Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Sin eigen president

Av Roald Helgheim
,  22.09.06


Det spør eg etter at å ha lese Joan Didions giftige demaskering i Cheney. The Final Touch, som er hovudoppslaget i det siste nummeret av New York Review of Books. Kvar gong eg zappar innom «Presidenten», ser eg ein meir og meir redusert Martin Sheen kjempe sine siste slag i huset han snart skal forlate. Skal serien gje folk illusjonar om kva dette embetet kunne ha vore, i samfunnets teneste? Privat er Sheen den mest ihuga krigsmotstandaren i USA. Kan hende er Geena Davis det også, den første kvinnelege presidenten som i serien «Commander in Chief» ikkje berre har ein til tider misunneleg ektemann å stri med, men ein Speaker of the House som i hamen til Donald Sutherland er ein konstant intrigemakar. Målet er alltid like edelt, som når Michael Douglas’ The American President gifter seg med ein kritisk miljøaktivist (Anette Bening) etter å ha forstått alvoret, i ei rolle han etter eige utsegn spela for å gjenreise presidentembetet i folks medvit.

Joan Didion er forfattar av fleire bøker om amerikansk politikk, og hyppig skribent i New York Review of Books. Cheney. The Final Touch handlar om renkesmeden og den mest utspekulerte desinformanten i Washington. Det var føreseieleg at denne mannen skulle bli den sentrale spelaren i systemet av «willed errors» og påfølgjande bortforklaringar som under presidentskapet til Bush er sett i system. Mange bøker med forfattarar som Henry Kissinger, Bob Woodward, Hans Blix, Paul Bremer og andre ligg til grunn for portrettet av mannen som laug oftast og mest under opptakten til Irak-krigen, også når alle løgnene for lengst var avslørde for all verda.

Fram står ein kynisk strebar som sidan han svikta det demokratiske familieopphavet sitt og møtte Donald Rumsfeld i 1968, intrigerte seg oppover i systemet. På den tida hadde han studert til doktorgrad i statsvitskap, «gjorde alt arbeidet, men skreiv ikkje avhandlinga», som han sa. Difor hadde han lite å skilte med då han med kone og eit barn kom under vengene til den alt mektige Rumsfeld. På kontoret til kongressmannen Bill Steiger kom Cheney over ein lapp frå Rumsfeld, der han bad om råd etter at president Nixon hadde bede han bli med i den nye administrasjonen som leiar for Office of Economic Opportunity. Cheney såg ein sjanse, og over helga skreiv han eit memo for Steiger om kva mannskap Rumsfeld trong. Cheney vart ein av dei, og då Rumsfeld vart stabssjef for Gerald Ford etter Nixons fall, tok han Cheney til nestkommanderande.

Løpet var dermed lagt for to parhestar som starta med å vippe visepresident Nelson Rockefeller av pinnen (Cheney sytte for at lyden var borte når han tala), innsetjing av George Bush senior som CIA-sjef etter William Colby, Rumsfeld som forsvarsminister i staden for James Schlesinger, Dick Cheney som stabssjef. Cheney var forsvarsminister under Bush senior, og tente seg etterpå styrtrik i firmaet Halliburton, før han vart nestsjefen til Bush junior. Men det han i mangel av doktorgrad gjorde til vitskap, var å innføre ein retorikk der omkvedet var at embetet alltid hadde «all den legale autoriteten vi treng» når ein ikkje hadde det, som i den første saka om ulovleg avlytting. Å følgje konvensjonane i krig ville koste «tusenvis av liv», sa Cheney, som av ein tidlegare CIA-direktør vart kalla «visepresident for tortur». Snart vart Det kvite huset omdøypt til eit «wartime presidency», der alt juridisk som stod i vegen, var å «bakbinde presidenten».

Didion viser korleis Cheney i ettertid desinformerte media om Iran Contras-skandalen, og sa at Watergate ikkje var ein kriminell konspirasjon, men ein maktkamp mellom dei lovgjevande og dei utøvande i administrasjonen. Når CIA sjølv påviste at uransporet som skulle rettferdiggjere Irak-krigen, var falskt, sa Cheney i ein tale at «etterretning er ein usikker business». Glansnummeret var det påståtte møtet mellom 9/11-kapraren Mohamed Atta og irakiske etterretningsteneste i Praha, ein påstand han først fremja i fjernsynet tre gonger, før han i ein fjernsynsdebatt med senator John Edwards i 2004 sa at «eg har aldri hevda at det er nokon samanheng mellom Irak og 9/11». Korleis det vart spreidd systematisk forvirring om uransporet, er vel kjent. Didion viser korleis metoden med først å så desinformasjon, så trekkje han attende for så å la han dukke opp att ein annan stad, har blitt ein profesjon under eit presidentstyre der nestkommanderande systematisk samlar makt på eigne hender. Etter at Cheney tok seg stadig større rettar, fekk han som første visepresident i USA sjølv rett til å utøve makt, eit krav om «med-presidentskap» som vart stadfesta på ny i 2003, i presidentordre nr. 13292, som gjev han same mynde til å gradere informasjon som presidenten. Han driv eit visepresidentkontor som nektar å opplyse om kven som arbeider der.

At han har vore ei drivkraft i å utvide retten til hardare forhøyrsmetodar, seier seg sjølv. I den saka tapte Bush nyleg så det song. Men i Irak er det den gamle Halliburton-direktøren som har sytt for at ikkje berre hadde Halliburton åleine kontraktar for over 11 milliardar dollar i 2004, men at det finst hundrevis av kontraktørar som utan å stå til rekneskap for nokon utøver krigsmakt som fengsling og anna. Som han sa i sin eigen Halliburton-periode, var dei første som helsa USA-soldatane velkomne og den siste som vinka adjø, «ein av våre tilsette». Dick Cheney er sin eigen president. Difor gjer han som han vil.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake