Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Jean Luc Godards skjermessaystikk

Av Øyvind Vågnes
,  01.07.06


DVD
Jean Luc Godard:
Four Short Films
Med: «De l’origine du XXIe siecle», «The Old Place», «Liberte et Patrie», «Je vous salue Sarajevo».
ECM Cinema

Alle som har plater frå ECM ståande i hyllene sine, veit at Manfred Eichers plateselskap alltid har bore fram ein visjon om at det visuelle uttrykket ikkje berre kan vere viktig for, men til og med uløyseleg knytt til det lydlege. Det er vanskeleg å sjå føre seg katalogen deira utan til same tid å sjå føre seg dei distinkte plateomslaga. Langt på veg vitnar faktisk produksjonen til ECM om at plateomslaget er ein underleg ignorert visuell sjanger, eit medium som ikkje har vorte vigt den kritiske merksemda og det analytiske blikket det fortener. Eit ECM-omslag er så mykje meir enn salsvenleg emballasje – det snik seg inn i tankeverda som omgjev musikken frå stereoanlegget.

ECM har slik vist at ein skal vere varsam med å forhaste seg med å skilje for sterkt mellom sanseopplevingane våre. Vi er aldri berre «sjåarar» eller «lyttarar». Sidan filmregissøren Jean-Luc Godard alltid har problematisert førestellinga om «det reine medium» på ein djuptgripande måte, passar det difor godt at ECM Cinema, ein ny dvd-serie, no vert lansert med eit veritabelt praktverk: Four Short Films av Godard og Anne-Marie Miéville, i eit bokomslag med flotte bilete og mykje god tekst (mellom anna eit fint essay av Michael Althen). Er det musikk, bok, eller film? Svaret er ja, ja, og ja. Ja takk.

Plaster på såret
Kanskje skal ECM Cinema verte ein oase i den tilsynelatande kontinuerlege straumen av uviktige og unødvendige musikk-dvd-utgjevingar? Så langt har moglegheitene som ligg i dvd-formatet, vorte fattig utnytta av musikkbransjen. Plateselskapa pøser på med sine arena-konsert-filmar, filmen-om-plata-dokumentarar og musikkvideoar som er spela inn i løpet av ein ettermiddag på ei strand. At sentrale plateartistar no utsmykkar cd-utgjevingar med dvd-filmar, verkar berre bortkasta. Bileta vi ser, er til forveksling like reklamepause-innslaga på kommersielt fjernsyn. Det flimrar frå skjermen berre fordi fjernsynet alltid skal stå på. Uttrykket til Godard fungerer som medisin i ein slik sørgjeleg situasjon. Det viser at musikk og bilete kan følgje kvarandre på sprengkreativt vis.

Bakgrunnen for samarbeidet mellom ECM og Godard er at Eicher sende filmskaparen platebunkar. Ifølgje Godard var dei i «same landskap». Platene inspirerte til arbeidet med Nouvelle Vague (1990), den første av fleire filmar der lydsporet vart prega av ECMs artistar: Arvo Pärt, Keith Jarrett, Dino Saluzzi, berre for å nemne nokre få. Når ECM no gjev ut denne dvd-plata, fell det saman med at produksjonen til Godard – rubbel og rake – denne våren og sommaren vert vist på Pompidou-senteret i Paris, der Godard sjølv òg har laga ei utstilling, Voyages en utopie, Jean-Luc Godard, 1946–2006. Alle dokumentarfilmar om filmskaparen og ei rekkje fjernsynsintervju vert viste. For oss som ikkje kjem oss til Paris, får vi Four Short Films heim i stova.

Vesentleg essaystikk
I ei bok om målarstykka til Francis Bacon skriv Gilles Deleuze noko slikt som dette: «Rytme viser seg i musikken på eit auditivt nivå, og i målarkunsten på eit visuelt nivå.» I desse filmane manifesterer slike nivå seg sterkt, og til same tid, for Godard har slik ein sikker rytmesans i omgangen med tekst, lyd, og bilete. Han er oppteken av vilkåra for historia, det kollektive minnet og kunsten i krigstid – men mest av alt vilkåra for det vi tenkjer på som det «menneskelege» under omstende der det umenneskelege rår. Den to minutt-lange, sorgtunge «Je vous salue, Sarajevo» (1993), berre tonesett med Pärts musikk og Godards stemme, sirklar inn eit einaste stillbilete gjennom ei bit-for-bit-tilnærming. Til slutt er vi konfronterte med den reine brutaliteten som karakteriserer den vanvitige unntakstilstanden krig er: Med ein sigarett mellom fingrane sparkar ein soldat ei kvinne som ligg på eit fortau.

Lydleg og biletleg
De l’origine du XXIe siècle (2000) byr på ein sitat-mosaikk, lydleg og biletleg, og utforskar grensene for ein arkivisk poetikk ved å kombinere ulike filmuttrykk. Resonansrike scener er klipte saman med «historiske» filmbitar. Sanseapparatet vert bombardert av utfordrande inntrykk og tankevekkjande konstellasjonar. The Old Place (1999), som Godard gjorde saman med Miéville på oppdrag frå The Museum of Modern Art i New York, byr på lyd frå eit knippe artistar frå ECMs katalog i ein omfattande meditasjon over kunstens relasjon til røynda. Liberté et Patrie (2002), òg laga med Miéville, kombinerer Beethoven og Serge Gainsbourg, og fortel tilsynelatande om kunstnaren Aimé Pache, men er vel så mykje ein refleksjon kring nøkkelspørsmål om bilete og representasjon, erfaring og kunst. Godard brukar dialogen i forteljestemmene til å skape ein drøftande og granskande modus.

Som Alther skriv i omslaget, er det nyare arbeidet til Godard knapt å finne i kinosalar verda over. Det er deprimerande, for dette er ikkje gammalmotig eller livsfjern og eksklusiv «kunstfilm» – det høyrer snarare til mellom vår tids mest vesentlege essayistiske uttrykk.

Øyvind Vågnes er fast musikkmeldar i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake