Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Eit land styrt av tru

Av Roald Helgheim
,  03.11.06


Og same korleis utfallet av valet til dei to kammera i Kongressen blir, har han som ingen annan president før han sytt for at det mektige kristne høgre sit med avgjerande innverknad på ei rad sentrale postar. At leiande representantar for den konservative kristne retninga som i USA kallar seg «evangelicals», som Jerry Falwell, Pat Robertson og Tim LaHaye, er meir enn lobbyistar i Det kvite huset, er vel kjent. Men kor tett og tungt hopehavet mellom den attfødde Bush og det religiøse høgre er, er førsteoppslaget i The New York Review of Books i det andre novembernummeret.

Vi går midt inn i artikkelen som historie­professor Garry Wills har skrive for tidsskriftet, under tittelen «A Country Ruled By Faith». Det handlar om abortpilla eller «the morning-after abortion pill». Bush sytte for at ein av dei kjende motstandarane av abortpilla, David Hagar, vart plassert i styret for Food and Drug Administration (FDA), som skulle avgjere om pilla kunne bli seld utan resept. Sjølv om han røysta med det vesle mindretalet på tre mot sal over disk, mot eit fleirtal på 24, laga han så mykje oppstyr om saka at FDA nekta å følgje avgjerda i styret. Framfor ei forsamling av kristen-konservative i Kentucky sa Hagar: «Eg argumenterte frå eit vitskapleg perspektiv, og Gud tok informasjonen og brukte han gjennom mindretalet til å påverke avgjerda. Du treng ikkje vifte med Bibelen for å ha innverknad som kristen på den offentlege arenaen. Vi er tenarane til den største av alle vitskapsmenn. Vi er tenarane til han som har skapt alt liv.»

Den politiske høgrefløya i USA yndar å tru at styret i USA i utgangspunktet har vore sterkt religiøst, kristent og bibelsk. Men det stemmer ikkje før vi kjem til 2000, skriv Wills, året då fiksjonen frå fortida vart ein styrande realitet i notida. President Bush er ikkje berre attfødd, som Jimmy Carter. Han vart omvend av Billy Graham, som også velsigna Eisenhower. Men Eisenhower var ein merittert mann som ikkje lét religionen styre politikken. Bush var ein omvend alkoholikar, som på spørsmålet om kven som var favorittfilosofen sa: «Jesus Kristus». Kvifor? «Fordi han forandra hjartet mitt». Bush snakkar i «evangeliske» termer som ingen annan, og som ingen annan seier han at han vart president fordi Gud ville det. Han lova dei religiøse følgjesveinane sine at han ville gjere dei sosiale tenestene «faith-based» – basert på tru. «Compassionate conservatism» («medkjensle-konservatismen») spegla seg att i lover, utdanning, medisin og vitskap, alt i den kristne trua si teneste.

Korleis dette har arta seg i skule og undervising, har vi høyrt mykje om. Wills går systematisk til verks, og viser at på same måte som mektige lobbyistar for kapitalkreftene har hatt innverknad på den økonomisk politikken, har dei kristen-konservative organisasjonane like sterk innverknad på område som helse og sosialpolitikken. Karl Rove har dyrka fram eit omfattande nettverk av folk frå det kristne høgre, som blir konsultert når det gjeld spørsmål som homofili, abort, aids og prevensjon. Alle klagene og harmen som tidlegare presidentstyre fekk frå same hald, også dei republikanske medrekna Bush senior, blir no gjorde til ein del av politikken. Sjefen for personalkontoret i Det kvite huset, Kay Coles James, kom frå huset til den mektige religiøse mediemannen Pat Robertson, og frå den konservative lobbygruppa Family Research Council, med nase for kvar det var lurt å plassere dei rette personane. Familiy Research Council har jamleg skrytt av kor mange dei har plassert i administrasjonen. Wills skildrar eit regime der kristne leiarar kom og gjekk, med Det kvite huset fullt av bibelske studiegrupper. Taleskrivar Michael Gerson er ein såkalla attfødd kristen.

Ikkje visste eg at den første justisministeren til Bush, John Ashcroft, også høyrer til dei attfødde. Pat Robertson tilbaud seg ein gong å finansiere kampanjen om han ville bli presidentkandidat. Han ville avvikle ein etat som skulle førebyggje vald mot abortklinikkar, og brukte Kontoret for borgarrettar til religiøse føremål. Det religiøse høgre har i årevis hevda at abort fører til brystkreft. Det nasjonale kreft­instituttet kunngjorde at påstanden sakna vitskapleg grunnlag, men etter press frå 27 kongressmedlemmer vart dette fjerna frå heimesida til instituttet.

Døma er mange, men ettersom president Bush har det kristne høgre i ryggen også når det gjeld krig, er det høveleg å avslutte med general William Boykin, militær etterretningsmann i spissen for jakta på bin Laden. I full uniform tala han i kyrkjene og sa: «Spør deg sjølv: Kvifor er denne mannen i Det kvite huset? Fleirtalet av det amerikanske folket røysta ikkje for han. Kvifor er han der? Eg fortel dykk denne morgonen at han er i Det kvite huset av di Gud sette han der.» «Gud er for krig», sa Jerry Falwell i 2004, og kristen-høgre har vore den mest trufaste ryggstøtta presidenten har hatt i krigen mot Irak. Men som Wills skriv: Det er ein særskild fare med ein krig Gud styrer. Kva om Gud skulle tape? Det er utenkjeleg for dei evangelie-tru. Dei kan ikkje godta tanken om ein slik Gud, han som leidde dei inn i krigen. I 2006 meiner to tredjedelar av folket i USA at krigen i Irak var eit mistak. Den siste tredjedelen som framleis står bak krigen, utgjer ein like stor del av folkesetnaden som tilhengjarane av den konservative evangeliske rørsla. Vissa om siger er også ei tru.
            




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake