Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Dei ønskte hovudet mitt på eit fat
 01.04.06

Den finske filmskaparen Pirjo Honkasalo er i ferd med å få eit like stort namn som Kaurismäki-brørne. Foto: Ottar Fyllingsnes
Ottar Fyllingsnes
ottar@dagogtid.no

Ved sida av Kaurismäki-brørne er Honkasalo den mest kjende av dei finske filmskaparane. Denne veka vart fire av filmane hennar viste på dokumentarfilmfestivalen i Oslo. Blant dei var 3 Rooms of Melancholia, som har fått fleire prisar enn nokon annan finsk film. Den dvelande, meditative og Tarkovskij-inspirerte filmen har Tsjetsjenia-krigen som bakteppe.

Born og krig

Den tredelte filmen følgjer først kvardagen til unge russiske elevar ved Kronstadt Kadettakademi i St. Petersburg. Mange har ein tragisk bakgrunn, men på akademiet møter dei militær disiplin og eit ordna tilvære.

Den andre sekvensen i filmen er halden i svartkvitt, og er lagd til ein av dei mest øydelagde bydelane i Groznyj i Tsjetsjenia. Der møter ein den tilårskomne kvinna Hadizhat Gataeva som ser det som si oppgåve å ta seg av foreldrelause ungar. Den siste sekvensen er frå flyktningleiren i Ingusjetia – på den andre sida av grensa, ikkje så langt frå Groznyj. Der er det grotid for islam.

Ved himmelens port

Det er inga enkel oppgåve å laga film om Tsjetsjenia. Opphavleg fekk Honkasalo tilbod frå ein amerikansk produsent om å laga ein film som baserte seg på det åttande bodet i Bibelen: Du skal ikkje vitna rangt mot nesten din!

Ho ønskte å laga ein film om fiendebiletet som ofte vert planta i borna, og som me ber med oss som vaksne – utan å reflektera over det. Honkasalo valde å ta utgangspunkt i Tsjetsjenia og den brutale konflikten der.

– Eg ville laga ein film om det absurde ved å hata kvarandre, seier den finske filmskaparen.

Ein dag dukka den amerikanske produsenten opp i Helsingfors for å diskutera filmen. Men Honkasalo kunne ikkje finna seg i at han skulle ha det siste ordet, og ho takka nei til millionane.

– Du står ved himmelens port – og takkar nei, sa produsenten.

– Ja, sa eg, og det ville vera lett å finansiera filmen på anna hald. Eg var glad for å kvitta meg med den amerikanske draumen. Seinare takka me Gud mange gonger for å ha sagt nei til millionane.

Pirjo Honkasalo fortel at filmen er eit produkt av ei personleg skam. Ho viser til den passive haldninga Finland har hatt til sovjetiske overgrep opp gjennom åra.

– Visst har ein vore klar over sovjetiske fangeleiarar, arrestasjonar og dissidentar, men det har ikkje ført til dei store protestane. Kanskje på grunn av at Finland har ei lang grense mot Russland og at det har vore viktig å halda seg inne med den store grannen i aust. Også eg var tagal, men eg ønskte ikkje å vera tagal ein gong til – om Tsjetsjenia.

Heilagt og grufullt

Førebels er ikkje filmen vist offentleg i Russland, men i fjor var det ei prøveframsyning for eit utvalt publikum i filmmuseet i Moskva. Etter dei mange trusselbreva til den finske ambassaden fann filmskaparen det best å halda seg heime.

I 90-åra laga ho to lengre dokumentarfilmar i Russland. Den eine handlar om det fredelege livet i eit kvinnekloster. Den andre fortel historia om ei sjuk jente som vert utsett for djevleutdriving.

Den tredje filmen i trilogien om «det heilage og det grufulle» handlar om to indiske brør som legg ut på ei 6000 kilometer lang pilegrimsreise mot den heilage byen Haridwar ved Himalaya.

I tillegg til dokumentarfilmane har Honkasalo også laga spelefilmar, men ingen er viste på kino eller fjernsyn i Noreg; trass i at ho fekk Amanda-prisen for dokumentaren Tanjuska og dei sju djevlane.

– Kanskje er den negative haldninga til finsk fjernsynsteater årsaka til dette, seier ho med eit skeivt smil.

Både i Danmark og Sverige er filmane hennar synte fram, og underteikna såg klosterfilmen på ein kino i Stockholm i byrjinga av 90-åra.

– Mysterion er ikkje den mest populære filmen eg har laga, men han er svært viktig for meg, seier Honkasalo. Og fortel den merkelege historia om korleis filmen vart til.

Slutta med film

Pirjo Honkasalo byrja på filmskulen som 17-åring. Etter det arbeidde ho som fotograf i fleire fiksjonsfilmar. Ho både regisserte og produserte filmar, og som 21-åring laga ho den første spelefilmen sin. I 1980 vart han teken ut til Cannes-festivalen, og det vert rekna som gjennombrotet.

– Men då eg runda 30 år, byrja eg å verta trøytt av film. Det var vanskar med å skaffa kapital, og mest kvar einaste finsk film var ein økonomisk katastrofe. Eg bestemte meg for ikkje å laga film meir. I tre år var eg borte frå filmen, men så spurde ei kvinne meg om eg ville vera med på ei reise til eit russisk kvinnekloster. Ho hadde med symaskiner i gåve til nonnene. Det enda med at me vart engasjerte i gardsdrifta i klosteret, og me vart verande der i fleire veker, seier Honkasalo.

– Då eg vende tilbake til Helsingfors, møtte eg Lisbeth Gabrielsen på jernbanestasjonen. I mange år hadde ho vore produsent ved Svenska Filminstitutet og spurde kva film eg ville laga. Då høyrde eg meg sjølv seia at eg ville lika å laga ein film i det russiske klosteret. Ho lova meg pengar, og spurde kor mykje eg trong. Der og då på jernbanestasjonen i Helsingfors laga me ein skriftleg avtale på baksida av ei ølbrikke.

På det viset vende Pirjo Honkasalo tilbake til filmen, men ikkje på det same nivået som før. I 80-åra hadde ho vore med på å laga den dyraste filmen i Finland.

– Då eg vende tilbake til det russiske klosteret med kameraet, var eg tilbake på jorda. I klosteret hadde eg ikkje noko press på meg, og på nytt oppdaga eg at det var moro å laga film.

Kasta ut alle

Pirjo Honkasalo set pris på å laga fiksjonsfilmar, men likar lite glamouren og økonomistyret som følgjer med.

– Det er eit langt rikare liv å laga dokumentarfilmar!

Honkasalo reknar med at det tok om lag fire år å gjera ferdig 3 rooms of Melancholia.

– Opptaka tok ikkje så lang tid, men innimellom var det lange periodar med venting. Med tolv finansieringskjelder i ulike land var det ikkje greitt å sitja der med ein halvferdig film.

– Det må ha bydd på problem å laga dokumentarfilm frå Kadettakademiet og Tsjetsjenia?

– Det var ein lang prosess, men me byrja bakgrunnsarbeidet før terroråtaka på World Trade Center. På den tida rådde det framleis ei positiv haldning til media i Russland. Me fekk løyve frå svært høgt hald til å filma på Kadettakademiet, men etter terroråtaket endra alt seg. Det verkar som det var ei uuttalt semje mellom Russland, Europa og USA om at dersom Russland gjekk med i kampen mot terror, vil ingen blanda seg inn i Tsetsjenia.

Groznyj for farleg

Honkasalo lærde opp produsenten til lydteknikar, og saman tok dei seg inn i Tsjetsjenia.

– I hovudstaden Nasran i Ingusjetia var det tidlegare eit hotell med væpna vakter utanfor. Då me kom dit første gongen, var hotellet fullt av folk frå Amnesty, Human Rights Watch, Raudekrossen og utanlandske journalistar. Då me kom tilbake etter 11. september, var der ingen. Alle var kasta ut. Eg trur at me slapp inn ved eit uhell. Kanskje trudde dei at me var uskuldige på grunn av at me var kvinner, men etter eit par veker vart også me skyssa ut. Det er ein total kontroll i Tsjetsjenia. Difor fekk me ikkje sjå det me ville, men me var der på fleire kortare besøk.

Honkasalo har ikkje sjølv filma scenene frå sentrum av Groznyj.

– Det var for farleg, og eg med min nordiske utsjånad hadde nok vorte arrestert i løpet av eit par minuttar. Difor fekk eg ein lokal fotograf til å ta seg av den delen.

Steik han i smør

Dei fleste av russarane som skreiv rasande brev til den finske ambassaden, har neppe sett 3 Rooms of Melancholia. Men filmen vart vist på filmfestivalen i Venezia, og det vart skrive mykje om han. I eit intervju uttalte Honkasalo blant anna at «Putin er ein KGB-agent, jamvel om du steikjer han i smør».

– Kanskje likte dei ikkje det, ler den finske filmskaparen.

– Trur du at filmen kjem til å verta vist i Russland?

– Ja, men me tek det med ro. Me må vera sikre på at det ikkje hender noko med folka som medverkar. Mange russarar har sett filmen på festivalar i utlandet, men det er ikkje eit vanleg filmpublikum.

– Opplever russarane filmen som ein provokasjon?

– Filmen i seg sjølv er slett ikkje antirussisk. Eg har spurt mange russarar som har sett han, om det er mogleg å sjå han som ein antirussisk film. Dei svarar at du må vera ein idiot for å oppfatta han slik. Men for mange russarar er det ein provokasjon å syna tsjetsjenarar som menneske. Dei skal framvisast som avskyelege dyr. Blant russarane er hatet på eit etnisk nivå. Dette er ikkje i same grad tilfelle blant tsjetsjenarane, seier Honkasalo.

– Før krigen budde mange russarar i Grosnyj, og dei fleste tsjetsjenarane hadde gode russiske vener. Då krigen byrja, hjelpte ofte russarane tsjetsjenarane. Faren er no, når krigen har vart så lenge, at det veks opp ein ny generasjon med tsjetsjenarar i flyktningleirar. Det vert som i Palestina. Kanskje har dei aldri sett ein russar, men dei veks opp med eit fiendebilete. Og dermed vert fiendskapen etnisk også blant tsjetsjenarane.

Privat hær

Pirjo Honkasalo viser til kvinna i filmen, Hadizhat Gataeva, som tek seg av foreldrelause born.

– Ho bryr seg ikkje om det er russiske eller tsjetsjenske born. Då ho såg filmen, uttalte ho: Gje meg adressa til dei russiske borna på Kadettakademiet, og eg skal adoptera alle saman. Truleg er det den største takken eg har fått. Gataeva bur framleis i Grosnyj, men familien ønskjer å flytta til Latvia. Dei har så mange born, og dei mange minene gjer det umogleg å leva der.

– Kva løysing ser du for deg i Tsjetsjenia?

– Det synest som om Tsjetsjenia har vorte eit symbol på at ein kan greia å halda resten av det russiske imperiet samla; eit symbol på at Russland er ei supermakt. Eg var meir optimistisk for to år sidan. No er marionettpresidenten Kadyrov myrda, og sonen har vorte statsminister. Kadyrov har ein privat hær gangsterar som er eit produkt av den meir enn ti år lange krigen.

Arrestasjonar og avrettingar vert utførde av denne private hæren, og det inneber at tsjetsjenarar arresterer tsjetsjenarar, fortel Honkasalo.

– Dei gjer det skitne arbeidet sjølve, og situasjonen har dermed vorte langt verre for tsjetsjenarane. Russiske soldatar som avtener militærteneste, vert ikkje sende til Tsjetsjenia lenger. Landet er lite, og når krigen ein dag endar, kjem det til å vera mykje hat i samfunnet. Internasjonalt press synest å vera den einaste løysinga, men no når Russland er i ferd med å verta ein viktig leverandør av olje og gass til Europa, kan dei berre le av dette presset, seier Pirjo Honkasalo.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake