Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Gamle og nye ruinar
Øyvind Vågnes,  06.04.06

AMERICANA
Lambchop:
The Decline of the Country and Western Civilization
City Slang/Bonnier

Calexico:
Garden Ruin
City Slang/Bonnier

Willard Grant Conspiracy:
Let It Roll
Glitterhouse/Playground

Det er duka for påskelam når Lambchop no er ute med The Decline of the Country and Western Civilization (City Slang/Bonnier), ei samling med songar frå nesten heile nittitalet. Her finst både singel-spor og uutgjevne versjonar opp og fram mot høgdepunktet Nixon (2000), ei strålande plate som høver godt som introduksjon for dei som ikkje måtte kjenne til Nashville-bandet. Denne samlinga er nok likevel mest interessant for dei som kjenner til Lambchop frå før. Dei vil finne mykje å gle seg over her.
Det er artig å lytte seg tilbake til korleis bandet vidareutvikla sin eigenart i desse formative åra. Då bandet i fjor samarbeidde med elektronikaduoen Hands Off Cuba på ein EP, CoLAB, vart det diskutert om dette peika mot ei ny eksperimentell retning for Lambchop – strake vegen inn i nye og ukjende soniske landskap. Denne samleplata minner oss om kor mykje bandet alltid har leika seg i det dei har gjort. Den avgjerande konstanten er sjølvsagt Kurt Wagner, som med den eminent innrøykte stemma si presenterer treffsikre observasjonar av dei mange (berre tilsynelatande) trivielle detaljane i kvardagen. Ofte er det herleg underfundig, som når Wagner feirar at han har byrja å røykje igjen med ein liten soul-trudelutt («Cigarettiquette»): «I’m smoking again!» Rett spennande blir det likevel først til hausten, når Lambchop kjem ut med ei heilt ny plate.

Eit skjult kontinent
Skribenten Greil Marcus har tenkt mykje over korleis ei løynd historie om eit skjult Amerika er å høyre i dei beste songane i den omfangsrike populære tradisjonsmusikken til landet. Marcus inviterer gjerne lesaren inn i det mytiske, og leier oss ned i djupet, som ein slags Vergil med backstage-pass. Her høyrer ikkje berre Dylan & gamlefolket til, men òg nyare band som Lambchop, saman med Calexico, aktuelle med Garden Ruin (City Slang/
Bonnier), og Willard Grant Conspiracy, som nett gav ut Let It Roll (Glitterhouse/Playground). Det dreier seg om eit landskap Marcus har kalla, med ei dylansk formulering, «the old, weird America». Her får alt som er annleis, leve fritt: Ikkje berre menneske, men òg tankar og idear. Fell dette rause landskapet i ruinar, forvitrar mange tilløp til dissens.
Musikken til Calexico sirklar inn ein slags «grenseområdets estetikk», difor namnet (California + Mexico). Songane høyrer til begge stader til same tid, som på Feast of Wire (2003), framleis den beste plata til bandet. Musikken målber dermed identitet som noko som stadig er i endring, i rørsle – noko uavslutta. I klasserommet har ein høyrt om smeltedigelen og salatbollen, og alle dei andre bileta som skal forklare det multikulturelle USA på ein lettfatteleg måte – og når eg høyrer denne musikken, må eg innrømme at eg vert freista til å klinke til med ein lettsindig kulinarisk parallell. Eg landar på den kreolske gryteretten gumbo, eit samkok av mykje herlegdom: Ein smattar seg nemleg fram til ingrediensane til Calexico.

Frå framtidige ruinar
Denne gongen er det nye smakar å finne i kvar skei. Garden Ruin har ingen instrumentalar, og legg seg nærare eit tydeleg pop-rock uttrykk, noko som må sjåast som ei naturleg følgje av dei mange samarbeida til bandet den seinaste tida (Iron & Wine, Neko Case). Resultatet har vorte eit knippe songar ein tek seg i å nynne til.
Det finst elles eit umiskjenneleg og markert politisk liberalt avtrykk på Garden Ruin, eit som står godt til den mangfaldige musikken. «Cruel» nærmar seg den systematiske utarminga og øydelegginga av naturressursane våre. «Deep down you know it’s evil, you always knew», heiter det i «Deep Down». Miljøproblem, demonstrasjonar, religiøs fundamentalisme, dødstal frå krigen, flimrande fjernsynssendingar: Alt dette har funne vegen inn i songane. Det er vanskeleg ikkje å lytte til det monumentale avslutningssporet, «All Systems Red», utan å tenkje at songen for alltid kjem til å føre tankane tilbake til desse åra – til Bush-åra.

Det er interessant å registrere at Let It Roll òg viser ei langt meir rocka utgåve av Willard Grant Conspiracy. Simon Alpin er no ute av biletet, og Robert Fisher står att, noko som resulterer i ein røffare, meir uslepen lyd. Mellom gjestene finn vi Steve Wynn. Det hender assosiasjonane går til Nick Cave når det skingrar i svingane, som på den heseblesande tittelsongen, eit av fleire lange spor på denne plata. Det heile opnar med «From A Distant Shore», der ein soldat stirer døden i auga, ein eller annan stad langt heimefrå. Den patriotiske gløden er ikkje påtakeleg. «I’m engaged to be married to the method of my leaving», syng Fisher med den nattmørke røysta si. Men han skriv seg meir opp mot dei store eksistensielle spørsmåla enn mot den mørke samtida vår. Det handlar mykje om Døden, og ein skal leite lenge for å finne ein tekstforfattar som lagar så slåande bilete. På heile Let It Roll finst det ein friksjon mellom håp og ønsket om håp. Det er ikkje alltid godt å vite kva som skil dei to frå kvarandre: «I dreamed I saw Angels flying low, they encompass all that’s good», syng Fisher i «Flying Low», og så: «... or so I’m told». Men i same songen høyrer vi: «There’s faith born in the patience that living requires». Å sverje til håpet er alt ein kan makte å gjere, òg i «the old, weird America».



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake