Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Flukta frå krigen

Av Ottar Fyllingsnes
,  06.05.06


Foto: Nordisk Film
FILM
Den beste av mødre
Regissør: Klaus Härö
Med: Maria Lundquist, Michael Nyqvist, Topi Jananiemi
Finsk
Aldersgrense: 11 år

I 1943 døyr den finske faren til niåringen ved fronten. Mora får ein sterk sorgreaksjon, og finn det best å senda sonen til det nøytrale Sverige.

I ein bakke i Skåne ventar fosterforeldra på han, men av grunnar som kjem fram etter kvart, vender fostermora ryggen til guten. Det nye livet vert vanskeleg for niåringen. Han må nærast utkjempa sin eigen krig i det nye landet. Meir eller mindre vert den skånske bondegarden fengsel og bunkersen med utsikt mot sjøen ein heim. Guten skjønar ikkje svensk, og fosterforeldra skjønar ikkje finsk. Når det ringjer inn på skulen, trur guten det er flyalarmen som går, og han stormar inn på jentetoalettet. Det byr på mange problem å vera åleine i eit land der alle snakkar eit anna språk. Men etter kvart betrar tilhøva seg, og når krigen lakkar mot slutten, vert valet vanskeleg. Det er ikkje lenger så sikkert kven som er den beste av mødrer.

Strålande mor
I hovudrollene som fosterforeldra møter me to av dei beste karakterskodespelarane Sverige har å by. Michael Nyqvist går frå den eine store rolla til den andre; seinast i den gigantiske publikumssuksessen Så som i himmelen, som vart sedd av 1,3 millionar svenskar. Men det er ikkje Nyquist som stikk av med trofeet i denne filmen. Det er Maria Lundquist i rolla som fostermora. Frå tidlegare er ho mest kjend som komikar, men her skildrar ho på overtydande måte ei fostermor i sterk forvandling. Det var vel fortent at ho fekk den svenske Gullbaggeprisen for beste kvinnelege hovudrolle i fjor.

Glansbiletelandskap
Den beste av mødre er den andre spelefilmen til Klaus Härös. Han hadde dundrande suksess med debutfilmen Elina – som om jeg ikke fantes, som er ein svært sterk film om born både for born og vaksne. Filmen har vunne over tretti prisar på ulike festivalar kringom i verda, og han var Finlands Oscar-bidrag i 2003. Den beste av mødre er glattare i forma, og ikkje like overtydande som den strålande debutfilmen. Dessutan er han kanskje altfor vakker. Det er kanskje ikkje til å unngå når ein vel å leggja innspelinga til det vakre og bølgjande landskapet utanfor Ystad i Skåne. Likevel kan han absolutt tilrådast. Sjølv om filmen handlar mest om eit krigsbarn, er han like mykje ein film for vaksne.

Mykje planlegging
Heilt sidan Klaus Härö gjekk på filmskulen i Helsingfors på 90-talet, har han tenkt på å laga denne filmen. I 1992 kom Heikki Hietamies sjølvbiografiske bok Den bäste av mödrar ut, og filmen byggjer delvis på denne boka. Saman med 600 born vart den 10-årige Heikki frakta i lasterommet på fartyet «Arcturus» til Sverige i 1939. Dei større borna fekk forbod mot å gråta for ikkje å «smitta» dei mindre, har Härö fortalt.

Etter krigen og utover i 50-åra ville finnane helst gløyma krigen. Like fram til 90-talet var det svært stilt om dei finske barneflyktningane, men då vart det laga ein dokumentar. Det var først i 1990-åra – då krigsborna hadde vorte pensjonistar – at dei byrja å fortelja kva dei hadde opplevd.

Klaus Härö har fortalt at det særleg er to grunnar til at han gav seg i kast med temaet. Han er sjølv finlandssvensk, og han har alltid beundra svensk barnefilm. Til Svenska Dagbladet har han fortalt at dei grundige undersøkingane som ligg bak filmen, har teke ti år; førebuinga og manusarbeidet tre år.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake