Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Handlar for neste generasjon

Av Eva Aalberg Undheim
,  01.07.06


– Eg trong vel ikkje å utvida akkurat no, men kjøpte for å opna høva for neste generasjon, seier gardbrukar Bjørn Lende på Njå i Time kommune.

Frå nyttår av overtok han 110 mål dyrka mark, 100 mål beite og ein mjølkekvote på 110 tonn frå naboen, som hadde bestemt seg for å gje seg som bonde.

– Garden var levedyktig no, men ikkje på sikt. Eg hadde ikkje interesse av å satse på noko større, og ingen av borna hadde lyst til å ta over, seier naboen Karl Hetland som grunn til at han selde.

Litt å gå på
Svært mange av driftsbygningane på Jæren er frå slutten av 60-åra og starten av 70-åra og tek til å trenge opprusting for å møte nye krav.

– Skal ein fyrst gjere noko med bygningane, kostar det fort ein del millionar. For mange vert den opphavlege produksjonsmengda då for lita. Og skal du fyrst byggje ut eller byggje nytt, er det ikkje så mykje dyrare å byggje for 60 enn for 20 dyr til dømes. Når det er gjort, ser ein seg difor om etter måtar å auke produksjonen, forklarer Lende.

Sjølv har han drive familiegarden på Njå i 16 år. Familien levde godt av garden også før dei utvida, men då Lende vart spurd om å overta naboeigedomen, såg han seg nøydd til å tenkje langt framover.

– No har vi litt å gå på, kommenterer han.

Salstrend
Men Bjørn Lende har ikkje planar om å gjere garden på Njå større.

– Eg er ikkje så overtydd om at jordbruket vert meir robust jamvel om einingane vert større. Større gardseiningar er også større gjeldseiningar. Dessutan har eg trua på familiejordbruket. Meir trua på det enn på samdrifter, der nokon er meir eller mindre passive deltakarar.

– Tidlegare sat det å selje odelsjorda langt inne. No har det nesten vorte ein slags trend, meiner Lende.

Men mange er også gjennom alle fasane før dei sel, seier han.

– Fyrst sluttar dei med mjølkeproduksjon og driv med ammeku og ungdyr ein periode. Deretter leiger dei bort jorda, og til slutt sel dei eller går inn i samdrift for ein periode for så å selje, seier han og legg til at produksjonskvotane og den dyrka jorda på Jæren som regel ikkje vert lagd brakk. Ikkje no for tida. For det finst alltid dei som vil overta.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake