Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Mållaget storfestar i Oslo komande helg

Av Bjørn Morken
,  22.04.06


Frode Grytten kjem på festen fredag 28. april.
Det skal ikkje gåast stilt i dørene når hundreårsfesten til Norges Mållag skal haldast. Hovudscenen til teatret vert arena for mykje nynorsk kultur denne fredagskvelden, og feststemninga må ventast å verta høg i slik ei stund.

– Ja, her kjem det til å henda mykje. Eg trur vi kan seia at dette vert ein av dei skikkeleg store, nynorske kulturmønstringane, seier Ruth Lillegraven i Det Norske Samlaget, ei av dei som er med i tilskipingsnemnda.

Ho hiv or seg det eine kjende namnet etter det andre når vi spør kven som skal stå føre dei ulike innslaga på festen. Det er så vi alt kjenner kremsmaken i munnen. Og ho vil ikkje ut med alt som vert å oppleva denne jubileumskvelden.

– Nokre løyndomar må vi ha, det er dumt å gå ut med heile programmet, seier ho. Men så pass får vi vita:

At Kjartan Fløgstad kjem og held ein slags appell eller liknande.

At andre kjende forfattarar som Hildegunn Dale, Olaug Nilssen, Sigmund Løvåsen og Rønnaug Kleiva kjem.

At komikaren Are Kalvø har noko å seia på jubileumsfesten.

At musikarar som Trio Søt, Lars Bremnes, Kirsten Bråthen Berg, Henning Sommerro, Frode Grytten med musikarar og Odd Nordstoga med musikarar vil laga mykje godlyd for festlyden.

At den norsk-afrikanske teater- og dansegruppa Queendom vil koma med dramatiske innslag.

Og at det vil verta lese opp dikt frå ulike årstal innanfor det tidsrommet Noregs Mållag har eksistert, altså 1906–2006. Eit utval samansett av Otto Hageberg, Vigdis Ystad og Idar Stegane har plukka ut dikta.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn vert programleiar. Og så vonar Ruth Lillegraven og dei andre i tilskipingsnemnda at alle dei 750 plassane på hovudscenen vert fylte opp. Billettinging er det Det Norske Teatret som tek imot.

Så er det berre å vona at «målfolket» ikkje festar seg heilt mållause, men kjem i hug at det kjem kvardagar att etter festen.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake