Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Dei egalitære strukturane forsvinn

Av Eva Aalberg Undheim
,  01.07.06


Ved inngangen til 80-åra var om lag 125.000 norske gardsbruk i drift. Oppteljingar frå Statistisk sentralbyrå syner at dette talet no er meir enn halvert og ligg på rundt 53.000. Dei siste fem åra har i gjennomsnitt 3100 gardsbruk vorte lagde ned årleg. Men det totale jordbruksarealet som vert drive, har endra seg lite. Kort og godt tyder det at jordbruksjorda i Noreg samlar seg på stadig færre hender.

Men er ikkje dette berre ei naturleg og naudsynt følgje av jordbrukspolitikken?
Nei, ikkje berre, meiner historikar Hallvard Nordås ved Universitetet i Stavanger.
– Jordbrukspolitikken pressar fram stadig større og færre driftseiningar. Men lokalt veks det også fram små grupper med entreprenørar som nyttar denne situasjonen til å skaffe seg kontroll over større og større jordbruksareal og fleire og fleire husdyr, sa han i eit intervju med Bondebladet i vinter.

Då hadde Nordås nett laga ein situasjonsrapport over endringar i jordbruket i Klepp kommune frå 50-åra og fram til i dag.

Her skildrar han utviklingstrekk han meiner tek til å synast fleire stader i landet, men som han omtalar som ekstreme på Jæren.

– Entreprenørskap har alltid vore typisk for det jærske jordbruket, og no nyttar bøndene her høvet til å ta utviklinga endå eit steg vidare, kommenterer han.

– Held utviklinga fram i denne leia, vil nokre få storentreprenørar i framtida kontrollera heile det norske landbruket, seier han til Dag og Tid.

Strukturendringar
For på Jæren, der landbruket tradisjonelt har vore den viktigaste næringa, er det i dag berre eit fåtal av innbyggjarane som har direkte band til landbruksnæringa.

– Dei fleste som bur i her i dag, har ingenting med bondesamfunnet å gjere. Dei er ein mellomting mellom bygde- og byborgarar. Men den litle gruppa av bønder som framleis er att, byggjer seg opp meir og meir, seier Nordås.

– Jærbøndene har vorte sine eigne fiendar. Optimismen og investeringsgløden som tidlegare gjorde jordbruket her bra, har vorte til egoisme. No er det ikkje viljen til å overleva som gjeld, men viljen til å vinne. Likskapen, fellesskapen og det sterke engasjementet som tidlegare prega bondesamfunnet, har forsvunne. Bøndene på Jæren røystar Frp i dag.

Nordås kritiserer også det han kallar uekte samdrifter.

– Eg meiner fleire samdrifter opererer i ei gråsone i regelverket. I ei ekte samdrift skal alle yte noko. Men realitetane i mange av desse er at det berre er ein av medlemene som er aktiv og i realiteten disponerer jorda. Dei andre tilfører berre jord, men spelar elles inga reell rolle i verksemda. Dette er ein falsk måte å byggje opp store einingar på.

– Eit større hamskifte
Nordås meiner utviklinga i dag skaper sosial avstand.

– Gruppa av storbønder baserer seg meir og meir på jordarbeidarar. Alt i dag vert det nytta ein god del sesongarbeidarar frå utlandet og etter kvart kjem nok også nordmenn til å utgjere ein større del av denne innleigde arbeidskrafta, trur han.

– Det er ingen tvil om at vi er i ferd med å få eit nytt klasseskilje, seier han.

Nordås ser for seg at vi på sikt kan få strukturar som liknar den tidlegare godsøkonomien.

– Det som skjer no, inneber mykje større endringar i dei økonomiske og eigarmessige strukturane enn det hamskiftet på 1800-talet gjorde. Endringane no går i tillegg mykje fortare. Vi skal ikkje så mange år attende før vi ikkje ser noko til desse strukturane, seier Nordås.

– Sel til kven ein vil
Jordbrukssjefen i landbrukskommunen Hå på Jæren illustrerer nokre av desse endringane:

– For nokre år sidan vart det ikkje omsett meir enn ein eller to jordbrukseigedomar i året her i kommunen. Men i løpet av dei siste to åra har mellom 15 og 20 gardbrukarar selt seg ut, seier jordbrukssjef Olav Magne Tonstad.

Tonstad trur den store auken i eigedomssal kjem av at bøndene dei siste åra har fått høve til å ta ein betre pris på tilleggsjorda. Det gjer at fleire som tidlegare leigde bort jorda, no har selt, fortel han.

Men grunnlaget for desse sala vart lagt då den statlege forkjøpsretten vart oppheva i 2001.

– I dag kan ein selje til kven ein vil, påpeikar jordbrukssjefen.

Dei fleste som sel, skil ifrå gardstunet og styrkjer nabogardane ved å la desse ta over jord og produksjonskvotar. Andre sel til bruk som ligg lenger unna.

Tonstad vedgår at nokre av arealsala i Hå kommune har ført med seg diskusjonar. Men med mindre avstanden mellom kjøpar og seljar er godt over ei mil, prisen overstig 15.000 per mål dyrka mark eller kjøparen eig for mykje jord frå før av, så har ikkje kommunepolitikarane mykje dei skulle ha sagt.

– Ut frå regelverket i dag har vi relativt lite høve til å kunne nekte sal.

– Kva vert rekna som «for mykje jord»?
– Det finst det ikkje konkrete tal på.

– Tenkjer kortsiktig
Hallvard Nordås strekar under at det han kallar vår tids hamskifte, i stor grad er politisk styrt. Men han meiner likevel at trua på marknadsliberalismen er den største drivkrafta for strukturendringane.

– Marknadsliberalismen har ikkje berre konsekvensar for den statlege jordbrukspolitikken, men også for korleis lovverket vert tolka lokalt. Sjå på jordvernet til dømes. Jordvernet vert presisert både i fylkesplanar og kommuneplanar, men når denne politikken skal setjast ut i livet, er det unntaka og unntaksordningane som får mest å seie. Dette bryt ned dei meir langsiktige planane.

Etterlyser styring
Staten burde ha styrt meir, meiner Nordås.

– Det er klart at vi må tilpassa oss det som skjer internasjonalt, men det er likevel rom for politiske endringar. Det ser berre ikkje ut som den raudgrøne regjeringa trur på dette sjølv, seier han.

Når det gjeld den økonomiske politikken, ser han ikkje mykje skilnad på den gamle og den nye regjeringa.

– Sponheim var svært oppteken av å kome marknaden i møte og han tilpassa, bygde ned og rasjonaliserte jordbruket. Den nye regjeringa har ikkje synt andre haldningar på dette feltet, seier Nordås, som åtvarar mot å la marknadskreftene få rå i jordbruket.

– Gjer vi jordbruket til eit kapitalistisk investeringsobjekt, kjem vi til å ende opp med berre store forretningsdrivne gardsbruk på Jæren og på Austlandet, trur Hallvard Nordås.

– Det ligg sjølvsagt ikkje determinisme i dette. Men slik situasjonen er i dag, er det den retninga vi går i.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake