Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Satsar ti millionar på Rasmus Løland

Av Ottar Fyllingsnes
,  08.04.06


Rasmus Løland stakk seg aldri fram, slo Arne Garborg fast i minnetalen, men no skal han fram i dagen på alle moglege vis. Det byrjar i 2007 – i samband med at det er 100 år sidan Løland døydde, og held fram i fire år – til 2011. Då er det 150 år sidan han vart fødd.
Så langt er det utarbeidd eit omfattande forprosjekt. Der ser ein blant anna for seg utviklinga av eit senter for nynorsk barnekultur og litteratur, anten som ein sjølvstendig organisasjon eller som ein del av Ryfylkemuseet.

Banebrytande
Rasmus Løland er fødd i Suldal. Han skreiv bøker både for barn og vaksne. Han bidrog i nynorskavisene Fedraheimen og Den 17de Mai og var redaktør i Norsk Barneblad frå 1902 til 1907. Løland vert rekna som ein banebrytande barnebokforfattar.
– Saman med Per Sivle etablerte han både den realistiske barneforteljinga og den nynorske barnelitteraturen. Bøkene hans er blotta for moralisme, didaktisk overstyring og sentimentalitet. I staden skapte han eit univers der barn er heile, ansvarlege menneske, heiter det i forprosjektet.

Stort budsjett
Stiftinga Rasmus Løland 2007–
2011 er ei ideell stifting som skal arbeida for makering av livsverket til mennesket, forfattaren, journalisten og samfunnsbyggjaren frå Suldal.
Det er store summar som skal satsast på Løland-markeringa – i alt nærare 10 millionar kroner. Til samanlikning vart det brukt 6,2 millionar kroner både på Aasen-året og Kielland-jubileet. Då Garborg-året ebba ut, rekna dagleg leiar for Garborg-året, Trond Lie, med at året hadde kosta kring 9-10 millionar kroner.
Dei største bidragsytarane som er førde opp i forprosjektet for Løland-markeringa, er: fleire departement 2 millionar, sponsorar 1,9 million, Suldal kommune 1,75 million, Ryfylkefondet 1 million, Rogaland fylkeskommune 700.000, Asker kommune 450.000, Akershus fylkeskommune 300.000 kroner, pluss andre inntekter.

Det er sett av 4,7 millionar kroner til dekking av løn og reiser for styret og administrasjonen.
– Er det realistisk å tru at ein greier å skrapa i hop 10 millionar til Løland-markeringa, prosjektleiar Einar Schibevaag?
– Ja, men først må organisasjonen skipast, og så må me søkja, men så langt er dei offentlege instansane – utanom departementa, positive. Spesielt gledeleg er det at både Asker kommune og Akershus fylkeskommune går inn med tyngd. I Asker skal dei bruka fleire millionar på å setja opp huset der Løland budde – i hagen til Arne Garborg på Labråten.

– Kva med dei to millionane de reknar med å få frå departementa?
– Me har ikkje hatt møte med departementa, men så lenge det dreier seg om eit bokmålsområde og eit nynorskområde, burde det vera mogleg å få det til. Aasen-året hadde eit budsjett på 6,2 mill, men ein må hugsa på at Løland-markeringa skal gå over fire år. Litt av poenget er at ein skal prøva å setja i gang prosessar som ein skal hausta av i 2011. Løland-markeringa skal brukast med tanke på å skapa større merksemd kring nynorsk barnekultur.
– Men aller helst å skapa meir blest om Suldal?
– Ja, for så vidt for Suldal sin del, men i fylkeskommunen er det stor entusiasme for prosjektet. Fylkesordførar Roald Bergsaker har vist stort engasjement, og han har alt fått fylkeskommunen til å vedta eit Løland-stipend. Det er på 100.000 kroner, og skal årleg delast ut til forfattarar som skriv for barn og ungdom. Det er gjennom arbeidet med Løland-markeringa at tanken om stipendet dukka opp. Dessutan har Suldal kommune oppretta eit stipend til unge kunstnarar. I tre år skal det delast ut 100.000 kroner med tanke på å hjelpa fram talent frå kommunen, fortel Schibevaag.

Ny biografi
Hovudarrangementa i 2007 skal leggjast til Suldal i mai, til Dei Nynorske Festspela i Ørsta og Volda i juni og til Asker i oktober. Den offisielle opninga av Løland-markeringa finn stad på Løland kring påske neste år. Hovudmarkeringa i Suldal vert i mai for å markera at forfattaren vart fødd 24. mai 1861 på Løland i Hylsfjorden.
Ernst Drange er engasjert til å skriva Rasmus Løland-biografi.
– Boka kjem ut i mai 2007. Drange fortel at Hylstranda, der Løland voks opp, hadde litt av den same statusen som Volda. Det var eit intellektuelt reir, og folk i
bygda las dei nye bøkene i utgjevingsåret. Dei las mange aviser og lærde seg utanlandske språk. Løland lærde seg både tysk og fransk før han forlét bygda, men han var ikkje den typen som stod på talarstolane kringom i bygdene. Likevel var han sterkt synleg i norskdomsbygginga, seier Einar Schibevaag.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake