Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Over til Hoboken

Av Øyvind Vågnes
,  08.09.06


MUSIKK
Yo La Tengo:
I Am Not Afraid of You and I Will Beat Your Ass
Matador/Playground

Det opnar med eit beinhardt riff i botnen og flerrande kaskadar av elektrisk gitar, i eit over ti minutt langt medrivande spor – ein modig måte å ønskje velkommen til fest på. Men så er det jo òg Yo La Tengo som inviterer, heim til Hoboken.

Om du skrur på NRK1 i ellevetida torsdag kveld, vil du nok ein gong sjå Tony Soprano setje seg bak rattet, smatte på sigaren, og køyre frå New York og gjennom forstadsområda i New Jersey ut til villaen han bur i. Det er dette nokså sjarmlause urbane landskapet vi ser gjennom bilruta hans som Yo La Tengo kjem frå, nærare bestemt byen med namnet Hoboken. Det har gått tjueto år sidan ekteparet Ira Kaplan og Georgia Hubley stifta bandet. Samansetjinga skifta i nokre år før James McNew kom til tidleg på nittitalet, og bandet vart ein trio. I løpet av nittitalet vart dei kritikarfavorittar, og utvikla seg til å bli ein institusjon i det lausleg skisserte feltet som vert omtala som indierocken, den uavhengige amerikanske rockemusikken.

Variasjon utan sprik
Yo La Tengo har ein rik og omfattande diskografi, og her er det sjølvsagt berre plass til å nemne nokre sentrale nedslagspunkt i historia til bandet. Painful (1993) var den første plata Roger Moutenot produserte; samarbeidet har vart i årevis, og Moutenot, som òg er med denne gongen, har spela ei viktig rolle i å hjelpe Yo La Tengo til å utvikle sitt heilt særeigne blandingsuttrykk. I Can Hear the Heart Beating as One (1997) representerte i så måte eit gjennombrot for bandet; plata markerer ein tydeleg overgang til ein meir sofistikert og krese variert lydproduksjon. Kvar komposisjon på plata vitnar om denne uvanlege evna til å utforske vidt forskjellige sjangeruttrykk som har vorte eit kjennemerke for Yo La Tengo.

Nye I Am Not Afraid of You and I Will Beat Your Ass spenner breitt i så måte, utan at det akkurat sprikjer; nokre grunnleggjande element gjev nemleg alt bandet gjer, ein tydeleg identitet. I all hovudsak fungerer Kaplan som vokalist og gitarist, McNew som fjellstø bassist, og Hubley er ein av dei kulaste syngjande trommisane i verda. Innanfor desse avgrensa rammene er det utruleg kva gruppa får til. Frå den euforiske opninga går plata over til nynnevenleg leiketypop med karakteristisk tengoske vokalharmoniar i «Beanbag Chair». Deretter ber det over i eit dempa, forsiktig ønske om å kome seg heim i «I Feel Like Going Home», der Hubley syng over eit enkelt pianotema, medan David Mansfield tilfører kledeleg fiolinspel utan å gjere for mykje av seg. Røysta til Hubley er varm, nær, uspektakulær, skjør, men insisterande. Når songen vert avløyst av funky og hardt dansbare «Mr. Tough», komplett med falsettsang og soul-blåse-rekkje, har Yo La Tengo fått til meir variasjon på fire songar enn mange band får til i løpet av ein karriere.

Hemningsløysa
Plateomslaget til And Then Nothing Turned Itself Inside-Out (2000) er smykka med eit meisterleg fotografi av Gregory Crewdson, ein mann som har sirkla inn eit mytisk-surrealistisk forstads-USA i ei rekkje slåande bilete. Det viser ein epifanisk augneblink: ei strime med lys bryt gjennom mørkret og fell ned på eit einsleg menneske som har forlate huset og gått ut på vegen. Kva som er å finne der ute, er saktens ikkje godt å vite. Songane på albumet – ei elegant, dempa samling varme meditasjonar over kjærleiken – står framleis som det beste Yo La Tengo har prestert; dei rommar epifaniane innpakninga varslar. Alt albumet byd på, er uunnverleg, rett og slett.

Slik var det ikkje med den innsmigrande og nokså mjuke, sommarlege sjarmplata Summer Sun (2003), og slik er det heller ikkje denne gongen, på denne skarpare og meir kompromisslaust eklektiske nye plata. Med femten songar som klokkar inn på vel fem kvarter, er plata i kvar forstand grenselaus. Eg saknar ein strammare regi, kor kort det enn er mellom høgdepunkta. For det er mange slike: «Sometimes I Don’t Get You» er ein uimotståeleg jazza liten vals, nok ein gong framførd i falsett, med ein snublande pianosolo; den ni minutt lange instrumentalen «Daphnia» har dette cineastiske over seg som òg det flotte lydsporet The Sounds of the Sounds of Science (2002) naturleg nok hadde, musikk laga til undervasskortfilmar av regissøren Jean Painleve. Den tunge, feedback-drivne gitarstøyen på avslutningssporet er òg storarta, men tre spor på rundt ti minutt er mykje på ei enkelt plate – i alle fall når dei er samanstilt med tolv andre spor.

Den uhøgtidelege haldninga Yo La Tengo har til å lage musikk, er likevel frigjerande, og ein kan lure på om ikkje overskotet er livsnødvendig for energien bandet legg for dagen i alt dei føretek seg. Då er det kanskje ikkje så viktig at ikkje alt er umisteleg. Tidlegare i år kom Yo La Tengo Is Murdering the Classics ut, som berre er distribuert over nettet; gruppa har i årevis stilt opp på innsamlingsaksjonane til den lokale radiokanalen WFMU, og på sparket spela songar lyttarar har ønskt seg. I denne spontane galskapen kan ein ane kor viktig hemningsløysa rett og slett er for Yo La Tengo. Ho definerer identiteten til bandet, motivasjonen om å gje form til ein stadig foranderleg eklektisisme. På sitt beste inviterer gruppa ikkje berre til refleksjon rundt kva som utgjer ein musikalsk sjanger, men òg til å ha det uvanleg moro når ein lyttar.

Øyvind Vågnes er fast platemeldar i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake