Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kritikk og avsporing

Av Roald Helgheim
,  12.08.06


Han la til: «Alltid når Israels politikk kritiseres, gjøres det forsøk på å avlede oppmerksomheten fra hva dette egentlig handler om.» No har Jostein Gaarder førebels trekt seg attende, mens den største norske Midtausten-debatten i nyare tid rasar vidare. Eg vil kalle Gaarder ein modig mann, og det er viktig at nettopp han, med sitt internasjonalt kjende namn, tok bladet frå munnen på ein så kraftfull måte. Det er det fleire som burde ha gjort, i staden for å rynke på nasen over Gaarders form og skulde han for avsporing. Gaarder har rulla i gang ein ball intelligentsiaen elles har vegra seg for å ta i, mens Kåre Willoch som vanleg står for det politiske klarsynet.

Det er ein grotesk situasjon vi opplever, når landa som først dolka Palestina i ryggen, og som med den politiske passiviteten sin også fungerte som ei oppmuntring til Israel til å utvide krigen, no spring om kapp for å lage resolusjonar og FN-framlegg som Libanon openbert ikkje kan akseptere. Først gje Israel ryggdekning slik Condoleezza Rice har gjort heilt til det siste, så snakke om fred etter eit felttog der eit land er bomba tiår attende i tid – det er ei framferd ein kan hente historiske parallellar til. Ein gong heitte det «fred i vår tid».

Jostein Gaarders rasande utbrot kjem i ei tid då dei fleste av oss berre er fylte av avmakt. Diskusjonen om retten til å forsvare seg har stått meir i sentrum enn at Israel, etter FN-utsending Jan Egelands ord, gjer kontinuerlege brot på folkeretten med den systematiske bombinga av sivile mål. Somme EU-land har kome med fromme ønske om «proporsjonalitet» – at det må vere eit rimeleg tilhøve mellom aksjon og reaksjon i krig.

Men som Herbert Pundik skriv i Politiken, er det hykleri å akseptere krig «med måte». Krig kjenner ikkje noko måtehald. Slik var det då USA før Hiroshima og Nagasaki terrorbomba eit femtitals japanske byar med brannbomber med ufattelege tap av menneskeliv, og England drap 40.000 tyskarar på ei natt i Dresden, etter at krigen i røynda var vunnen, skriv Pundik. Land som opplevde tysk okkupasjon, røynde også korleis straffa for eit tysk soldatliv var ein heil landsbymassakre eller ein sundbomba by.

I kronikken «Israel – offer og overgriper» i Dagbladet 8. august skriv sosialantropologen Einar Rebni: «Israel har siden statens opprettelse i 1948 gjort seg avhengig av offerstatusen for å legitimere politiske handlinger som bryter med internasjonale konvensjoner, folkerett og FN-resolusjoner. Ved å påberope seg offerstatus gir de seg selv en blankofullmakt til å handle på tvers av verdenssamfunnet. Det uttrykkes slik en grunnleggende mangel på politisk anstendighet.» Det er ein meir akademisk seiemåte for det Jostein Gaarder i eit patosfylt, gammaltestamentleg språk har som grunnelement: «Vi anerkjenner ikke staten Israel. (...) Vi tror ikke på forestillingen om Guds utvalgte folk. Vi ler av dette folks griller og gråter over dets misgjerninger.

Å opptre som Guds utvalgte folk er ikke bare dumt og arrogant, men en forbrytelse mot menneskeheten.» I eit intervju seier han at han anerkjenner det Israel som vart oppretta av FN i 1948, ikkje etter 1967. Er det ikkje slik verdssamfunnet gjennom alle FN-resolusjonar ser på saka også? Er det ikkje grensene før og etter 1967 heile striden om Palestinas eksistens handlar om, men som den parten Norge i praksis har alliert seg med, ikkje har vilja høyre snakk om i ei einaste såkalla fredstinging? Kvifor kjem folk i slik harnisk av å bli minte om det, utan andre argument enn å skrike opp om antisemittisme?

Det er ordet som alltid blir brukt for å kvele debatten, same kor mykje ein forsikrar om at det er lov å kritisere Israel. «Vi er ved vannskillet nå. Det er ingen vei tilbake», skriv Gaarder, som slik eg les han, meiner at om det er nokon som kjem til å gjere det av med Israel, er det Israel sjølv. Det er ikkje ulikt det Herbert Pundik skreiv i Politiken for ein månad sidan, under tittelen «Israel har placeret sig i en selvgjort fælde».

Frå sitt israelske utkikkspunkt skriv Pundik at «hæren med alt sitt artilleri, kampvogner og superelektroniske luftvåpen er stort sett makteslause. Han kan ikkje vinne, difor har han tapt.» (...) «Før israelarane kan innsjå kva mogleikar som ligg i politikk og diplomati, skal landet gjennom ein mental omstillingsprosess. Paranoide menneske har også verkelege fiendar. Problemet er at dei ikkje er i stand til å kjenne skilnad på ven eller fiende.» Det skriv Pundik, som i 1948 gjekk i krigen for Israel.

Det gjorde også den israelske jazzmusikaren og forfattaren Gilad Atzmon ein mannsalder seinare. Ein dag orka han ikkje lenger å jakte på palestinarar, og emigrerte. Med palestinske Reem Kalani som vokalist gav han ut plata «Exile». Då eg møtte han på Vossa Jazz, hadde han nett skrive romanen som på norsk heiter En veiledning for de forvirrede.

Det er ein framtidsroman frå 2052, der det går fram at staten Israel var ferdig før 2010. Memoarane til ein hebraisk professor som ein gong var israelsk soldat, kjem ut post mortem. Det siste livsteiknet etter han er frå 2032, då han vender heim frå feiringa av 25-årsdagen for opprettinga av den palestinske staten.

Gilad Atzmons satiriske roman vart straks forboden i Israel. No nektar den israelske forleggjaren til Gaarder å gje ut bøkene hans. Er ikkje det ei sak for den norske PEN-klubben?   



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake