Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Nord for ingenmannsland

Av Eva Aalberg Undheim
,  08.07.06


Gunnar Lillebo er rådmann på heiltid, oppsynsmann på deltid og ihuga laksefiskar på livstid. Han trur ikkje at delar av elva kan verte stengde for ålmenta sjølv om privatpersonar eller bygdelag skulle få råderett.
Hevdvunne rettar og alders tids bruk. Det er dei to måtane finnmarkingane kan ha opparbeidd seg bruksrett og eigedomsrett på. Men kva område som fell under desse kategoriane, skal ikkje kartleggjast før til neste år, av ein kommisjon som skal opprettast 1. januar 2007.

Førebels er det ingen som heilt veit kva framtida kjem til å by på. Men alle vil verne om eigne område. Alt no har to bygdelag søkt om råderett over utmarksområda rundt bygda. Andre står klare til å søkje.

– Vil regulere
– Målet er å verne naturen og tryggje ressursane her for etterkomarane våre, seier Sivert Amundsen.

Han er leiar for dei rundt 80 medlemene i Skoganvarre bygdelag. Dei var dei fyrste til å søkje råderett over moltemyrane, turterrenget, fiskevatna, elva og beitemarkene rundt bygda, som ligg nokre mil sør for Lakselv sentrum.

Fleire av innbyggjarane i Skoganvarre lever av jordbruk. Nokre driv jakt og fiske på si. Bygda har også hyttefelt og turisme.

– Vi er ikkje imot at folk kjem hit for å jakte og fiske, men vi vil regulere denne aktiviteten. Vi vil ha slutt på at ein kan kjøpe fiskekort på internett og dra rett ut i elva vår utan å reinse fiskeutstyret. Og vi vil ha rypejakta utan hund. Både reindrifta og sauenæringa har dårlege røynsler med jakthundane, fortel Amundsen.

Bygdelaget gjer ikkje dette for å tene pengar, legg han til.

– Folk skal få vandre som før, men vi må vite at dei tek vare på naturen.

– Kjem det til å få noko å seie for reindrifta i området om de får råderett?
– Nei, det trur eg ikkje. Skoganvarre er vel ei av dei få bygdene i Porsanger kommune der det aldri har vore konflikt mellom reindrifta og andre næringar. Faren ligg snarare i at reindrifta kan få vetorett, seier han, og strekar under at han ønskjer finnmarkslova velkomen, men at han er redd nokre næringsinteresser skal få førerang.

Mindre oversikt
Ein av dei som driv med rein i Porsanger kommune, er Alf Johansen. Han lever av reindrifta og bur på fjellet det meste av året. Og han trur ikkje det vert store endringar med finnmarkslova.   

– Reindrifta er så godt tryggja gjennom det andre lovverket at det vil vere vanskeleg å rokke ved beiterettane. Men det vert interessant å sjå korleis Finnmarkseiendommen administrerer. Legg dei opp til meir kommersialisering, vert det meir trafikk og større ulemper for reindrifta, seier Johansen.

Men han ser heilt klart ulemper ved at ulike bygdelag kan kome til å forvalte utmarka. Han fryktar meir papirarbeid og mindre oversikt. I dag held han seg berre til staten og kommunen og til deira perspektiv på forvalting.

– Men det er nok ikkje mange bygdelag som kjem til å få desse rettane, for dei fleste kan ikkje dokumentere bruken godt nok. Men nokre få kan kome til å få, trur han.

– Då vert det spanande å sjå kven dei lèt få bruke områda sine. Tillèt dei berre lokalbefolkninga eller tillèt dei alle?
Det same spørsmålet reiser seg for fiskarane i Lakselv.

– Må dele
I dag er det dei om lag 70 grunneigarane i Lakselv grunneierforening som forvaltar denne elva. Saman eig dei litt over 50 prosent av vassdraget. Resten leiger dei av staten. No tek Finnmarkseiendommen over denne halvparten, men leiar Nils-Roger Pettersen trur ikkje det får noko å seie for bruken av fiskerettane.

– Eg håper ressursane frå det som til no har vore statens immatrikulerte grunn, skal tilfalle bygdefolket, seier han.

Oppsynsmann og nytilsett rådmann i Lakselv Gunnar Lillebo håper på det same.

Han tok den fyrste laksen sin i Lakselv då han var åtte år. Det var i 1969, og sidan den gong har han bruka elva her kvart einaste år. Også dei periodane han har budd utanlands, har han kome seg heim til fiskesesongen.

– Dette er meir enn ei elv, kommenterer han frå elvebreidda.

Han syner fram kulpen Gairannen, om lag midt i elva. Det var her han tok rekordlaksen i 1983. Den var 19,5 kilo.

– Som namnet seier, er elva attraktiv for laksefiskarar. Dette er eit område der innbyggjarane haustar og turistane kjem på vitjing. Det gjer oss avhengige av elva. Ho er utgangspunktet for bygda, etter mitt skjøn, seier han.

Her har han også forventningar til finnmarkslova.

– Eg håper den lokale sjølvråderetten vert betre. Det Statskog har forvalta, har også staten teke fortenesta av. No bør denne inntekta kome lokalbefolkninga til gode, meiner han.

Lillebo trur ikkje på at delar av elva kjem til å verte privatiserte.

– Skal vi ha nytte av ressursane her, må vi dele. Det trur eg folk flest er samde om.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake