Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Talegåver til ein jubilant

Av Tiril Rem
,  06.05.06


Odd Nordstoga og Bjørn Holm fekk folket med seg i songen om den hylande grisen.
Den siste fredagskvelden i april er målfolk og sympatisørar samla til Hundreårsfesten – ei festframsyning i høve hundreårsjubileet til Noregs Mållag. Foajeen på Det Norske Teatret fyller seg med målfolk, nynorsksjefar og nynorskkjendisar, og jammen ser vi ikkje ein av gutane i fjernsynsserien «Sjarmørskolen», hjelpsam og fint oppdressa i burgunder teateruniform.

Ei bjølle lokkar gjestene inn til hovudscena som er sparsamt pynta: eit flygel, nokre mikrofonstativ og blomekvastar her og der. Lysriggane heng i mannshøgd, og to karar
ser ut til å klargjere scena. Det blir mørkt. «Få på lyset», ropar ein av dei før ei skjelvande røyst forkynner «Men me hev lys innvertes!», og set i gang med å syngje «Millom bakkar og berg».

Dette er vel ikkje til å unngå, men heldigvis kjem programleiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn inn på scena med «lys utvertes»

på den raudspragla kjolen og vinkar allsongen av.

Mållagssoge på fire minutt
Ho fortel historia om februarnatta då Noregs Mållag vart stifta, straumen gjekk og Anders Hovden kom med desse orda om det innvendige lyset. Ho lovar ein kveld med «the very best of nynorsk og Mållaget» før ho gjev ordet til Are Kalvø som går gjennom mållagssoga på fire minutt. Han snakkar så fort og salen er så mørk at det er mest uråd å få eit kløyva ord på blokka. Kløyvde ord er forresten tema i soga som òg provar at det har gått nedover med danskane sidan 1905: No er dei hata i muslimske land òg.

Viljen til bråk
Trio Søt står for det første musikalske innslaget. Jentetrioen har gjort karriere med Motorpsycho-låtar på nynorsk, og alt starta visst med nynorsk simultanomsetjing på nachspiel.

Trio Søt er så godt som dei einaste med bunad denne kvelden. Finst det skjulte bunadskodar mellom mållagsfolk? Orkar dei kan hende ikkje å stryke bunadsskjortene to dagar på rad?

Ikkje det at folk ikkje har pynta seg. Glidande inn på første klasse kjem ein strigla Jeppe i ei overdådig seng med feite og fine englar på sengestolpane.

– Eg trur eg er komen til himmelrikjet, og dét ganske ufortent, seier Jeppe Eikemo forfjamsa frå baronsenga.

To kvinner står og viftar med palmeblad på kvar si side av den nye baronen. Full av undring held Jeppe fram:
– Kan hende drakk eg meg i hel i går? Døden er ikkje så ille.

Ludvig Holbergs Jeppe på Berget kledd i nynorsk språkdrakt av skreddar Arne Garborg, førde i 1913 til ein av dei lengste pipekonsertane i europeisk teaterhistorie, fortel programleiaren.

Ein annan som har skapt teaterhistorie på Det Norske Teatret, er Frode Grytten. Når mai er til ende, har Bikubesong vorte spela 172 gonger.

Og ikkje berre kan Frode Grytten skrive, han kan lese òg. Akkompagnert av Ole Morten Vågan og Morten Qvenild framfører den ferske samlagsprisvinnaren Reisefeber 37,5 grader C, med utgangspunkt i ruteheftet til HSD og påstandar som at vestlendingar lengtar heim alt før dei har reist.

– Som ein blyg elskar kjem snøggbåten alltid tilbake, seier forfattaren, tek med seg rutetabellen og går.

Målstev
Det er mange stjerner på scena, og meir enn ein måne i salen. Slik ser det iallfall ut frå der eg sit, på åttande rad, men den statistikken kan ikkje brukast til noko. Ikkje noko sikkert i alle fall, truleg ikkje ein tendens ein gong. Men ungdommen er til stades, og eit par store magar vitnar om at somme òg tenkjer på rekrutteringa.

Etter 100 år er ikkje alt gløymt. Skodespelarane Hildegunn Riise og Svein Erik Brodal gjev oss nynorske, lyriske drops som ikkje har mist smaken: Kristofer Uppdal, Olav Nygard, Olav Aukrust, Halldis Moren Vesaas, Tor Jonsson og Aslaug Vaa.

Kledd i raudt stevar Kirsten Bråten Berg åleine på scena. Så glir Kjartan Fløgstad stille inn frå sidelina med talarstolen på hjul. Han helsar mållyden og seier at framtida er ei alvorleg sak.

– Språkstrid er og blir politisk, seier han – med mykje meir.

Så lokkar han Kirsten Bråten Berg, Lars Bremnes og Georg Buljo ut att på scena for å framføre «Slak line», teksten Kjartan Fløgstad skreiv til ein av songane på Frelsesarme-plata Stolpesko. Bakgrunnen for teksten var montøren Birger heime i gata hans i Sauda, som alltid stod i telefonstolpen med stolpesko.

Fossekrimmen
Ho: No er vi snart i huset vårt.
Han: Huset vårt.
Ho: Eit gammalt, vakkert hus, langt borte frå andre hus og frå andre folk.
Han: Du og eg åleine.
Ho: Ikkje berre åleine, men åleine saman.
Ho: Huset vårt. I dette huset skal vi vere saman. Du og eg åleine saman.
Han: Og så skal ingen komme.

Hildegunn Riise og Reidar Sørensen framfører utdraget, bukkar og går før nokon kjem.

– Nokon kjem til å komme var det første teaterstykket til Jon Fosse. Ikkje berre har det gått verda rundt. Det er til og med omsett til bokmål, fortel programleiaren.

Og dei som skulle kome, dei som kom, las og gjekk, var tre unge forfattarar: Hildegunn Dale, Sigmund Løvåsen og Olaug Nilsen. Litt seinare kom Rønnaug Kleiva og las om å fø fram ein kalv over vinteren.

Grisevise
– Hallois! Odd Nordstoga kjem med denne merkelege varianten av eit helsingsord som eg berre har høyrt redaktøren i verdas einaste nynorske riksavis bruke. Trass i denne noko uformelle tiltaleforma er det telen som får kveik i publikum innvertes – å sjå til. Med sylvspente skor kakkar han innsida av foten i golvet. Meir skal ikkje til før publikum byrjar å klappe i utakt. Han syng vakkert om kingelvev frå diktet «Rosevev» av Stein Versto. Han gratulerer med dagen «til den som måtte kjenne seg truffet», før han held fram med ein ny låt han har skrive om livet som musikant på landevegen: «Eg er stor, men ikkje så stor – eg lengtar heim til mor.»

Suksessen var eit faktum då Odd Nordstoga og bassist Bjørn Holm avslutta med den ragnarhovlandske teksten «Kveldssong for deg og meg», om grisen som står og hyler, med improvisert draghjelp frå Henning Sommerro på trekkspel. Då gjekk publikum heilt av stag med klapping. Dei hauka til og med. Populærkulturen vinn i Det Norske Teatret òg. Falturiltura.

Queendom, ei gruppe «bindestreks-born» som dei kallar seg, kvinner med røter frå Afrika, står for det multikulturelle innslaget denne kvelden.

Aldri før har gamle diktarhøvdingar vore betre. Vi sig attende i setet og nyt ein ny omgang dikt lesne av Hildegunn Riise og Svein Erik Brodal: Tarjei Vesaas, Olav H. Hauge, Ragnvald Skrede, Einar Økland, Paal-Helge Haugen og Eldrid Lunden. Dikta er valde ut av Otto Hageberg, Idar Stegane og Vigdis Ystad.

Etterstev
– Hundre år går fort. Ferja skal straks leggje til kai, men det blir drøs i fojaeen etterpå, lovar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn før ho gjev ord og tonar til Henning Sommerro, John Pål Inderberg og «Kjærleikens ferjereiser».

Eg grip i slingrekanten på eit bord, og tenkjer på høgreleiar Erna Solberg som kvitta seg med nettopp denne boka, Kjærleikens ferjereiser av Edvard Hoem, i RadioSelskapet på NRK P2. Jaja. Høgre nyttar ein annan målestokk enn dei fleste målfolk, og om dei ikkje kjem i mål, gjer hundreårsreisa det.

Henning Sommerro avsluttar med «Vårsøg» av Hans Hyldbakk. Han vart 100 år han òg. Trong han høyreapparat eller briller? Nei, han levde livet.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake