Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Trong fødsel

Av Eva Aalberg Undheim
,  08.07.06


– Spørsmålet om Finnmark rører ved den skøyraste delen av samlivet mellom samar og nordmenn, seier historikar Steinar Pedersen.
– Historia har endra seg i konstruktiv retning, seier historikar Steinar Pedersen.

I talen han heldt under overtakingsseremonien i Lakselv sist fredag, peika han på at Noreg har synt ein ny og positiv urfolks- og minoritetspolitikk dei siste 20–30 åra, jamført med tidlegare.

– Ein siger
Sidan 1848 er det staten som har vore privatrettsleg eigar av Finnmark, og denne eigedomsretten har vore hevda så sterkt at bygdefolk ikkje har hatt bruksrettar i nærområda sine på same måte som ein har hatt sør i landet.

Det norske samfunnssystemet, eigedomsordningar og bruksrettsordningar byggjer på historiske røynsler. Men kvifor vart ikkje historia vurdert når det galdt eigedomsretten til grunnen i Finnmark, spurde Pedersen retorisk.

– Årsaka er at spørsmålet om Finnmark rører ved den skøyraste delen av det langvarige, og til tider problematiske, samlivet mellom samar og nordmenn på eit felles territorium, sa han og viste til at forbodet mot sal av jord til dei som ikkje tala norsk, formelt sett stod ved lag heilt fram til 1965.

– Slik sett er skipinga av Finnmarkseiendommen ikkje berre ein siger for folket i Finnmark, men ein like stor siger for rettssamfunnet Noreg, bygd på nye minoritets- og urfolksrettslege standardar. Denne hendinga vert følgd av urfolk over heile verda, sa han.

Harde frontar
Men Pedersen legg ikkje skjul på at finnmarkslova har vore gjennom ein vanskeleg prosess også dei siste åra.

– Samerettsutvalet, som skulle greie ut rettane samane har til land og vatn, attåt andre juridiske spørsmål, vart skipa i kjølvatnet av Alta/Kautokeino-utbygginga. Men frontane frå Alta-saka vart med inn i dette utvalet, fortel Pedersen.

Han hyllar Carsten Smith som leidde utvalet dei fyrste åra og fekk lagt fram tilrådinga i 1984 som resulterte i at Sametinget vart etablert. Men spørsmålet om Finnmark synte seg vanskelegare å løyse.

– Etter den fyrste tilrådinga gjekk det fleire år før ein fekk nokon skikkeleg dialog om Finnmark innetter i utvalet, påpeikar Pedersen.

Han leidde sjølv samerettsutvalet dei siste tre åra.

Og då utvalet la fram tilrådinga om finnmarkslova i 1997, skulle det gå endå åtte år før Stortinget klubba gjennom vedtaket.

– Opinionen meinte at Sametinget, som representerer ein minoritet om ein ser fylket under eitt, fekk for stor makt i det nye styret for Finnmark. Men ein gløymer at gjennomsnittsinnbyggjaren her har ei eller anna form for samisk bakgrunn, seier Pedersen.

Det er rundt desse spørsmåla dei største debattane har gått. I tillegg har framlegget om at Sametinget skulle ha tidsavgrensa nektingsrett ved naturinngrep vorte fjerna.

– Men elles skil ikkje det opphavlege framlegget frå samerettsutvalet seg så mykje frå den lova som tek til å gjelde no, meiner Pedersen.

Etnisk nøytral lov
Det som står att no, er å fylle lovparagrafane med innhald. Steinar Pedersen har registrert at ein del er redde for at finnmarkslova skal favorisere samane, men han meiner det ikkje finst grunn til å vere uroleg.

– Rettane til samane er berre utgangspunktet for finnmarkslova. Men det finst ikkje eit fnugg av etniske skilnader i lova. Hovudprinsippet er at alle finnmarkingar har like rettar, seier han.

Han kallar det difor symbolsk at skøytet på Finnmark vart overrekt i Lakselv og ingen andre stader.

– Her har den samiske, kvenske og norske kulturen levt side om side i lang tid. Lakselv er kjend som eit trekulturelt område, seier Pedersen.

Sidan tidlegare diskusjonar, har det også skjedd ei generell utvikling i opinionen i Finnmark, held han fram.

– Kunnskapsnivået er høgare no og vi har eit heilt anna klima for debatt.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake