Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Skirbekks høgsong til vitskapen

Av Pater Arnfinn Haram
,  27.05.06


«Astronomen Kopernikus: Samtale med Gud» (1872), målarstykke av den polske kunstnaren Jan Matejko.
I Dag og Tid 20. mai er både Gunnar Skirbekk og redaktøren på jakt etter ein meir omfattande debatt om «islamismen».

Men er det berre islamismen som ei slags ektremretning ein er ute etter? I alle fall når ein les innlegget til Skirbekk, kjem det nokså fort fram at det handlar om ein meir omfattande islam-kritikk – for ikkje å seie religionskritikk. Skirbekk har ikkje heilt forsona seg med gjesteførelesinga til Habermas i Bergen der han manar sekulariteten til respektfull dialog med religionen.

Truleg er ikkje Skirbekk motstandar av ein slik dialog og eg har aldri oppfatta han som særskilt antireligiøs. Likevel: Han har eit agg mot den nye Habermas-doktrinen. Skal sekulariteten lytte til religionen, så må santfordyden også religionen lytte til dei sekulære, og tole kritikk! Ja visst. Men kanskje er det ikkje så urimeleg at apellen om respekt for religionen får klinge litt åleine ei stund.

Etter så lang tids nedteiing og fortrengjing frå den sekulariserte moderniteten si side burde ein kunne skjøne at det er trong for ei viss «kvotering» til beste for religionen. Det tek tid for sekulariteten å lære seg ei ny og meir sjølvkritisk rolle og venje seg til at dei ikkje har lyklemakta åleine.

Gamle ganglag
Skirbekk meiner at fleire intellektuelle burde uroe seg for at den offentlege frammarsjen til religionen rokkar ved innlysande verdiar i moderniteten: «‘pluralitetens faktum’, vitskapanes kunnskapsmessige forrang og rettens livssynsnøytralitet».
Men er dette så innlysande som ein vil ha det til? Er det ikkje nettopp modernitetens gamle ganglag vi kjenner att her; ein går vidare som om ingen ting har hendt og meiner det er nok å spele dei kjende fanfarane – så skal alle reise seg og bukke?

«Pluralitetens faktum» – ja, kanskje det kan passere. Samfunnet vårt rommar sjølvsagt eit større kulturelt og livssynsmessig mangfald enn før. Men det heile er overvaka av ein underforstått einskapskultur som ikkje er så lett å namngje fordi han er så diskret, men som veit å kvese til når han kjenner seg truga. Er det lenge sidan Skirbekk høyrde omkvedet om «dei norske-» eller «vestlege» verdiane som alle må elske og bøye seg for? Ser ein på media og elles på den meiningsformande eliten («dei intellektuelle»), er ikkje det kulturelle og livssynsmessige mangfaldet særleg påfallande, spør du meg.

Snarare tvert om. Det er eit paradoks at ein no brukar pluralisme-argumentet mot den fyrste verkelege utfordraren av den norske homogeniteten på lenge: sjølvmedviten og offentleg synleg religion. Med andre ord: Det er ikkje pluraliteten som kjenner seg truga, men sekulariteten. Det er ikke einskapen, men nettopp religionen som er «varg i veum».

Høvisk sameksistens
Dersom no Skirbekk repliserer at han ikkje er mot offentleg religion, men mot at religionen skal ta rotta på alle andre, så seier eg at det er eg samd i – men sender påminninga med ein gong vidare til dei sekulære. Heller ikkje dei bør ha nokon særrett til aksjemajoriteten i det pluralistiske samfunnet.

I motsetnad til Skirbekk trur eg ikkje at det er sekulariteten meir enn noko anna som kan borge for mangfald og toleranse. Det kan berre ivaretakast ved ein høvisk og pragmatisk sameksistens mellom alle grupperingane i samfunnet, anten dei er truande eller vantruande. Sjølv er eg inderleg lei av å stå skulerett for den offentlege ateismen.

Liturgi
Så: «Vitskapanes kunnskapsmessige forrang». Det høyrest heilt liturgisk ut og eg trudde at tida for slike høgsongar til vitskapen var forbi. Tyder det at eg ikkje har respekt for vitskapane? Nei. Det tyder at vitskapane bør vere seg medvitne om grensene sine, særleg når det gjeld det etiske og verdimessige grunnlaget for kulturen. «Vitskapleg» moral og politikk burde vere både utdatert og avslørd, når sant skal seiast.

Heller burde vitskapens folk – både i naturvitskapane og humaniora – vere medvitne om sine eigne verdimessige føringar. Også vitskapane må finne seg i å delta i den felles samtalen på like fot med religiøse og etiske tradisjonar med lang fartstid i menneskesoga. Vitskapen (er det ingen som har eit betre ord?) skal vere eit kritisk ljos i kulturen, men kan ikkje oppkaste seg til å vere sjølve ljoskjelda over alle andre.

Endå meir liturgi
Sist, men ikkje minst: «Rettens livssynsnøytalitet». Liturgien held fram. Dette skal truast og syngjast. Men ein vismann har sagt: «Berre den talar sant, som veit at han lyg.» Juridisk livssynsnøytralitet skal etterstrevast, men det kan ein berre om ein er klår over at ein aldri vil kunne vere heilt nøytral. For religionskritikken er det nok å sjå til at alle innslag av religiøse referansar er borte frå retten, så er alt i orden og nøytraliteten sikra. Eg vil ikkje ha korkje Olavs kristenrett eller islams sharia som felles rett i Noreg. Men eg vil ha høve til å kritisere og påverke lovgjevinga med referanse til religiøse verdiar like så vel som andre gjer det ut frå sine overtydingar. Etter mitt syn er det dette som er «rettens livssynsnøytralitet».

Ny rolle
Så langt Skirbekk. Eg er samd med han i at «nordmenn tradisjonelt ikkje [har] vori særleg sterke når det gjeld drøfting av grunnleggjande spørsmål». Kanskje har det også noko å gjere med manglande kunnskap om religion? Eller at det vedtekne dogmet om Guds og religionens «død» enno blir rekna som gyldig av mange? Her høver det med ein overgang til Rune Slagstad som i same nummeret av Dag og Tid ymtar litt frampå om kvifor han ikkje deltek i debatten om (les: mot) islam.

Han kjempar gjerne mot fundamentalisme og for opplysingsideala, seier han, men held fram: «opplysingsrasjonalismen tok feil på eit grunnleggjande punkt, nemleg at Gud er død». Kan dette vere noko av grunnen til at debatten tek pause og ettertanken breier seg? Fordi den debatten mange vil fyre oppunder, går føre seg på gårsdagens premissar? Premissar som seier at tilhøvet mellom religion og samfunn er klårlagt og forsegla ein gong for alle i den vestleg-moderene kulturen.

No gjeld det berre om å verne og forsvare denne arven og desse posisjonane. «Openberringa» er avslutta. «Den nye pakta» skal stå uendra. Då ser ein ikke at religionen (og kanskje til og med Gud) spelar ei heilt anna rolle i det internasjonale samfunnet enn nordmenn er vane med å tenkje. Eg trur Slagstad og andre gjer klokt i ikkje å kaste seg inn i «den gamle» religionsdebatten om korleis ein best skal verje den snille og gode moderniteten mot den slemme religionen.

Føresetnadene er i ferd med å endre seg – religionen er ikkje noko som er på veg ut og berre har eit slags reaksjonært comeback her og der. Difor må også debatten bli annleis enn før. Og difor er det kanskje nokre som vågar å ta tid til å tenkje seg om. Det burde fleire gjere.

Pater Arnfinn Haram



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake