Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Sende sogningane til Jeriko

Av Ottar Fyllingsnes
,  29.09.06


Journalist Gunnar Hybertsen har skrive bok om Venke Aarethun og hennar engasjement for Palestina. Foto: Ottar Fyllingsnes
Ho fekk eit nært forhold både til Fathi og broren Yasir Arafat. Første gongen ho møtte den palestinske statsleiaren, var etter underteikninga av Oslo-avtalen i den norske hovudstaden i 1993. Der heldt ho tale, og då ho såg opp frå manuset, såg ho at Arafat hadde tårer i augo. Den neste gongen ho møtte Arafat, var på kontoret hans i Ramallah, og der var ho fleire gonger dei neste åra.
Venke Aarethun var leiar i Palestinakomiteen frå 1994 til 2004. Ho kjem opphavleg frå Lærdal i Sogn, er utdanna sjukepleiar og bur for tida i Trondheim der ho er tilsett ved St. Olavs hospital. Der arbeider ho som rådgjevar på ei avdeling for forsking og utvikling med tanke på å førebyggja sjølvmord.
– Der har eg ein heilt vanleg og keisam A4-jobb som eg set utruleg stor pris på. Etter mange turar til Midtausten er det godt å ha det trygt og greitt heime.

– Korleis vil du skildra Yasir Arafat?
– Han vart sedd på som ein av dei største terroristane i verda, men då eg møtte den gamle mannen første gongen i Gaza, sat han bak skrivebordet og såg på ein film om Aladdin, som han sette stor pris på. Eg opplevde Yasir Arafat som ein varm og nær person. Han hadde eit godt minne og kjende deg att frå gong til gong. Dessutan må ein hugsa at eg ikkje var politikar. Eg var ei heilt vanleg norsk dame som kom på besøk. Eg kom ikkje med pengar, men eg fortalde om hjelpearbeidet me dreiv i Palestinakomiteen. Eg fortalde kva eg opplevde i flyktningleirane i Libanon og i det palestinske området. I 2003 vart eg smugla inn i Rafah. Dagen etterpå kunne eg reisa tilbake til Arafat og fortelja kva eg hadde sett. Eg fekk også eit nært tilhøve til broren, Fathi Arafat, som vart råka av kreft. Eg vitja han på sjukehuset, men fekk streng beskjed om ikkje å fortelja presidenten kor dårleg det stod til med han. Dei to brørne kunne ikkje vitja kvarandre, men eg kunne fortelja Yasir korleis broren hadde det på sjukehuset. Dessutan var det stort for meg å ta bygdefolket frå Lærdal med inn til Yasir Arafat; ordføraren frå Lærdal og læraren min frå førsteklassen.

– Men i fjernsynsintervju stod Arafat fram som ein grinebitar som vart sint
når journalisten stilte ubehagelege spørsmål?

– Eg var verken journalist eller politikar, og dermed hamna eg i ein heilt annan posisjon. Ein gong hadde eg med ein norsk mjølkesjokolade og norsk lynghonning til han. Eg la sjokoladen på bordet. Han treiv han og la han ned i skuffa der pistolen hans låg frå før. Han fleipa overfor ein annan mann på kontoret og sa: Denne rører du ikkje! Eg opplevde Arafat som ein mann med glimt i auga, men han var både svekt og sliten då eg møtte han våren 2004. Det lure glimtet i augo var borte, og han snakka sakte, men då hadde han sete innesperra i hovudkvarteret i Ramallah i to og eit halvt år. Då me kom dit siste gongen, velta røyken opp frå ruinane. Forvridde armeringsjern stakk ut frå murblokkene. Kringom låg det utbrende bilvrak. Inngangspartiet var knust, og flya hang over oss. Den israelske tanksen nådde nesten heilt inn på skrivebordet til Arafat, utan at nokon i verdssamfunnet lyfta ein finger. Ingen annan statsleiar kunne ha levt under så uverdige tilhøve, utan at nokon hadde reagert.
Samstundes gjorde både USA og Israel det klart at dei ikkje ville ha noko med Arafat å gjera. Dei kravde å få ein ny leiar for palestinarane, og då Arafat døydde, fekk dei den meir pragmatiske Abbas som president.
– Men det er ei avleiing å snakka om personar. Derimot handlar det om ein ulovleg okkupasjon som har vart i snart seksti år. Då Arafat døydde, vart mange lurde til å tru at Palestina-konflikten handla om han. Fleire politikarar stod fram og uttrykte optimisme og von om at det skulle verta fred. Eg hugsar så godt då eg stod på grava til Arafat eitt år etter at han døydde i november 2004. Ingenting var endra. Situasjonen for palestinarane var nett den same som for eitt år sidan. Den ulovlege okkupasjonen heldt fram, muren vart bygd og palestinarar heldt fram med å leva i flyktningleirar.   

Venke Aarethun veit ikkje kor mange gonger ho var vore i Midtausten, men ho har vore der kvart einaste år sidan ho byrja å engasjera seg i Palestina-spørsmålet i 1985.
– Før eg vart mor, var eg der både i seks og sju månader i året. Etter 1992 har eg årleg vore der både tre, fire, fem og seks gonger.
På 80-talet var Venke Aarethun i flyktningleiren Shatila, der massakren skjedde i 1982. I dag er ho nært knytt til folk både i Libanon, i Gaza og på Vestbreidda.
No har NRK-journalisten Gunnar Hybertsen skrive bok om det langvarige og sterke Palestina-engasjementet til Venke Aarethun. Vitne heiter ho, og det er ei sterk blanding av den palestinske historia og Venke Aarethuns to tiår som solidaritetsarbeidar blant palestinarane.
Under besøka sine i Midtausten har ho fleire gonger vore i direkte livsfare.
– I arbeidet med boka var me innom episodar som det var vanskeleg for meg å skjøna at eg hadde vore med på det. Det var tøft å minnast, og eg har både gråte, snufsa og fortalt. Men eg har hatt flaks mange gonger, både då eg arbeidde inne i flyktningleiren Shatila, og då eg var ute under borgarkrigen i Libanon. Der og då tenkte eg nok på det som mannen og foreldra mine frykta; at det skulle enda med at eg kom heim att i ei kiste.
Aarethun har sett at andre har mist livet, men sjølv har ho alltid kome seg heim att uskadd. Likevel slår ho fast at ho aldri ville vore denne erfaringa forutan.
– Aldri, slår ho ettertrykkjeleg fast.

– Eg har vore svært heldig! Det har slett ikkje vore berre tragediar. Eg har møtt mange flotte folk, og det har vore mykje artig. I alle fall har eg fått eit perspektiv over livet mitt som gjer at eg kan reflektera annleis enn mange andre gamle damer. Eg er i stand til å reflektera over ting som andre kanskje ikkje tenkjer over. I Gaza hender det at ein får inn skuleungar som er drepne med skulesekken på ryggen. Når eg kjem heim att til min eigen familie, hender det at eg står og ser mi eiga dotter gå til skulen med sekken på ryggen. Og eg tenkjer på kor heldige me er som lever i eit fredeleg land, og eg er glad over å kunna senda henne trygt på skulevegen. Det er kanskje ikkje så mange på min alder som tenkjer slik. Det er så fritt og fint hjå oss. Ein slepp både sjekkpostane og soldatane. Det hender eg legg meg om kvelden, men vaknar opp og lurer på kvar eg er. Då gler eg meg over at det er lyden av ruteflyet frå København eg høyrer og ikkje lyden av bombefly, seier Aarethun.
Og innrømmer at ho har vorte flinkare til å leva i augneblinken.
– Eg har lært meg ikkje å uroa meg for alt som kan koma til å skje. Eg har lært så mykje, spesielt av dei palestinske kvinnene, blant anna om aldri å sleppa taket i håpet, om å ta tak og stå på! Eg synest at eg har vore svært heldig. Berre det å få leva saman med eit så raust og gjestfritt folk som palestinarane har vore stort. Difor gler eg meg til å reisa tilbake i byrjinga av november.
I dag er Venke Aarethun vanleg medlem av Palestinakomiteen, og ho arbeider mykje i venskapsforeininga Trondheim–Ramallah. Men framleis arbeider ho med ulike prosjekt som Palestinakomiteen har på Vestbreidda, i Gaza og Libanon.
– Etter den siste intifadaen oppdaga me at ambulansepersonell hadde forferdelege arbeidsvilkår, og det har me prøvt å gjera noko med. Me har også eit førebyggjande helseprosjekt retta mot kvinner og born i Shatila.

I 1996 skreiv Venke Aarethun eit brev til ordføraren i Lærdal og kom med framlegg om at kommunen burde inngå ein venskapsavtale med Jeriko, den første byen på Vestbreidda som fekk sjølvstyre. Det enda med at eit samrøystes kommunestyre gjekk inn for ein slik avtale.
– All ære til politikarane i Lærdal som ikkje avviste oppmodinga!
Året etter reiste Venke Aarethun saman med formannskapet i Lærdal til Jerusalem. På den turen tok ho også med mora, Herborg Aarethun.
– Ho var med på så mykje, frå lunsj med vanlege folk til møte med Arafat, men ho opplevde overnattinga inne i flyktningleiren som det viktigaste med heile turen. Der inne skjøna ho kva som dreiv meg, og kvifor eg hadde halde på med dette arbeidet i så mange år.
Venke Aarethun fekk eit nært tilhøve til broren til den palestinske presidenten. Fathi Arafat var barnelækjar og leiar av den palestinske avdelinga av Raude halvmåne.
– Han kom til og med til Lærdal, fortel ho – og ler hjarteleg når ho tenkjer på dansen med Arafat ei sommarnatt i Lærdal.
– Fathi var ein fantastisk person. Han var både open og sosial. Sjølv om det var i eit selskap, var han dyktig til å få kvar enkelt til å kjenna seg både velkomen og unik. Fathi var svært oppteken av at eg skulle få sjå meg omkring i Midtausten. Blant anna drog han meg med opp i eit jødisk nybyggjarfelt. Han likna svært på Yasir Arafat, men sat likevel framme i bilen.
– Du må sjå, du må sjå, sa han. Eg sat i baksetet og var skitnervøs. Kva hadde skjedd om israelarane hadde sett han, og forveksla han med presidenten?

Venke Aarethun fortel entusiastisk om Fathi Arafats besøk i Lærdal. Om fisketuren på fjorden, om marknaden, musikken, plattingsdansen og møtet med bygdefolket. Det er så mange gode minne.
– Eg køyrde gjennom Lærdal med Fathi framme og ordføraren og fylkesordføraren bak. Eg kjem aldri til å gløyma andletet på ein del lærdøler i vegkanten. Og ikkje dansen med Fathi Arafat, medan mannen min stod tvikrokut og lo. Ikkje hadde han fotoapparat med seg heller, men eg har lagra alt godt her, seier Venke Aarethun og peikar lattermildt på skallen.
– Tilstellinga mellom dei gamle verneverdige husa i Gamlegata i Lærdal var så flott! Bygdefolket møtte opp, og det vart nokre fantastiske dagar, både for Fathi Arafat og for ordføraren frå Jeriko. Dei var overvelda av den varmen som bygdefolket møtte dei med. Den kvelden dei kom til Lærdal, var me ute og gjekk i junikveldslyset, mellom dei stupbratte fjella og fossane som buldra. For dei var det eit eventyr. I Jeriko snakkar dei framleis om turen til Lærdal, og dei har kalla ei gate for «Laerdal Street».
Men ikkje nok med det.
– I kulturutvekslinga mellom kommunane kom ei heil gruppe frå Jeriko til Lærdal. Blant desse var det ein bakar frå Jeriko som sat nede på gamle Øyri og bakte arabiske brød. Og det var ei beduinkvinne som både song, dansa og laga mat. Det var palestinske handverkarar som samarbeidde med det lokale husflidslaget, og folkemusikarar frå Lærdal vart kopla med musikarar frå Palestina. Slike arrangement er viktige. Dei medverkar til at folk møtest og vert kjende med kvarandre.

I boka står det ingenting om Vibeke Aarethuns tilhøve til israelarane, og når eg spør, får eg ikkje noko direkte svar.
– Skreiv du noko om det i boka, Gunnar, spør ho og ler.
– Eg prøvde å spørja, men det vart ikkje noko særleg av det, slår Hybertsen fast.
– Kva meiner du, spør Aarethun – og ser på underteikna.
– Hatar du israelarane?
– Nei, nei, nei! Det er svært viktig å skilja mellom den politikken som staten Israel fører og den vanlege israelaren. Det finst ei fredsrørsle i Israel, og det er mange jødar som er mot den politikken som vert førd.
– Ser du for deg ei snarleg løysing på Palestina-problemet?
– Eg trur det vil ta lang tid, og eg trur at palestinarane må vera tolmodige.
– Men du kjem til å halda fram?
– Ja, eg vonar å ha såpass god helse at eg kan halda på i mange år enno. Men mange gonger stoggar eg opp og spør meg om eg orkar dette. Det er ikkje berre berre å dra til Palestina når krigen rullar over fjernsynsskjermen, og du må forklara 13-åringen at du må berre ein liten svipptur til Midtausten.
Samanlikna med 80-talet har synet på Palestina endra seg her i landet, men framleis får Venke Aarethun ubehagelege telefonar.
– Denne boka kjem nok til å føra til at eg får endå fleire, men eg har vore vitne til så mykje at eg kan ikkje stogga. Eg kjenner ei moralsk plikt til å stå på vidare!



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake