Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kiruna skal flyttast

Av Ottar Fyllingsnes
,  17.06.06


Foto: Harald Hognerud
Noko slikt som dette har neppe skjedd i Norden tidlegare, men store delar av Kirunas hus, vegar og jernbaneliner må flyttast. Den nye E10 må leggjast om, og det same gjeld elektrisitet og vassforsyning.

Bakgrunnen for det heile er at LKABs gruver skal sikrast sjansar til ekspansjon.

Sprekkdanning
I alle år har me høyrt om LKAB, som sender malm med Ofotbanen til Narvik for utskiping. Dei siste åra har vore gode for gruveselskapet, og dei opererer med eit investerings- og utbyggingsprogram til mange milliardar kroner.

Mellom anna tek LKAB sikte på å utvida malmbrytinga under jorda i Kiruna. Der ligg den største underjordiske jernmalmsgruva i verda. Malmåra går inn under sentrum av byen, og dei siste åra har det vist seg at sprekkene frå gruvebrytinga nærmar seg sentrum.

– Det kjennest som me bur på kanten av ei grop. Visst er det uhyggjeleg. Tenk om det sprekk snøggare enn ein har tenkt seg, uttalte Anna-Maria Essberg, sjef for LKABs firmahotell, til Svenska Dagbladet ved årsskiftet. Då budde ho berre nokre titals meter frå det avsperra området der jorda har byrja å sprekka.

LKABs firmahotell er over hundre år, og det er ein av dei eldste bygningane i Kiruna. Det er teikna av arkitekten Gustaf Wickman, som også har teikna kyrkja i Kiruna. Men hotellet ligg i det området som først kjem til å verta merkt av sprekkene i marka; innan åtte år, fortel prognosane.

Byrja i 1899
I omfang er Kiruna den største kommunen i Sverige, med dei nesten 20.000 kvadratkilometrane sine. I vest grensar han til Noreg, i aust til Finland, og innbyggjartalet er på om lag 24.000.

Byen er plassert ved foten av fjellet Haukivaaras – om lag 15 mil nordom Polarsirkelen. Innanfor kommunegrensene er det store vidder, men også fjell – som Kebnekaise, Sveriges høgaste fjell.

Det var i 1899 at utviklinga kom til Kiruna for alvor. Då vart jernbana førd fram frå Gällivare, og det gjorde det mogleg å setja i gang med gruvedrift. I 1902 vart Ofotbana fram til Narvik ferdig, og sidan har mykje av eksporten skjedd derifrå.

Hjalmar Lundbohm var den store pioneren i Kiruna. I år 1900 vart han disponent i det to år gamle selskapet Luossavaara Kirunavaara AB. Den gongen budde det om lag tusen personar i ein ussel hytteby oppe på fjellet. Lundbohm fekk med seg dei beste kreftene i Sverige i forsøket på å byggja ein mønsterby. Han skjøna at dersom han skulle få arbeidarane til å verta verande, måtte ein by tilfredsstillande arbeids- og butilhøve. Lundbohm var ikkje berre gruvesjef, men også liberal estet og samfunnsbyggjar, fortel Dagens Nyheter. Han hadde forelska seg i idealsamfunnet Port Sunlight i England, som var skapt av vaskekongen Lever, som sørgde for at arbeidarane fekk tilgang til kunst og vakre hagar.

Sidan Hjalmar Lundbohms dagar har malmbyen vakse seg stor, og no vert det brote mellom 20 og 23 millionar tonn jernmalm i året. Til saman er det brote ut ikkje mindre enn 940 millionar tonn malm i Kiruna.

Men midt på 1990-talet vart det oppdaga at omfanget av sprekkdanninga som gruvebrytinga førde til, gjekk snøggare og breidde seg vidare enn ein hadde rekna med. Difor innsåg gruveselskapet at noko måtte gjerast.

Tidningarnas telegrambyrå (TT) omtalte i vinter det som skal skje i Kiruna som ei «samhällsändring som saknar motstycke i Sverige». Naturlegvis vil flyttinga av byen kosta mykje pengar, men den spesielle arbeidsgruppa til regjeringa hadde ikkje nokon eksakt pris i ein rapport som dei la fram i vinter. Saman med staten og kommunen må gruveselskapet finna ut kven som skal betala den gigantiske rekninga for flyttinga.

– Tidspresset er enormt stort, hevda TT i vinter. Og viste til at når gruvene vert utvida, vert det skadar i bakken. Det medfører ein tryggleiksrisiko for bygningar og anlegg. Dessutan er gruvebrytinga viktig for økonomien både til LKAB, Kiruna, og Gällivare/ Malmberget.

Bygging av ny jernbaneline tek lang tid; minst ti år. Men om sju år må Kiruna ha ny jernbaneline. Viss ikkje vil jernbana stå i vegen for planane til LKAB om utviding.

Trilla vekk Stadshuset
Både Kiruna kyrkje, Stadshuset og Hjalmar Lundbohmsgården er verna bygningar.

I 1963 vart Stadshuset utpeika til Sveriges vakraste offentlege bygning. Det er arkitekten Arthur von Schmalensee som har teikna huset, medan kunstnaren Bror Marklund står for det asymmetrisk plasserte jerntårnet. Ifølgje prognosane kjem bygningen til å liggja innanfor sprekksona i år 2023, og det vert hevda at prognosane har stemt så langt.

Fleire selskap har sagt seg interesserte i å flytta Stadshuset i sin heilskap for om lag 50 millionar kroner. Ein plan fortel korleis det kan gjerast. Det trengst eit år til førebuing, og det må byggjast ein 50 meter brei veg. Det har vore snakk om å bruka ei påskeveke til flyttinga. Då tenkjer ein å køyra inn mange hjulakslingar i kjellaren, saga heile bygningen laus frå grunnen, heisa han opp med hydraulikk og køyra i veg. På den nye tomta skal elektrisitet, vatn og avløp vera klart, og den første kvardagen etter påske skal alle kunna gå på jobb som vanleg.

Vakker kyrkje
I 2001 vart kyrkja i Kiruna kåra til Sveriges vakraste bygning. Det er Gustaf Wickman som har teikna kyrkja også. Som byarkitekt har han sett sitt sterke preg på Kiruna.

Kyrkja vart bygd i åra frå 1909 til 1912, og Svenska Dagbladet hevdar at ho har form som ei diger gamme. Veggene er mørke, og lyset kjem ovanfrå. Pionerdisponenten i Kiruna, Hjalmar Lundbohm, ville at kyrkja skulle vera ein nøytral samlingsplass, men då protesterte biskopen.

I 2033 kjem også kyrkja til å liggja innanfor sprekksona, og difor må ho flyttast. Det vert hevda at kyrkja er bygd slik at ein skal kunna plukka ho frå einannan og setja ho opp att. Det vil naturlegvis gjera flyttinga lettare.

Det har vore uvisse om kvar det nye senteret i Kiruna skal liggja. Eitt alternativ går ut på å flytta byen austover, men LKAB vil satsa på å byggja i Luossavaara i dei nordvestlege delane av byen. Der tenkjer ein seg å reisa opp ein unik framtidsby som kan utviklast til eit nordskandinavisk turistsentrum. LKAB er sjølvsagt opptekne av at Kiruna vert utbygd slik at ein kan halda fram med å bryta malm i lang tid framover. Frå selskapet si side er det viktig at ein slepp å flytta bygningar og infrastruktur fleire gonger.

Optimisme
Trass i alle planar om riving av gamle og vakre bygningar er det optimisme som rår i den svenske gruvebyen.

Kurt Heikkilä (62) har vore pensjonist i to år, men har arbeidd i 42 år i LKAB.

– Det er ikkje stor motstand mot flyttinga av privathus, men det er usikkert kvar byen vert flytta. LKAB har eit alternativ, kommunen eit anna, seier pensjonisten.

Han viser til at økonomien i LKAB er god, og at det er mogleg for Kiruna å verta ein mønsterby på nytt.

– Folketalet gjekk ned frå 1970-åra og utetter. Sidan har det gått betre. Dessutan har malmprisane stige, påpeikar han.

Og på lokalradioen høyrer me intervju med ei ung jente som kan tenkja seg å flytta tilbake til Kiruna. Både ho og andre utflyttarar har stor tru på planane for det framtidige Kiruna.

Karl Niva (65) er fødd like utanfor byen. Han har arbeidd både i forsvaret og kommunen og ser stort sett positivt på planane til LKAB.

– Gruva må utviklast. Ein har ikkje så mykje val, men nokon må kjøpa ut husa. Kommunen vil at LKAB eller staten skal betala, men det er ikkje avklart korleis det vert, seier Niva.

Han fortel at det har vore halde fleire informasjonsmøte, og at folk er nøgde med informasjonen og sjansen til å påverka.

Kerstin Bäckström har vakse opp i Kiruna og arbeider i høgskule-administrasjonen. Også ho meiner at folk har stor påverknad på utviklinga.

– Det rår ei positiv haldning mellom dei unge i Kiruna. Dei er interesserte i å koma tilbake, eller dei tek utdanning og vert verande. Kiruna har eit bra tilbod når det gjeld både musikk, teater og kino, fortel ho.

Midt i byen treffer me tre jenter. Dei fortel at i Kiruna vert mange av gutane verande, medan jentene flyttar ut – til Umeå. Dei fortel at LKAB oppmuntrar jenter til å ta arbeid i gruveindustrien, og at det har gjeve resultat. Men ingen av dei har slike planar.

Elin Labba (18) har planar om å reisa ut for å studera, men ho ønskjer å venda tilbake til heimbyen seinare. Også Sofie Falk (20) har planar om å venda ryggen til Kiruna. Malin Fredriksson (22) derimot siktar seg inn på arbeid i helse- og omsorgssektoren.

– I Kiruna er det gode sjansar til aktivitetar som gutar driv med: jakt, fiske, sport og riding, men det er få musikk- og teatertilbod for ungdom, seier jentene.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake