Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Skulebøker kjem altfor seint

Av Svein Gjerdåker
,  01.09.06


Berre rundt halvparten av lærebøkene til Gyldendal for yrkesfaga var ferdige til skulestart. Mellom anna var ikkje bøker for helse- og sosialfag, byggfag, elektrofag og teknologi og industriell produksjon klare i tide. Fleire av oppgåvebøkene kjem ikkje før i oktober eller november. Gyldendal er det store forlaget for lærebøker for yrkesfaga på vidaregåande skule. Men også andre forlag slit med å få ferdig bøker sine.

Verst står det til med nynorskutgåvene. Fleire av lærebøkene på nynorsk kjem minst ein månad etter at bokmålsutgåvene er ferdige.

– Ikkje vårt ansvar
Gyldendal vil ikkje ta ansvaret for forseinkingane.

– Det må Utdanningsdepartementet ta ansvaret for. Vi arbeider dag og natt for å få ferdig bøkene, seier forlagsdirektør Paul Hedlund i Gyldendal.

– Forlaga, forfattarane og grafisk bransje sa for lenge sidan klart frå om at det var uansvarleg å innføra nye lærebøker på same tid for så mange skuletrinn. Men vi vart ikkje høyrde, seier Hedlund.

– Korleis skulle vi greia å få ferdig lærebøkene for yrkesfaga i august når læreplanane fyrst låg føre i mars, april? Så seint som i vår sa vi frå om at reforma for yrkesfaga burde venta eit år, men til ingen nytte. Vi opplever det difor som svært urettferdig når vi får kritikk for noko vi ikkje kunne gjera noko med.

Direktøren fortel at Gyldendal prøver å bøta på litt av problema for nynorskelevane ved å leggja dei fyrste kapitla i nynorskutgåvene gratis tilgjengeleg på internett. Det har aldri tidlegare vore gjort. Men det hjelper ofte lite. Mange av elevane kjøper bøkene på bokmål når dei veit dei må venta opp til to månader på nynorskutgåvene.

Svært uheldig
– Dette er svært uheldig. Vi har sagt frå om dette for lenge sidan utan å nå fram, seier leiar i Noregs Mållag Hege Myklebust.

No har fleire forlag, Utdanningsdirektoratet og Noregs Mållag kome fram til ein del hastetiltak for å bøta på situasjonen. Elevane skal kunna lasta ned dei fyrste kapitla av bøkene når dei er klare for trykking, og ein del forlag tilbyd òg at elevane får byte inn bokmålsutgåva mot ei nynorskutgåve så snart boka ligg føre på nynorsk.

– Men problemet er at det vert lagt for mange initiativ og for mykje ansvar på nynorskelevane. Elevane må ha eit medvite og sterkt ønske om å halda på nynorsken når dei opplever ein slik situasjon som vi har no. Det er lett for mange å ta til takke med bokmålsutgåvene når dei ikkje finn nynorskbøker i bokhandelen, seier Myklebust.

Heilskapsvurdering
– Det er klart det er uheldig at lærebøkene ikkje er ferdige, men ut frå ei heilskapsvurdering har vi ikkje vilja utsetja reforma, seier statssekretær Lisbet Rugtvedt i Kunnskapsdepartementet.

– Vi har presisert at det aldri har vore ein absolutt føresetnad at lærebøkene i alle fag var ferdige til skulestart.

– Kva seier du til nynorskelevane som ikkje får lærebøker før langt ut i september eller oktober?
– Det er diverre eit problem, men reglane er klinkande klare: Lærebøkene skal vera ferdige samstundes. Det er eit tilbakevendande problem at forlaga ikkje greier å levera nynorskutgåvene til rett tid.

– Så du legg i dette tilfelle skulda på Gyldendal?
– Eg kjenner ikkje detaljane godt nok, men eg ser at forlaga har hatt ein stram tidsplan.

– Alle har jo visst i lang tid at dette ikkje kom til å gå. Burde ikkje lærebøkene vore ferdige i april og fagplanane seinast i oktober, november i fjor?
– Då ville vi hatt ein for kort fase for innspel og tilbakemelding av planane.

– Ja, og difor burde vel heile reforma vore utsett eit år. Kvifor hasta det slik?
– Om ein berre tok utgangspunkt i lærebokproblemet, er det rett. Men ut frå ei totalvurdering meinte vi det var rett å halda tidsplanen.

– Nynorskelevane i yrkesfaga ser kanskje annleis på det?
– Eg er ikkje usamd i det, seier Rugtvedt.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake