Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Den store løkskrellaren
Solveig Aareskjold,  22.04.06

Tre Peer-ar i danseframsyninga Peer Gynt som for tida er på turné. Foto: Riksteatret
DANS
Henrik Ibsen:
Peer Gynt
Koreografert av Øyvind
Jørgensen for Riksteatret.
I rollene: Sittibancha Bamphen, Nils Jakob Johannesen
og Biniam Yhidego

Morgonen etter at Riksteatret viste Peer Gynt som danseframsyning i Sandnes kulturhus, var eg på gjesting i ein vidaregåande skuleklasse i Stavanger. Dei hadde ennå ikkje kome til Ibsen i pensum, og var derfor i stand til å oppleva stykket på ein heilt annan måte enn eg, som har hatt det med i den kulturelle handbagasjen heilt sidan eg var på deira alder.

– Det var tre menn som bykste omkring på scenen, sa ein gut på vindusrekkja: Ein asiat, ein afrikanar og ein nordmann.

– Det passa veldig godt til den new wave-musikken dei spelte, ei blanding av tekno og naturmusikk, sa ei jente ved motsett vegg.

– Men der var med litt av Grieg òg, kom det bakarst frå klasserommet: Solveigs sang. Nei, Åses død. Men ikkje Morgenstemning. Og ikkje Dovregubbens hall.

I det heile rådde der ein viss skepsis til denne måten å framstilla kulturarven på. Ting som ein risikerer å få til eksamen om eit års tid, krev alvor og presisjon. Ein kan ikkje utan vidare gå ut frå at tre menn som hoppar omkring og viftar med armar og bein, har fatta poenget, «øjnet Dybden», som det står i originalteksten.

Framsyninga til Riksteatret er då òg ein sterkt nedskoren versjon, samla om nokre få sentrale punkt. Der er bare tre aktørar, som alle saman speler Peer, samtidig. Dei sit og ventar på tre kassar eller kister mens publikum kjem inn i salen og leiter seg fram til seta sine.

Så brakar det laus. I staden for innleiande forhandlingar med «Peer, du lyver» og «Nej, jeg gjør ej!» er me straks inne i eit forrykande bukkeritt beint utover Gjendineggen. Der er fart og spenst og ein kvervel av kvit og brun og gyllen hud, mann og dyr og landskap går i eitt, og sjølv blir du riven med som ei anna Mor Aase: «Aa, Gud trøste mig!»        

Etterpå går det litt i heng. Sidan det bare er desse tre Peer-ane som er på scenen, må dei andre figurane i stykket koma til uttrykk gjennom dei, om dei i det heile slepper til. Solveig flagrar forbi som ein kvit kjole henta opp or ei av kistene, seterjentene og Den grønnkledde framstår med horete vrikking, mens Dovregubben og Bøygen må vika for generell sjølvdigging. Knapt halvvegs inn i framsyninga tek dei tre karane seg ein kvil på kvar si kiste, mens Mor Aase nyttar pustepausen til musikalsk utanding.

Men det kviknar til der du minst skulle venta det, på Afrikakysten, i den delen av stykket som vanlegvis blir rekna som minst tilgjengeleg, med eit nytt innsyn om å vera menneske i verda. Og det løfter seg endå meir når Peer vender heim til Noreg sjøvegen, og stig i land ved å krypa ut or si eiga kiste. Med ein sekk over hovudet, ribba for kraft og ungdom, tuslar han omkring og leiter etter seg sjølv.

Då høyrest ei underleg rasling, som når nokon kastar karamellpapir omkring seg, eller trør i vissent lauv. Det er Peer som skreller løk, på leit etter sin eigen kjerne inni alle laga av egosentrisk jåleri. I trefaldig fortviling flerrar han opp løk til det luktar over heile salen. Alt skrellet som blir slengt utover, gjer scenen om til ein skogsbotn, der skrømta av misbrukte sjansar tumlar omkring i tåka. Peer er i ferd med å gå over i massen. Bare eit fjernt lysskin gir von om frelse.

Dermed endar det som bortimot den finaste Peer Gynt eg har sett.

Solveig Aareskjold er forfattar.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake