Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Om to viser

Av Ottar Brox
,  27.10.06


Forfattarkollegiet attom «Alma Rustica» på Ås i 1956: Frå v.: Ottar Brox, Kåre Lunden, Nils Nordvik, Kåre Lyngstad, Andreas Vevstad (skjult), Erik Haugen, Per Surnevik og Egil Gabrielsen.
Alle i forfattarkollegiet presterte halve vers, poeng eller i alle fall rim. Men når sant skal seiast, var det nok eg som la fram ideen om ei vise med Lulu Zieglers populære landeplage som førelegg – med utgangspunkt i parafrasen over det sentrale sluttrimet: «Luk vinduet i – for bri-i-sen!» Framlegget var inspirert av eit fem år gamalt minne frå ei hyggjestund ved radio­en hos familien Hjelde på Belbuan i Strinda, der eg var dreng sommaren 1951. Då kom dotter i huset, Sissel, med dette framlegget til endring av Lulus tekst: «Lukk fjøsdøra i – for gri-i-sen!» Vi låg alle langflate av latter, som tenåringar gjorde for nesten ingen ting, i alle fall i mi tid. Denne rampete ideen dukka altså opp under skrivedagane til kollegiet på hytta i Hallangspollen. Elles er det ikkje lett, så lenge etterpå, å fastslå farskapet til kvart einskilt vers. Men eg er temmeleg sikker på at det var Nils Nordvik som fann på det med at «Det blafrer ei brok – i bri-i-sen!», for han hadde allitterasjon som sitt viktigaste poetiske verkemiddel. Eg er òg nesten sikker på at Alfred Næss, som i eigenskap av profesjonell instruktør gjorde mykje for at det blei ein god revy av til dels hjelpelause amatørtekstar, ikkje skreiv noko av denne visa. Men han hadde nok ei hand med i redigeringa.

Den beste revyvisa

Det var nok fleire av oss som var med på å lage «Rustica», som skvatt i TV-stolen då «Enerhaugvisa» blei kåra til Noregs beste revyvise gjennom tidene. For det kan sjølvsagt ikkje vere tvil om at det var vår vise som var førelegget til den Alfred Næss-teksten som Arvid Nilsen framførde så suverent overtydande.

Det er nok ikkje første gongen at ei god vise har hatt ein middelmåtig eller ordinær tekst som førelegg, slik som i dette tilfellet. Men det er ikkje nødvendig å sjå det slik at det var vårt amatørprodukt som hadde fått nyte godt av profesjonell for­betring. I og for seg trur eg ikkje at Enerhaugvisa revymessig er ein mykje betre tekst enn vår. Den store suksessen til Alfred må nok forklarast med at han var så profesjonelt god til å treffe ei stemning i tida, ei stemning som berre venta på eit uttrykk. Visa om det aldrande paret var eit suverent uttrykk for den urbane nostalgien som rivinga av den sjølvgrodde «squatter»-busetjinga på Enerhaugen var med på å skape. Denne forklaringa på noregs­mei­sterskapen reduserer sjølvsagt på ingen måte prestasjonen til Alfred – kanskje heller tvert imot, for revy er nettopp aktuell kunst, og ikkje tekstproduksjon «for evigheten».

Nostalgien
I dag kan det kanskje vere interessant å samanlikne nostalgien i dei to visene. Det er lett å bli samd om at Alfred Næss romantiserer livet på Enerhaugen – utan innlagt vatn, og med utedass – og visa vart ikkje populær hos bustadpolitikarar og sosialt engasjerte arkitektar. Men samtidig hadde han fanga opp noko som elles opptok sosialantropologar og etnologar – altså «livet mellom husa», kvalitetar som lett gjekk tapt når byggjekrankapasiteten fekk avgjere korleis bustadområdet vart ut­forma, for å overdrive litt. Likevel treng vi vel ikkje gallupinstitutt for å få slått fast at folk var betre nøgde med bustad i dei nye høghusa enn med dei plankeskura som dei budde i før.

Kva med nostalgien i vår vise? Romantiserte vi slitet og den knappe økonomien, som enno i 1950-åra var eit nødvendig aspekt ved livet på småbruka? Det var i alle fall ikkje grunnlag for slik nostalgi i studentkulturen på Ås. Vi var vel mest engasjerte i å ta vare på og forsterke det akademiske ved studiet vårt. Mellom anna støtta vi heilhjarta arbeidet med å få lagt ned Statens småbrukslærarskole på Sem – som i eit møte på Samfunnet ein gong vart omtala som forsmåbrukslærarskolen. Talet på norske bruk med ei eller to kyr kulminerte statistisk så seint som i 1949, seks år før denne visa vart til. Somme av oss kom nok frå miljø der det agronomiske prosjektet gjekk ut på utvide så mange tokyrsbruk som råd var, til sekskyrsbruk, men det var ein politikk som stod svakt alt midt på femtitalet. Då kom den nye jordlova, med samanslåing som viktigaste mål.

Det kunne nok vere mykje å seie om dette, men her får det greie seg med ein påstand om at dersom vår vise skulle ha vore nostalgisk på same måten som Enerhaugvisa, så måtte vi ha meint at det var betre å vere småbrukar på 50 dekar enn gardbrukar på 300. Men samtidig hadde vi nok reflektert lite over kva slag rolle småbruket hadde spela i den økonomiske ut­viklinga i landet vårt. Eilert Sundt peika for 150 år sidan på at dess fleire som fekk byggje opp småbruk på Romerike, dess mindre ville vi ha av den fattigdomen som sette sitt preg på Ruseløkkbakken, og sikkert òg på Enerhaugen. Men elles trur eg nok at vår respekt for dei slitarane som hadde grave fram dette landet av myra og moreneryggene, kom godt til uttrykk i visa om Alma og familien hennar.

Ottar Brox er professor emeritus i sosiologi. Teksta byggjer på eit kåseri til 50-årsjubileet for student­revyen «Rustica» på Ås, som gjekk for mange fulle hus i 1956.

Lørdagskveld for Alma

Se nå er det lørdagskvelden
det er fred i bygda vår.
Inni koven venter fellen
men på brua dansen går.
Det var her jeg traff a’ Alma
hu var budeie hos ’n Sjur
og je sjøl var dreng hos nabo’n.
Året etter sto a’ brur.

Himlen er blå
Havren er gul
Det blafrer ei brok i brisen.

Sia så har vi fått gard og grunn
med sauer og griser og kyr.
Og je og a’ Alma har streva i lag
og brøti opp tredve mål myr.
Ingen ting i denne væla
er så god en arv som jord.
Kanskje kan vi klare femti
til han Vesle-Per blir stor.
Se der borte går a’ Alma
engang var a’ nitten år,
men no har a’ bynt å falma
det er fært som tida går.

Havren er gul
Alma er grå
Det blafrer ei brok i brisen.

Hverdagen er ikke alltid så lett
for meg og a’ Alma å ’n Per,
men vi har nå gudskjelov eti oss mett
du skal itte vente deg mer.
Se der borte går a’ Alma
grismatbøtta den er tung.
Kanskje er a’ bynt å gråne,
men for meg er Alma ung.
Så når hu har slept ut katten
skal hu få en blomsterkrans,
så skal vi i sommernatten
gå til Gumlebru på dans.

Alma vi går
Natten er vår.
Lukk fjøsdøra i for grisen.


På Enerhaugen

Ja, så er’e søndagskvelden.
Byen har fått roa seg.
Lysa nedfra Grønlandsleret
blinker lurt hit opp til meg.
Det var her jeg traff a’ Maja
Hu var også på fabrikk
Vi gikk tur hit opp på Haugen.
Hu var full av blyge blikk.

Natta var blå.
Maja var grønn.
Det blomstra på Enerhaugen.

Siden så satt’ vi opp huset vårt,
og laga en prydhageflekk
Med blomster og grønt i fra bygartner’ns bed
Og busker fra Botsfengslets hekk.
Soffa’n vant jeg fra’n Anton
i en beiteplukk en kveld.
Og hvert år blei møblementet
supplert med en onge tel!
Da vi nesten kunne stille våres eget fotball-lag,
tok vi fri – så Maja fikk stått brud
en solblank sommerdag.

Maja var hvit.
Jeg var i svart.
Det jubla på Enerhaugen!

Vi har vært heldig’ og hittil blitt spart
for uløkker, nød eller brann.
Det som er brent her i huset hos vårs –
ja, det har vi sjæl fått i stand!
En må satse litt for kosen
så’n kan ha en «lerkefugl»
for eksempel når vi gikk på bad
hver påske og hver jul.
Det er godt her ut’ i trappa;
trinna har ’a Maja slitt.
Jeg kan høra bak i hagan,
trufast pusler ’a med sitt.

Hagan er grønn.
Maja er grå.
Det kveldes på Enerhaugen.

Her har vi trivdes og her har vi levd,
og kjenner hver stein og hver stokk.
Men nå skal vi rives og jevnes med jord’n.
Vi er ikke tidsmessig’ nok!
Ta og hvil deg litt nå, Maja.
Du har strevd nok som du har.
Og så glemmer vi at bakom vårs
står bulldozer’ne klar.
Skål for gamle Grønlands kjerke,
for den rosen skal du ha
at du én gang fikk a’ Maja til å rødme og si ja.

Tida er gått.
Klokka har slått.
Det ringer for Enerhaugen!

Melodi for begge visene er «Ved kajen» av Henrik Blichmann, gjord kjend av Lulu Ziegler til tekst av Helge Kjærulff-Schmidt.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake