Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Der gode rådmenn vert for dyre

Av Eva Aalberg Undheim
,  10.06.06


Etter eit år med strid mellom rådmann og kommunestyre i Eidfjord kommune, gjekk rådmannen til slutt av – etter 18 år i stillinga. Han fekk med seg ein million kroner i kompensasjon for å gå over i ei anna stilling, attåt lønsauke på 100.000 kroner. Totalt utgjer fallskjermen 5,5 kroner. Til jamføring utgjer sosialbudsjettet i den vesle kraftkommunen med 900 innbyggjarar 1,8 millionar kroner.

No tek Høgre til orde for å tilsetje rådmenn på åremål.

– Vi vil spare kommunane for slike dyre oppseiingar og ikkje minst unngå at det vert brukt store summar av skattepengane for å løyse ut rådmenn som ikkje gjer ein tilfredsstillande jobb, argumenterer stortingsrepresentant Bent Høie frå Høgre.

Han seier Eidfjord kommune har brukt store ressursar på å løyse eit problem som ikkje burde eksistert.

Rådande rådmenn
Fram til den nye kommunelova trådde i kraft i 1993, med eigen paragraf om at kommunane sjølv kunne velje tilsetjingsform for administrasjonssjefen i kommunen, sat dei fleste norske rådmenn i faste stillingar. I nokre tilfelle har det vore snakk om svært langvarige tilsetjingar. Det finst rådmenn som har sete med styringa i både 25 og 30 år, og det har ikkje vore uvanleg å møte påstandar om at rådmannen har for stor makt over den kommunale politikken. Tanken om at åremålstilsetjing er den endelege løysinga, får likevel ikkje vilkårslaus støtte.

Ingen garanti
Professor Harald Baldersheim ved Universitet i Oslo vedgår at rådmenn som er tilsette på åremål, er lettare for kommunen å verte kvitt enn dei som er fast tilsette. Men særskilt billegare trur han ikkje det vert med åremålstilsetjingar.

– Lønnsnivået for ei stilling på åremål ligg ein god del høgare enn for ei fast stilling, nettopp på grunn av utryggleiken som følgjer med.

Han ser heller ikkje åremålstilsetjing som nokon garanti mot konfliktar mellom rådmann og kommunestyre.

– Larvik kommune er eit ferskt døme på det motsette. Der vart rådmannen tvungen til å gå midt i åremålsperioden, og fekk med seg ei erstatning i millionklassen. Men slike konfliktar høyrer berre til unnataka, understrekar Baldersheim.

I 2000 publiserte han ein forskingsrapport om flyttemønster og leiarutfordringar for norske rådmenn, utførd på oppdrag for Kommunenes Sentralforbund.

– Undersøkingane herifrå synte at tilhøvet mellom rådmenn og kommunestyre dei fleste stader er relativt konfliktfritt og tillitsfullt. Berre 10 prosent av rådmennene som slutta i stillinga i løpet av ein periode på femten år, slutta på grunn av konflikt. Dei fleste av desse pakka kofferten og flytta, utan oppstyr og utan fallskjerm, seier Baldersheim, som meiner kommunane bør ha fridomen til å velje kva tilsetjingsform som høver best.

Uriaspost
Kommunar flest vel nemleg rådmenn i fast stilling.

– Det var populært å tilsetje rådmenn på åremål ein liten periode på 90-talet, like etter kommunereforma. Men no er kommunane på veg bort frå åremålstilsetjingar igjen. Dei legg større vekt på å utvikle langvarige tilsetjingsforhold i staden, seier Baldersheim.

Han meiner årsaka er at kommunane ønskjer større grad av stabilitet og kontinuitet i styringa av administrasjonen. I tillegg har det synt seg vanskeleg å få søkjarar til åremålsstillingar, seier han.

– Når det skal kuttast eller skjerast ned på tilbodet i kommunen, er det ikkje uvanleg at politikarane skyggjer unna ansvaret og lèt rådmannen ta støyten. Det er også venta at han skal gjere det. Så ein kan seie at rådmannen har ein uriaspost. For å få folk til å søkje ei slik stilling må det finnast garantiar for at ein ikkje skal misse jobben på eit upopulært tiltak.

Ser ikkje motargumenta
Stortingsrepresentant Bent Høie frå Høgre ser det annleis.

– Leiarar på eit så høgt nivå i kommunesektoren bør vere tilsette på kontraktar, der kommunestyret har sett ned klare mål og tidsrammer. Vert ikkje kontrakten følgd opp innan tidsrammene som er gjevne, må det vere fritt fram for kommunen å løyse rådmannen frå stillinga, seier Høie, som har problem med å sjå argumenta mot åremålstilsetjing.

– Tilsette på åremål vert også løyste ut mot fallskjerm.

– Ja, men om dette vert regulert i kontraktar, kan slike oppseiingar gjerast billegare for kommunen.

– Vil ikkje ei stilling på åremål gje høgare lønskostnader enn ei fast stilling?
– Jau, men i det lange løp vil det likevel løne seg. Ikkje berre er det dyrt å løyse ut ei fast stilling i dag. Men ein rådmann som ikkje fungerer, kostar også, avsluttar Høie.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake