Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Spionen som kom ned frå sykkelen

Av Bernt Hagtvet
,  13.10.06


Sverre Bergh i 1995. Foto: Svein Sæter
SAKPROSA
Sverre Bergh / Svein Sæter:
Spion i Hitlers rike.
Student og agent:
Sverre Berghs dramatiske dobbeltliv

Damm

Historiene frå den andre verdskrigen tek aldri slutt. Denne meldaren har spurt seg sjølv om det kan finnast noko nytt frå denne perioden. Tolkingar, ja. Flust. Men nye dramatiske livssoger? Nytt materiale? Har ikkje krigsgenerasjonen sagt sitt no? Er ikkje alle arkiva, i alle fall i Tyskland, finkjemde for det meste?

Ingeniør og tysklandsstudent Sverre Bergh (1920–2006) har tagt i 60 år; medlemene i den løynlege etterretningsorganisasjonen XU hadde for vane å gjera det. Ja, dei skreiv under teielovnad og har stort sett respektert det i alle åra etter krigen (X stod for ukjend, U for under cover agent). Historia som Bergh har fortalt til den faglitterære forfattaren Svein Sæter, må i all sin lågmælte dramatikk vera noko av det mest fantastiske som er i krigslitteraturen. Sæter har god bakgrunn for å vera intervjuar og penneknekt: Han har bak seg boka "XU – i hemmeleg teneste 1940–45" frå 1995. Eg må berre seia at eg las denne boka i ein einaste jafs. Ho er ikkje briljant skriven; Bergh fører eit stillferdig, faktelaust språk. Men det kler stoffet. For høyr kva han var med på:

Fyrste oppdrag
Bergh, ingeniørson frå Asker, kom til Tyskland hausten 1940 som student ved den tekniske høgskulen i Dresden, ein av dei mest namngjetne i landet. Han hadde for dårlege karakterar til å koma inn ved NTH i Trondheim. Dresden-livet gav han perfekt cover som spion. Bergh kunne reisa fram og attende til Noreg i heilt lovleg ærend. Attpåtil hadde han ein onkel i Berlin, korrespondenten til Aftenposten, Theo Findahl. Det gav han òg godt påskot til jamne Berlin-ferder. Alt her slår det ein kor relativt ope eit totalitært samfunn som Tyskland var, jamvel midt under krigen, berre du var «ariar» sjølvsagt. Det same inntrykket får ein av Wanda Hegers vitjing til fangane i Sachsenhausen: Det var porer i diktaturet, trass i Gestapo, trass i all sosial kontroll og all snikmelding. Sumaren 1941 kom Bergh i kontakt med britisk etterretning. Men fyrst hadde onkel Theo bede han om å ta kontakt med motstandsmannen Arvid Brodersen i Oslo og fortelja han at det låg ein særs krigsviktig kulelagerfabrikk i Schweinfurt nord i Bayern, mellom Nürnberg og Frankfurt am Main. Bergh tok toget dit og tok fabrikken i augnesyn. Han var utstyrd med antiluftskyts og var openbert eit strategisk mål.

Bergh strekte alt her kjølen til spionverksemda si, for opplysningane var så nøyaktige at han vart møtt med tillit i London. Kort tid etter sette Brodersen han i kontakt med «Ole», som han på klassisk le Carré-vis møtte fordekt på Karl Johan. Brodersen hadde kontakt med den anti-nazistiske offiseren Th. Steltzer i Oslo, som vart med i krinsen rundt 20.-juli-mennene. «Ole» fekk no i oppdrag frå britisk etterretning å verva Bergh. Han bad han om å halda fram med studia i Dresden, endå Bergh var på veg til Trondheim.

Dermed var løpet lagt for eit fascinerande dobbeltliv som enda med eit triumfatorisk inntog i Oslo i maidagane 1945 med ein DKW- bil som han tok frå ein tysk offiser. På vegen heim over Danmark med den bilen fann Bergh seg sjølv mellom to armear i Nord-Tyskland, det som var att av Wehrmacht og den raude på rask framrykking. Det var friske tider.

V2
Göteborg vart det fremste kontaktpunktet med britane for Bergh. Der møtte han føringsoffiseren John Winstondale (JW). Han gav Bergh eit klårt oppdrag: Finn ut alt om atomvåpenprogrammet til tyskarane og rakettane dei skulle senda desse uhyggjelege våpna med. Heilt ope lét JW Bergh få ein kontakt i Springer-forlaget i Berlin, som offentleggjorde vitskaplege artiklar m.a. i atomfysikk, Paul Rosbaud. (Bergh såg han att tilfeldig i London etter krigen.)

Til saman vart dei eit draumeteam. Bergh skulle òg rapportera om bombeskadar, om kvar flyplassar låg og om bruken av transportårer. Etter fyrste kontakt tok John Winstondale farvel med ei klår melding: «If you get caught, we can’t help you.»

Rakettforsking
Historia som fylgde, hadde ei rekkje høgdepunkt. I oktober 1941 tok Bergh toget til Swinemünde på Austersjøkysten. Rykta hadde lenge gått om det løynlege senteret for rakettforsking som tyskarane hadde ved Peenemünde. Han haika og gjekk tett inntil og fekk syn for segn. Saman med Rosbaud rapporterte Bergh som den fyrste agenten om V2-utskytingstasjonanene, nøyaktig stad, forma på rakettane, 10–12 meter, sigarforma. Via BBC fekk Bergh stadfest at rapporten hadde kome fram. Men så hende det fantastiske: Britane trudde ikkje på det! Fyrst mykje seinare vart senteret bomba og då etter råd frå Bergh.

Bergh var nær ved å verta oppdaga i Dresden. Gestapo fekk brått stor interesse for den norske studenten med dei mange reisene heim. Men endå ein gong hjelpte flaksen, om ein kan seia det slik: Bombeåtaket 13. februar 1945, som la byen aud, eliminerte òg Gestapo-hovudkvarteret. Bergh overlevde så vidt ved å flytta seg frå ein kjellar han som ingeniør såg ville falla saman, til ein gang i same huset. Det berga livet hans. Skildringane av lidingane etter bombeåtaket fører tankane til Kurt Vonnegut.

Det er ein klisjé, men her gjeld det: Røynda er meir spanande enn den beste kriminalromanen. Godt at Sverre Bergh rakk å fortelja dette til Svein Sæter; eit nært og verdfullt tilskot til krigssoga.


Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake