Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Vil varsle om barbariet

Av Per Anders Todal
,  01.09.06



Nina Witoszek, forfattar og professor ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo, inviterte til debattselskap i heimen sin. «Et anti-islamsk nettverk», hevda Klassekampen. Så braka det laus. Witoszek og medarrangør Shabana Rehman meinte avisa hadde sett liva deira i fare.
– Føler du verkeleg at oppslaget til Klassekampen sette deg og dei andre initiativtakarane i livsfare?
– Ja, eg trur ikkje det er å overdrive. Det oppslaget var farleg og uansvarleg. Men eg tenkjer at det vart slik på grunn av dumskap heller enn av vondskap, seier Nina Witoszek.

– Om ei slik sak var nok til å setje dykk i livsfare, må ytringsfridommen i Noreg vere alvorleg truga?
– Eg fekk ikkje direkte drapstruslar sjølv, men eg fekk eit par telefonar som var trugande nok. Shabana Rehman, som har lang erfaring med truslar, sa til meg at no må vi slå alarm, elles kan det skje noko fort. Og ho er ikkje så lettskremd.

– Men på den andre sida: Det finst ikkje så reint lite kritikk av islam eller muslimar i offentleg debatt i Noreg i dag?
– Det finst ingen eksplisitt, direkte sensur i norsk offentlegheit. Men det finst eit skjult diktatur, det finst strenge reglar for kva som er politisk korrekt å seie om ein del tema. Dette gjeld også jødedommen: Det er nesten blasfemisk å snakke kritisk om jødedom i dag. Eg var usamd med kronikken til Gaarder om Israel, men støttar hans rett til å skrive kritisk om jødedommen.

– Du reagerte med harme på å bli kalla anti-islamsk. Men er det så gale å vere anti-islamsk, mot kristendommen eller mot religion i det heile?
– Eg er verken for eller mot kristendommen, islam, buddhismen eller jødedommen. Men ein kan vere open og tolerant og samstundes ha ei kritisk fundert meining om ulike former for religion. Eg er mot islamismen, fordi den er den verste, mest mordarlege forma for islam.

– I Morgenbladet har du omtalt muslimske land som samfunn som handsamar halvparten av innbyggjarane sine, altså kvinnene, som kveg. Det er vel i alle fall ikkje ros av islam?
– Det er ein kritikk mot ein del av islam, ein del som umyndiggjer kvinner som individ. Eg trur vi skal vere konsekvente i fordømminga vår av kvinneundertrykking overalt. Som dårleg katolikk veit eg at det finst element av same understraumar i min eigen tradisjon.

– Du har skrive at vestlege intellektuelle er så kritiske til vestlege verdiar at det blir destruktivt. Men er ikkje evna til sjølvkritikk noko av styrken til moderne samfunn?
– Eg føler iblant at dei antivestlege tendensane blir for sterke. Det har kanskje å gjere med bakgrunnen min som austeuropear, og erfaringa med å leve under eit totalitært styre. Det er lett å kritisere den liberale, vestlege kulturen til døde. Men kva skal dei da tru på, polske og albanske immigrantar eller sekulære muslimar, om vi kritiserer den liberale kulturen i hel? Om vi reduserer vestleg historie til berre tomheit og holocaust, blir det ingenting positivt å streve etter.

– Det er vel farlegare om ein kultur heilt manglar evne til å kritisere sin eigen praksis og eigne verdiar?
– Jo jo. Men om vi verkeleg vil skape eit «fleirkulturelt samfunn» – eg likar ikkje det ordet – må vi ha eit system som folk kan integrere seg i. Det får vi ikkje om vi kritiserer alt det vestlege til døde.

– Du har på den eine sida vore ein forsvarar for mangfald av stemmer, meiningar og kulturar. På den andre sida kritiserer du det du kallar «den feige multikulturalismen»?
– Multikulturalismen blir feig om vi bøyer oss for minoritetskulturar som undertrykkjer kvinner, høgg hendene av tjuvar eller set avvikarane sine i konsentrasjonsleir. Vestleg kultur må ikkje flykte frå og forråde verdiane sine.

– Du har samanlikna vestlege intellektuelles passivitet overfor islamismen med passiviteten tysk intelligentsia viste overfor Hitler. Er det eigentleg ein god parallell?
– Det hender at eg overdriv litt for retorisk effekt. Men det finst parallellar. Togna og eskapismen til tyske intellektuelle tillét at totalitære krefter fekk makta i Tyskland. Og togna i dag kan tillate at totalitære krefter får makt. Som europeisk intellektuell er oppgåva mi å skrike ut og varsle, lik dei mytiske gjæsene som berga Roma frå barbarane.

– Var USAs invasjon i Irak eit forsvar for humanistiske verdiar og det liberale demokratiet?
– Nei, han var ikkje det. Eg var veldig tvisynt til den invasjonen. Det eg prøvde å gjere i debatten om Irak-krigen, var å forklare kvifor mange europeiske intellektuelle, dissidentar som hadde opplevd undertrykking, støtta krigen. Men som vanleg vann USA krigen og tapte freden.

– Med bakgrunn i eigne erfaringar er du ein skarp kritikar av kommunismen. Du har òg peika på korleis kommunismens forsøk på å undertrykkje religiøse uttrykk berre gjorde religionen enda meir attraktiv fordi han var forboden. Kan ikkje liknande skje om muslimar i Vesten kjenner seg undertrykte?
– Det kan skje. Og den verste fienden vår er marginalisering og ekskludering. Vi bør alle jobbe meir med å inkludere minoritetane betre i arbeidsmarknaden og i det politiske livet. Innvandrarar opplever mange audmykingar som ikkje kjem av rasisme, men av mangel på innsikt og sensitivitet.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake