Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
Fakta om avisa
Manglande avis?
Redaktøransvar
Riksfondet
Tilsette
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


«Eg gjekk heim. Eller gjorde eg det?»

Av Nøste Kendzior
,  03.06.06


ROMAN
Øystein Vidnes:
Ekstasar
Det Norske Samlaget

Ein festglad ordførar hamnar i tvilsamt selskap på eit nachspiel og blir omvend til anarkismen. Han kler den nye overtydinga si i ny ham: Med nye klede frå inst til ytst møter han opp på kommunestyremøte og erklærer kommunen som anarkistisk stat. Erklæringa er for å vera på den sikre sida også send til avisa. Ordføraren går under jorda, blir husokkupant og reknar seg frå no av som «undergrunnsordførar». Kva folk i kommunen hans reknar han for å vere, ligg klart i den medkjensla dei viser han. Det går no jamt nedover med ordføraren, som (han er eg-forteljaren i boka) tek lesaren med seg inn i ei verd som førekjem stadig meir bisarr.

Ekstasar er den andre boka til Øystein Vidnes. Han debuterte med novellesamlinga Bondeforteljingar i 2002 og fekk den gongen fine meldingar for boka. For Øystein Vidnes viste seg som ein novelleskrivar med ei særleg evne til å skildre augneblinken.

Også i den nye boka si skildrar Øystein Vidnes det merkverdige ved augneblinken, tydinga og indifferensen han har. Gestar og rørsler, likegyldige samtaleemne, djupet eller tomskapen i det som blir sagt, set lesaren i ei sorgmunter stemning, der ein – midt i eit lite latterbjeff – innser at Ekstasar er ein roman om ei personleg, indre krise.

Slik har ordføraren det når han er på veg til kommunestyremøtet med den nye erkjenninga si:

«Glede. Eg gjekk nedover gatene. Gå, tenkte eg, gå inn i historia. Skritta mine var lette, men samtidig velbalanserte, spankulerande. Sjå kor lett det var! uttrykte dei. Sjå på han, kor lett han går. Ikkje noko subbing, men heller ikkje noko sveving, om aldri så få centimeter over bakken. Nei. Lett, utvungen, sikker gange, det var eg, og djupt tillitvekkande, ville eg seie. Tillitvekkande! Dette er gangen til ein person eg ville ha stolt på om det så gjaldt livet. Ja, særleg det! Når du ser ein slik gange, kan du seie at det ikkje er ein gange å setje livet på spel for?»

Ordføraren er glad, ja nærmast høy: Han er begeistra, svermande oppglødd, har sett lyset! Stundom kjenner han angst og djup sorg (ei sorg han ber med god grunn, skal det etter kvart vise seg), men han kjem raskt oppover att, frå ekstase til ekstase; røyndomsoppfatninga hans blir meir og meir forrykt – og det blir også den ytre framtoningen hans, som stadig tydelegare vitnar om ein mann i ubalanse: Han tek til å halte. Han tek òg til å tvile på det han sjølv gjer: «Eg gjekk heim. Eller gjorde eg det?»

Det kan vere lett å lese seg vill i ein roman som denne, som i skildringa av den underlege røyndomsoppfatninga til eg-personen lett kallar på låtten til lesaren. Boka er då òg av ein annan meldar (i Morgenbladet) skildra som «en eksersis i å skrive morsomt på en særegen måte. [...] det er lunefull humor! [...] et humorstudium og en skrifteksersis.»

Men romanen Ekstasar er ingen humorstudie, han er ein ytst alvorsfull studie av eit sjeleleg samanbrot, der hovudpersonen – og han har som nemnt sine gode grunnar! – bikkar over i ei anna røyndomsoppfatning, og oppfører seg deretter: komisk, i augo til andre. Slik kjem skildringane til eg-personen av eigne tankar og handlingar, som for ein stor del byggjer på vrangførestellingar, til å framkalle eitt og anna lattersnøft hos lesaren, kor empatisk han enn måtte vere av seg.

Å skildre galskap frå innsida er eit ambisiøst prosjekt. Øystein Vidnes lukkast nettopp av di han er god til å sjå og skildre små, små rørsler – og dermed dei små, men faresignaliserande endringane: overdimensjonert fokus på det som er uvesentleg, neglisjering av faremoment, synkvervingar, forskuvingar i tidsoppfatninga. Difor er setninga som følgjer, ikkje ein trykkfeil!

«Eg la merke til at klokkeradioen blinka på 01:13, endå klokka berre var litt over elleve, det måtte ha vore straumbrot for litt over ein time sidan.»

Ekstasar har ein konstruksjon som heng godt saman og som heilt til det siste syg lesaren med seg i galskapen og forvirringa som høyrer til. Først heilt mot slutten av romanen blir eit nytt perspektiv opna, som kastar eit anna lys over forståinga til lesaren og handlingane til ordføraren.


Nøste Kendzior er omsetjar og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake