Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ein garantert vinnar?

Av Bent Kvalvik
,  01.09.06


TEATER
Nationaltheatret:
Gengangere
Av Henrik Ibsen. Omarbeidd av Alexander Mørck-Eidem og Ole-Johan Skjelbred
Regi: Alexander Mørck-Eidem
Scenografi: Olav Myrtvedt

Vanlegvis når eg ser Gengangere av Ibsen på scena, tenkjer eg at dette stykket er så bra at det mest kan gå på autopilot. Det kan ikkje øydeleggjast. Jamvel med dårleg spel må det verte bra. Etter å ha sett den nye oppsetjinga til Nationaltheatret, sjølve hovudgratulasjonen til Ibsen-jubileet, er eg diverre i tvil. For dette er faktisk ikkje særleg bra.

Ingenmannsland
Hovudproblemet til oppsetjinga er det same som mest alltid syner seg i nyare institusjonsteaterversjonar av Ibsen. Ein kan sjølvsagt ikkje spele stykket «etter boka», i same scenografi og spelestil som i 1881. Ein må finne eit uttrykk som får innhaldet til å henge saman med eit teaterspråk publikum i dag kan vere med på. Det ein ofte landar i, og diverre denne gongen òg, er eit merkeleg blanda ingenmannsland, der folk går rundt i moderne klede og eit nærast nonfigurativt scenebilete og titulerer kvarandre «fru», «frøken» og «pastor» og snakkar om speciedalar og liknande. Her er rett nok språket sprita opp med ganske så notidige bannord, men vinglinga mellom gamalt og nytt gjer likevel ikkje inntrykk av noka medviten kunstnarleg retning.

Utruleg
Anne Marit Jacobsen har fått den attraktive rolla som fru Alving, ei av Ibsens største erkjenningsheltinner. Ho synest ho har kjempa mot fordommar og falske plikter heile livet sitt – og har mykje å gjere godt att, både for seg sjølv og andre. Tragedien opnar seg etter kvart som ho oppdagar at livet rundt henne har fleire uløyselege knutar enn ho ante. Anne Marit Jacobsen ser ut til å ha alle rette anslag for rolla på plass, men av di ho ikkje får lov til å vere gamaldags overklassekvinne, men kvardagsleg inn mot det ubetydelege, kjem ingen av dei kloke og kraftfulle replikkane hennar til sin rett, og pastor Manders (Bjørn Sundquist) vert heller ikkje synleg sjokkert over dei; det meste prellar tydelegvis av på denne dorske pastoren. At det ein gong i tida skal ha vore erotisk spenning mellom desse to, trur vi ikkje på ein augneblink.

Og der fru Alving sjølv får vite nyhende som gjer henne sjokkert, redd og fortvila, kjem ho heilt ut av fokus, av di son hennar, Osvald, aldri vender seg direkte til henne. Det skal seiast at Ole Johan Skjelbred som Osvald gjer sjukdomsutbrotet i sluttscena til det mest fjetrande i heile framsyninga. Hadde han kommunisert litt meir med mor si i løpet av stykket, hadde det likevel vore endå betre.

Den sosiale statusskilnaden mellom personane, som er naudsynt for mange av dei personlege spenningane, vert oppløyst ved at alle opptrer med same sjølvsagde autoritet. Det er vanskeleg å skjøne korleis den sleiske snikkar Engstrand kan snurre pastor Engstrand rundt veslefingeren når han er så endefram som her, og det er endå verre å skjøne korleis fru Alving kan sitje og høyre på alvorsord frå pastor Manders, når han brukar mikrofon og faldar hendene før han skal byrje å snakke. (Skulle dette kan hende vere morosamt?) Og tenestejenta Regine, som så finurleg skal innynde seg hos pastoren, kan vi tru at ho kan oppnå noko ved å setje seg på fanget hans og gnikke på han?

Utgått på dato
Framsyninga er ramma inn av eit gjennomsiktig forteppe som syner scenografien til Gengangere på Nationaltheatret i 1900. Så lèt ein stykket byrje med ei innleiing av snikkar Engstrand (Trond Brænne), som fortel at scenografien i år skal vere ei slags vidareføring av 1900-versjonen. Mellomaktsmusikken skal vere den same som i 1900, fortel han, og peikar på kassettradioen han har med seg. I ei av mellomaktene kjem Regine (Andrea Bræin Hovig) fram og syng Schumanns «Abendslied», av di det òg var mellomaktsmusikk den gongen. Ein del slike fikse påfunn og overraskingar har ein altså lagt inn, for, som teatersjefen lovar i programheftet, å la sjølve tradisjonen kaste nytt lys over Ibsen på teatret. Det nedslåande er at ein berre må spørje seg: Kvifor herje slik med Ibsen? Må han hjelpast til å verte forståeleg, også i bodskapen? I Ibsen-året 2006 vert det kan hende tydelegare enn nokon gong at når ein freistar å gje Ibsen «face-lift», får ein han berre nettopp til å verke støvete og gamaldags.

Unge menneske som ikkje kjenner Ibsen, vil neppe finne han aktuell eller spennande ved å sjå Gengangere på Nationaltheatret. Dei vil truleg synest dette er keisamt – og utgått på dato.

Bent Kvalvik er filmarkivar og teatermeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake