Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Barnefilm forkledd som skrekkfilm

Av Øystein Vidnes
,  27.05.06


I Den brysomme mannen manglar ikkje berre smerta, men nytinga òg, skriv meldaren. Foto: Tordenfilm
FILM
Den brysomme mannen
Noreg
Regi: Jens Lien

Filmen byrjar litt på same måten som science fiction-filmen The Man Who Fell to Earth frå 1976, med David Bowie i hovudrolla: Ein mann dukkar opp i eit mørkt og aude landskap, under mystiske omstende, før han kjem fram til sivilisasjonen. Men derifrå skil filmane lag. For i den verda Andreas (Trond Fausa Aurvåg) kjem fram til, er det ikkje han sjølv som er rar, men alle dei andre. Andreas ser ikkje ut til å vite særleg mykje om kven han sjølv er. Ein mann gjev han skyss til eit husvære, gjev Andreas ein nøkkel og adressa til firmaet der han skal jobbe. Treng han meir? Ei kvinne, kanskje, men det ordnar seg, det òg. Den pene og velsituerte Anne-Britt (Petronella Barker) lèt seg varte opp lett som i ein dagdraum.

Samfunnet Andreas har kome til, er nemleg eit samfunn der ting ordnar seg. Ein finger kutta av i papirkuttaren dukkar opp på handa igjen innan kvelden, fullt fungerande. Skulle du elles vere så uheldig å kaste deg sjølv ut vindauget på kontoret og bli spidda på stakittgjerdet utanfor, ser det nok ille ut med ein gong. Men mystisk nok er det ikkje verre enn at du kan stille frisk og nybarbert på jobb neste dag.

Den overflatiske lukka
Det handlar om eit samfunn der alt er lagt til rette for lukke. Men kva viss du har alle dei ytre teikna vi knyter til lukka, og likevel er du ikkje lukkeleg? I Den brysomme mannen manglar ikkje berre smerta, men nytinga òg. Maten smakar ikkje, ingenting luktar og sex er berre eit gjeremål blant andre huslege gjeremål. Menneska er overflatiske og snakkar tilgjort, teatralsk, som om dei spela i ein norsk film. Andreas oppdagar dessutan at noko vesentleg manglar i høve til det han vagt kan hugse frå det tidlegare livet sitt: I denne verda finst det ingen barn. Så snart han ymtar frampå om dei tinga han saknar, snakkar dei andre det vekk. Dei er tilsynelatande nøgde med tilstanden. Men Andreas kjenner ein byrjande lengt etter noko anna.

Og då Andreas møter Hugo (Per Schaanning), som har den same lengten som Andreas, skjer det noko. Hugo har funne ein sprekk i veggen i kjellaren sin som det kjem musikk frå, og der han vagt kan lukte noko og skimte eit lys.

Sjeldan nok byggjer historia i Den brysomme mannen på eit høyrespel. Høyrespelet med same namn gjekk på radio i 2003 og fekk Ibsen-prisen året etter. Både det og filmversjonen av manuset er skrivne av Per Schreiner. Eg har ikkje høyrt høyrespelet, og veit ikkje kva det eventuelt har mista på vegen til film. Inntrykket mitt er i alle fall at sjølv med eit godt filmspråk, ei handfull kostelege, velregisserte scener og gode skodespelarar i dei største rollene, blir filmen aldri noko anna enn ei god stiløving rundt eit velmeinande manus med mange problematiske trekk.

Moralistisk overtone
Den draumeaktige, kalde og absurde stemninga i filmen er ei framsyning av alt det vi vanlegvis legg i adjektivet kafkask. Og på mange måtar kunne kanskje manuset ha vore nettopp ein tekst av Kafka. Når det likevel kjennest som noko vesentleg manglar, har det nok med dei store utfordringane som ligg i denne «sjangeren» å gjere. Nerven hos Kafka ligg ikkje i det underlege som hender, men i den manglande undringa til personane. Undringa blir opp til lesaren sjølv.

Trass i at pokerfjeset til Trond Fausa Aurvåg er meisterleg uskuldsreint frå byrjing til slutt, ser vi at han heile tida undrar seg, som ein fåmælt Obstfelder. Og når Andreas byrjar å undre seg, blir han sjåaren sin representant, og historia får ein moralistisk overtone som syng: Det kunne ha vore deg. Det mest nærliggjande er å tolke filmen som ein enkel allegori, det er deg, det er oss alle det handlar om, vi strevar etter lukka, men ikkje etter dei tinga som eigentleg har noko å seie. Lyden av pludringa frå eit spedbarn mot slutten av filmen trugar kvar augneblink med å bryte ut i song i lag med eit barnekor og Cornelis Vreeswijk.

Hadde det ikkje vore for nokre meir brutale scener og det faktumet at filmen er litt for lang til det, kunne han med fordel ha blitt gjord til ein oppdatert barneversjon av myten om kong Midas, han som fekk det som han ville. Alt han tok i blei til gull, men han vart likevel ikkje lukkeleg.

Øystein Vidnes er forfattar og fast filmmeldar i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake