Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Skakande sanningar
Albert H. Collett,  19.08.06

John Pilger, ein av dei mest heidra journalistane i verda, har på nytt levert ei bok så full av skakande historier at vi blir kvalme av å lese. Arkivfoto: Per Anders Todal

DOKUMENTAR
John Pilger:
Freedom Next Time
Bantam Press 2006

I 1971 fanga amerikanske soldatar alle hundane på Chagos-øyane. Fleire hundre hundar vart stengde inne i eit lagerbygg. Militære lastebilar vart rygga inntil, eksosen send inn gjen­nom slangar. For å vere heilt sikre på resultatet, sette soldatane fyr på bygget. Lyden av hylande hundar gjekk gjennom merg og bein på eigarane.

Ordren om hundedrap kom frå den britiske koloniherren. I løynd for både britiske og amerikanske folkevalde hadde Storbritannia leigt ut Chagos-øyane til USA. Hundedrapa var eit signal til innbyggjarane om at dei ville lide same lagnad om dei ikkje forlét heimane frivillig. Alle dei to tusen innbyggjarane vart stua om bord i frakteskip og deporterte til Mauritius og Seychellene. Da John Pilger oppsøkte dei mange år seinare, levde dei i ytste fattigdom. Mange var døde, også mange barn.

«Kva døydde dei av?» spurde Pilger. «Sorg», var svaret.

Dei som er igjen, har ingen utsikter til å få returnere, trass i at britisk rettsvesen har dømt deportasjonen ulovleg. Basen på Diego Garcia, ei av Chagos-øyane i Indiahavet, er ein av dei største til USA. Den var og er eit sentralt utgangspunkt for åtaka på Afghanistan og Irak.

Deportasjonen i 1971 skjedde samtidig med at Storbritannia brukte to milliardar pund på å halde oppe herredømmet over ei anna øygruppe, også den med to tusen innbyggjarar. Skilnaden? Innbyggjarane på Chagos-øyane er mørke i huda, dei på Falklandsøyane er lyse.

Skakande lesestoff
John Pilger, ein av dei mest heidra journalistane i verda, har gjort det igjen: Levert ei bok så full av skakande historier at vi blir kvalme av å lese. Freedom Next Time inneheld, i tillegg til historia om Chagos-øyane, kapittel om Palestina, India, Sør-Afrika og Afghanistan.

Ingenting er eigentleg nytt. Alt har vorte fortalt før, ein eller annan stad, av ein eller annan. Men Pilger samlar, dokumenterer, lèt oss møte einskildlagnader. Og han trekkjer dei historiske trådane. Ein av dei går til den førre krigen i Libanon: Bombinga av Beirut i 1982 drap 14.000 menneske på to veker. 16. september sleppte dåverande forsvarsminister Ariel Sharon falangistane inn i dei palestinske flyktningleirane Sabra og Chatila. I løpet av 48 timar massakrerte dei 1700 barn, kvinner og gamle.

Palestina-kapitlet hentar mykje av innhaldet frå dei to filmane Pilger har laga om temaet. Produsert med 28 års mellomrom har begge tittelen Palestine Is Still the Issue. Den siste vart klaga inn for the Independent Television Commission i Storbritannia etter ein serie rasande åtak frå Israel-venlege sjåarar. Pilger sjølv, produsenten og ein jurist brukte to månader på å dokumentere innhaldet. Dei fekk medhald på alle punkt. Slik som at sionistane hadde fordrive innbyggjarane og delvis destruert 369 palestinske landsbyar før staten Israel vart oppretta.

Oppslagsverk
Freedom Next Time er resultatet av eit stort og gjennomdokumentert arbeid. Her er 514 kjeldetilvisingar. Registret fyller 13 sider, og gjer boka til eit nyttig oppslagsverk om felta som blir dekte.

Historia om Chagos er den minst kjende, og kanskje nett­opp derfor den som gjer sterkast inntrykk. Denne meldaren vart rett og slett kvalm av å lese kva gamle koloniherrar og nyare imperialistar kan få seg til å gjere mot uskuldige menneske.

Kapitlet om Palestina er det lengste, kanskje også det nyttigaste for den som treng bakgrunnsstoff om ein konflikt som neppe blir løyst med det første.

Visitten til India er av det franske slaget, mens omtalen av dagens Sør-Afrika truleg er den mest kontroversielle. Her kjem ein av Pilgers sterke sider klarast til uttrykk: Han er ein vaksen mann, og har dekt krigar og konfliktar over heile verda i 40 år. Han kan felta sine ut og inn. Sør-Afrika vitja han første gong i 1967. Reportasjane frå den gongen førde til at han miste visumet. Heime hos Nelson Mandela 30 år seinare seier den gamle: «Velkommen tilbake. Det er ei stor ære å ha vore utestengd frå landet mitt.»

Adelsmerket
Som alle andre lèt Pilger seg sjarmere, men han er langt frå ukritisk. Bodskapen er at apartheid lever vidare i beste velgåande, og at Mandela har late det skje. Dette er Pilgers adelsmerke. Han er like kritisk mot alle makt­havarar. Han viser at Sør-Afrika i dag har mange fleire fattige enn under apartheid. Over fem millionar sørafrikanske barn svelt. Ei viktig årsak er det som ein av ANCs eigne ministrar har kalla thatcherisme. Mandela repliserer: «Kall det gjerne thatcherisme, men her til lands er privatisering grunnleggjande politikk.»

Det siste kapitlet, om Afghanistan, er kanskje det tristaste. Det fortel om eit land overlate til korrupte krigsherrar. Opiumsproduksjonen er igjen den største i verda, etter å ha vorte ut­radert av Taliban. Kvinnene har det minst like ille som før.

Ikkje berre bodberar
John Pilger er ikkje nøytral. Derfor er også boka eit innlegg i den evige debatten om ståstaden til journalisten. På heimesida si seier Pilger sjølv: «Det er ikkje nok for ein journalist å sjå seg sjølv som ein rein bodberarar utan å forstå den løynde dags­ordenen i bodskapen eller mytane som omgjev han.»

I boka stiller han leiande spørsmål så det kost etter, og gjev ope uttrykk for sym- og antipati. Når han møter James Schlesinger, forsvarsminister under Nixon og Ford og ansvarleg for USAs engasjement på Diego Garcia, skriv han: «Han er høg, og har eit granittliknande, å sjå til ugjennomtrengjeleg andlet som utstråler styrken til dei mektige.»

Motsett blir han djupt rørd av israelske Rami Elhanan, som seier følgjande etter å ha mist dottera i eit palestinsk sjølvmordsåtak: «Det er ingen moralsk skilnad mellom den israelske soldaten som framprovoserer abort hos ei høggravid palestinsk kvinne, og mannen som drap dotter mi.»

Om ein skal innvende noe mot denne boka, må det vere at ho av og til blir for massiv. Innleiinga er så full av dokumentasjon at ein nesten kan bli matt. Likevel, Freedom Next Time er journalistikk i meisterklassen. Det er å håpe at ho blir omsett til norsk.

Albert H. Collett er frilansar og bur i London.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake