar kalla eit demokratisk val, fengsla i Israel. Stridsvogner har øydelagt store delar av den palestin­ske industrien, infrastrukturen, offentlege kontor og store jordbruksareal, og har mura inne Vestbreidda og held den vesle Gazastripa i det same jarngrepet, både til lands og til sjøs.

Det er dette som er sitsen i eit område der det framleis er okkupanten som set vilkåra både for krig og fred, med dei frie hendene dei har fått frå Vesten, som framleis stiller einsidige krav til kven som skal avstå frå vald eller ikkje. Det var slik det byrja – ein internasjonal provokasjon etter Hamas-sigeren som stilte palestinarane mot veggen, og som gjorde det lettare for dei ekstreme kreftene på begge sider som ville øydeleggje freden. Eg veit ikkje heilt kvifor eg stadig repeterer dette i ei tid då Midtausten står lågt i kurs. Og eg tenkjer som så at om vi held oss til dei fredelege tre tusen menneska som bur der eg voks opp, og lèt berre desse tre tusen få oppleve dei same trakasse­ringane for kvart checkpoint dei måtte gjennom, kvar gong dei ville røre på seg og berre krysse kommunegrensene for å vitje slektningar og kjende. Til eg kjem på at vi var då okkuperte vi også ein gong, på det meste stod det faktisk 400.000 tyske soldatar på norsk jord, som ein lekk i ei historisk nyordning av verda. Kven er det som nyordnar verda no?




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake