Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Spelet om Finnmark

Av Eva Aalberg Undheim
,  08.07.06


Fredag 30. juni fekk styreleiar Egil Olli i Finnmarkseiendommen skøytet på Finnmark. Frå no av er det ingenting som heiter statens immatrikulerte grunn i Finnmark lenger. Foto: Eva Aalberg Undheim
– Finnmarkslova byggjer på kompromiss og forvaltinga av lova må gjere det same, seier Egil Olli.

Han er styreleiar i Finnmarkseiendommen og søkjer ly for regnet under eit kvitt festtelt på Brennelvneset i Lakselv. Klokka er snart halv eitt. Vi skriv fredag 30. juni 2006: Ein dag som kjem til å gå inn i historiebøkene. Snart skal tre statsrådar kome gåande nedover lyngen for å ta plass inne i teltet. Deretter skal kronprinsen kome. Det skal haldast talar baserte på fyndord som historisk dag, vegskilje og milepåle. Og så skal Egil Olli få overrekt skøytet på Finnmark.

Usemje
Frå 1. juli er det finnmarkingane sjølve som eig land og vatn i fylket. Om lag 45.000 kvadratkilometer som har tilhøyrt staten dei siste 158 åra, skal frå no av administrerast av det private selskapet Finnmarkseiendommen. Styreleiar Egil Olli vert «han som styrer Finnmark».

– Det kjem heilt sikkert til å verte diskusjon om prioriteringane til Finnmarkseiendommen. Slik vert det når makta flyttar nærare. Usemje er bilete på engasjement og sjølve drivkrafta i utviklinga, seier Egil Olli når det er hans tur på talarstolen på Brennelvneset i Lakselv.

– Vi lovar å ta vare på dette engasjementet og å skape ein møteplass for alle partar. Finnmarkseiendommen skal verte eit prov på at dette går an. Provføringa startar i dag, lova styreleiaren.

Men sjølv om optimismen prega både talane og dei fleste frammøtte på overrekkingsseremonien i Lakselv, så finst det dei som er skeptiske.

Boikott
Det er utviklinga av sameretten som har lagt grunnlaget for finnmarkslova slik ho ligg føre i dag. Og jamvel om lova er utforma slik at ho gjev like rettar og høve for alle finnmarkingar, inneheld ho også garantiar for at det skal takast tilstrekkeleg omsyn til samiske interesser ved endringar som kan ha noko å seie for samisk kultur, reindrift og liknande. Det har gjort ein del finnmarkingar urolege for at lova og forvaltinga av henne skal føre til at det vert gjort skil på folk. Eit hastevedtak i Sametinget tidlegare i år gjorde ikkje saka betre.

Like før pinse vedtok Sametinget nye mellombelse retningslinjer for korleis endra bruk av utmark skal vurderast opp mot samiske interesser. Vedtaket vart gjort utan at retningslinjene hadde vore ute på høyring. Det skapte høglydte protestar.

– Alle andre lover og reglar i samfunnet er ute på høyring hjå alle instansar i saka. Det er eit demokratisk prinsipp som Sametinget sette til side, seier ordførar Ragnar Olsen i Kvalsund kommune.

Saman med dei fem andre kommunane i Vest-Finnmark regionråd har Kvalsund gjort vedtak om å boikotte retningslinjene.

– Vi seier ikkje at vi er imot dei. Det har vi ikkje teke stilling til sidan dei ikkje var ute på høyring. Men vi meiner den udemokratiske prosessen gjev grunnlag for boikott, seier han.

Sametinget har forklart vedtaket som eit hastevedtak. Men det held ikkje, meiner Olsen.

– Finnmarkslova vart vedteken i mai i fjor. Det har vore god tid til å sende framlegget ut på høyring.

Ordføraren har fått mykje støtte både frå innbyggjarane i kommunen og frå politikarar frå fleire parti, fortel han.

– Det seier litt om kva folk meiner om denne avgjerda. Mange ikkje-samar har i tillegg gjeve uttrykk for at dei er redde samane skal få for store rettar eller at dei sjølve skal misse rettar dei har hatt gjennom lang tid, seier han.

Han strekar likevel under at det er bra at Finnmark no får vere herre i eige hus.

– Men alle finnmarkingar må få gje uttrykk for kva retning dei meiner det skal dømast etter.

I ettertid har statsråd Bjarne Håkon Hanssen vore ute og orsaka prosessen. Men retningslinjene er like fullt godkjende av departementet.

– Skal rettast opp

– Det var ein glipp frå Sametinget som må rettast opp ved neste veg. Ingen skal setje seg ned i lukka rom og ta avgjersler for mange andre, kommenterer fylkesråd Hans M. Ellingsen i Finnmark fylkeskommune.

Han representerer fylkestinget under seremonien på Brennelvneset og legg stor vekt på at lova skal gje like rettar og høve for alle finnmarkingar.

– Det har vore viktig for fylkestinget å streke under at ålmenta skal ha brei tilgang til å hauste av naturressursane og at det er naturleg at grunneigaren har høve til å regulere dette når ressursgrunnlaget ikkje er til stades. Det er nok ikkje tvil om at praktiseringa av dette kjem til å verte nøye overvaka og vere eit emne for debatt i tida framover, seier han.

Det er heller ikkje sametingspresident Aili Keskitalo i tvil om.

– Det kjem til å kome vanskelege avgjerder og interessekonfliktar, men eg trur ingen vil løyse dei betre enn Finnmarkseiendommen.

– Eg trur vi greier å arbeide oss fram til semje. Semje om at alle skal ha dei same rettane. Tek vi til å kive om mitt og ditt område, kjem vi ikkje langt, kommenterer fylkesråden.

– Eg trur ikkje vi skal kalle det kiving. Her har vi ein majoritet og ein minoritet som ofte har ulikt utgangspunkt. Då må det mange diskusjonar til, repliserer sametingspresidenten.

– Ikkje fritt fram
Med andre ord står Finnmarkseiendommen overfor litt av ein jobb i tida som kjem.

– Aller fyrst må vi stake ut strategiar og finne gode metodar for å få folk til å kome saman, seier styreleiar Egil Olli.

Alt no kan han likevel forsikre at forvaltinga av finnmarkslova ikkje skal skape etniske skilnader.

– Lova er etnisk nøytral og fremjar ikkje skilnader mellom samar og ikkje-samar. Folk kan ha opparbeidd seg ulike rettar, knytte til hevd, men dei er ikkje knytte til etnisitet.

– Kjem allmenningen til å verte stengd for nokon?
– Nei. Alle finnmarkingar har rett til å bruke områda. Og folk frå resten av landet skal ha tilgang til dei fornybare ressursane. Alle skal få plukke bær, jakte og fiske. Vi ønskjer oss ikkje eit gjerde rundt Finnmark, men det er mogleg vi må regulere noko i framtida. Men det vert gale å spekulere i det no.

– Kjem det til å verte dyrare for ikkje-finnmarkingar å bruke utmarksområda?
– Det er svært billeg å jakte og fiske i Finnmark i dag, nesten gratis i høve til det det kostar andre stader. Vi kjem ikkje til å auke prisen i år. Neste år veit eg ikkje korleis det vert.

– Kva restriksjonar kan ein vente seg jamført med tilhøva i dag?
– Det veit eg ikkje. Lova legg til grunn at alle ressursar skal forvaltast på berekraftig måte, men kva det inneber i dei einskilde tilfella, er det vanskeleg å sjå føre seg no. Alt må vurderast ut frå lova, føremålet med lova og prinsippet om berekraftig forvalting. Men det vert ikkje fritt fram for alle. Det kjem til å kome reguleringar.

– Korleis kjem Finnmark fylke til å sjå ut om 10 år?
– Nei, kven veit det?



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake