Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Realfaglivet i fotnote 7

Av Roald Helgheim
,  06.10.06


Men som alle Solstad-kjennarar veit, er fotnotar ikkje nytt i romanane hans. Allereie i Roman 1987 sluttar han med ein fotnote. Etter at forfattar og hovudperson har fått seg ei yngre kone, følgjer han henne i ymse venninnelag, og sat til slutt «stille på en stol og hørte på deres dagligdagse samtaler med et lykkelig og idiotisk smil». Så følgjer fotnoten «Planlagt fortsettelse etter dette» i fire punkt, i ein familieidyll han ikkje greier å forsone seg med. «Det er noe likegyldig over ens egen lykke. Avslutter med gressklipping, har jeg tenkt meg.»

Sidan då har Solstad i bok etter bok drøfta romankunsten med lesarane, før han med Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman tek han heilt ut. Det er strålande gjort, men for meg har den femti sider lange fotnote 7 vore ei ekstra, til tider overveldande lesaroppleving. Midt på sekstitalet kjem Paul Buer og den beste venen hans Armand til universitetet på Blindern, Paul som realfagsstudent, Armand som filolog. Dei grupperer seg i kvar sin krins, rundt kvart sitt bord i studentkantina Fredrikke. Etter kvart hender det at realfagsstudenten på grunn av venskapen er gjest hos filologane, eller omvendt. Og det er her fotnoten i ein lang sekvens dveler ved realfagbordet, og spør kva denne skuleflinke gjengen eigentleg gjer der. «De var skoleflinke, ja mange til og med begavede, men det var noe de ikke kom ut av, selv de mest begavede. Det var noe som klebet ved dem. Når alt kom til alt var det mest særpregede ved dem at de var så alminnelige. Hvorfor var de her egentlig?»

Det er meg han spør, ein relativt skuleflink realfagsstudent midt på sekstitalet, i den same kantina. Brått er eg sjølv inne i fotnoten, fotfølgjande denne gjengen som «først og fremst (ville) leve et godt liv, men uten altfor store forventninger til det. I motsetning til de fleste andre studentene syntes de til og med at maten på Fredrikke var god, selv om de seg imellom sa at det var salpeter i den.» Der sat vi, lovande studentar i dei mest høgtragande disiplinar som matematikk og teoretisk fysikk, vitskapar som stilte deg andsynes dei verkeleg eksistensielle spørsmåla. «Det skulle man imidlertid ikke tro når man hørte samtalen rundt dette bord, heller ikke når samtalen dreide seg om det faglige. Da fikk man inntrykk av at de først og fremst gledet seg til å bli ferdig med sine studier, for å komme ut i skolen som matematikk- og fysikklærere, og gjøre en masse spas i elevenes nærvær.»

Den som trur at eg held filologar og andre for å vere meir tenkjande individ, tek feil. Andsynes oss som heldt oss til dei eksakte vitskapane, kunne andre studentar gjerne prale med ein Kafka eg hadde lese ståande på nattoget heim til jul. Eg lèt meg ikkje imponere, men eg kjenner meg djupt uroa. Der Elias Rukla i romanen Genanse og verdighet opplevde lærarrommet som ei samling gjeldsslavar med horisont deretter, observerer Paul Buer, eller er det Armand V., realfagflokken som ein gjeng som lever på godkjøpsmeiningar. «De hevdet at det var fornuftig det som det var meningen at de skulle mene var fornuftig, de anså som morsomt det som det var meningen de skulle anse som morsomt.» Ja, dei lét seg til og med røre av lagnader det var meininga dei skulle bli rørde av å lese om. «Men det hendte rett som det var at det oppstod uenighet rundt bordet, når det menneskelige fenomen var temaet.» Men det blir verre, til og med når vi nærmar oss kvinnene: «Hver for seg bød de seg fram for det annet kjønn, ikke direkte, ikke som kvinnebedårere, men de bød seg fram, i all sin alminnelighet»!!!

Eit uromoment i dette universet av godtkjøps meiningsfylde er Jan Brosten, sjakkspelar og lovande idrettsmann med eit NM på 400 meter hekk bak seg. Eit vagt minne om den verkelege hekkeløparen Jan Gulbrandsen, med briller, kjem for meg, frå nokre av forelesingssalane. Brosten sit ikkje fast med realfagbordet, men han er ein av dei sjakkspelarane eg også hugsar, frå eit sjakkrom så røykfylt at du kunne skjere lufta med kniv. For somme var sjakk eit påskot til å la studia gå rett vest. Ikkje så med Jan. Han kan vinne lett over Paul, men så dyrkar han det intuitive spelet, opnar med å ta store sjansar for så å slå til når motstandaren trur seg å ha han i kne. Det hender han taper, men han er den intuitive spelaren, som mot slutten av fotnoten blir med studentgjengen på ein utruleg tur til OSI-hytta i Nordmarka. Dei legg seg tidleg i soveposane, dei sunne gutane og jentene, for dei skal på lang skitur dagen etter. Brått byrjar ein å snakke i mørkret, den eine følgjer etter den andre, vi er ute i universet på veg til Mars, då ein tek ordet og hevdar med styrke at ein dag er datamaskina uovervinneleg i sjakk. Det kjem an på kven maskina møter, seier Jan. Møter ho den systematiske spelaren, vil ho vinne, men den intuitive spelaren vil aldri vere slått på førehand, av sjølv den mest fullkomne datamaskina.

Natta endar med at ein av studentane kjem med den reine lovsongen til tida vi lever i, med tanke på det store oljeeventyret som enno ikkje var påbyrja i Nordsjøen, men som låg der som ein kime til uendeleg lukke. Inntil ein av dei andre i mørkret peikar på at det ikkje er i Nordsjøen ein vil finne olje, men under. Det har han rett i, seier Jan. Med fotnote 7 har forfattaren reist ein bauta over den norske realfagsstudenten i avgjerande år. At mitt eige liv etterpå tok ei anna retning, som det heiter, er verken forfattaren eller medstudentane si skuld.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake