Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Krigshelt i utakt

Av Roald Helgheim
,  03.06.06


I skrivande stund er NRK i streik, men filmselskapet opplyser at filmen uansett blir vist som planlagt. Onsdag denne veka var det førehandsvising av ein dokumentarfilm av dei sjeldne her i landet. At den høgt dekorerte offiseren, som i 1978 vart dømd til fengsel for å ha fortalt den alt kjende sanninga om den ulovlege norske spionasjen frå finsk jord mot Sovjet, har vore ein konstant opprørar mot det autoriserte biletet av Noreg og krigen, er vel kjent. Men gjennom dokumentaren Krigshelt i utakt har regissørane Ingerid Hagen og Jon Herstad teikna eit eineståande portrett av mannen som ikkje gjekk av vegen for krig, men som ville ha ein annan fred enn det Noreg fekk som lydig undersått av USA i den kalde krigen.

Kritikken av 1940
I filmen startar kritikken mot regjeringa og det norske forsvaret med den manglande mobiliseringa då krigen i Europa braut ut i 1939. Ei mobilisering som kunne halde Noreg utanfor krigen, i staden for at landet fall som ei mogen frukt 9. april 1940. Regjeringa Nygaardsvold skulle vore stilt for riksrett for å få oppklart dette, i staden for det heltemodige biletet av Noreg som i regi av Nygaardsvolds parti vart teikna under gjenoppbygginga etterpå. 23-åringen Blindheim kom snøgt inn i motstandskampen og vart med i kompani Linge, der han leidde Milorg-distrikt D13. Her oppdaga han at det var kommunistane som stod for den aktive sabotasjelinja. Han gjekk inn for ei meir aktiv Linge-linje, og det vart gjennomført 100 aksjonar under hans leiarskap.

– Etter krigen var alle jøssingar, men dei som verkeleg slost, var få, uttalar Blindheim, som i filmen får eit sterkt gjensyn med Odessa, som han kom til i 1941, og der han var vitne til det tyske åtaket på Sovjet. Etter ei reise rundt halve jorda kom han til England fem månader seinare.

Spionasjen
– Det var Sovjet som vann krigen og som måtte bere dei største offera, seier Blindheim, som ei stund etter krigen var med i E-tenesta i forsvaret og arbeidde med organiseringa av Stay Behind-grupper. Men når han kom til Finland i CIA-oppdrag i 1953 og oppdaga at han skulle trene opp finske agentar som skulle spionere mot Sovjet, noko som i høg grad sette Finland i fare, vart det for mykje for ein offiser som meir og meir engasjerte seg mot Nato og norsk atompolitikk, og avslørde at atomvåpen hadde inngått i norske øvingar. I 1966 fekk han avskil i nåde frå Forsvaret, og byrja å studere historie. Det resulterte i ei svært balansert bok om norske frontkjemparar. I 1978 vart han dømd til 75 dagar i fengsel for å ha fortalt om operasjonane i Finland.

Fri røyst
Berge Furre, Lars Borgersrud, Ole Kristian Grimnes og andre historikarar er med i filmen. Men hovudpersonen er ein stadig like vital Blindheim, som med både galgenhumor og sterke kjensler vitjar gamle tomter og fortel om eit rikt liv, som krigshelt i utakt med krigen.

– Lagnaden til Blindheim er eit godt døme på korleis styresmaktene har prøvd å kneble ei kritisk røyst. Det er på tide å ta vår eiga historie på alvor og sjå på oss sjølve som ein vaksen nasjon som kan ta ansvar for handlingane sine, seier regissørane Ingerid Hagen og Jon Jerstad.

Filmen blir vist i NRK1 måndag 5. juni klokka 19.30.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake