Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Bibliotek i butikk
 01.04.06

Bjørn Morken
bjorn@dagogtid.no

Ordninga med post i butikk på stader der Posten ikkje finn det tenleg med eigne postkontor, har slik suksess at no skal same ordninga gjennomførast for bibliotektenesta. Det er Kultur- og kyrkjedepartementet som legg opp til dette, og får solid støtte mellom anna frå Biblioteksentralen og Norsk Bibliotekforening.

På dei stadene der ordninga kjem i gang, kan du snart ta ein tur på butikken og kombinera daglegvarehandel, posttenester og boklån. Rett nok vert ikkje bokutvalet så stort heilt i byrjinga sidan ordninga har kome noko brått på, men utvalet kjem til å verta utvida etter kvart og etter kva som trengst på kvar stad.

– Biblioteka vert stort sett i dei butikkane som har post i butikk no, seier generalsekretær Tore Kr. Andersen i Norsk Bibliotekforening.

– Det tyder at både små lokalsamfunn og bydelar får slikt tilbod. På hi sida vil nok dette gjera at bokbusstilbodet vert innskrenka ein del, då eit fast bibliotektilbod i mange tilfelle vert fullgod erstatning for bokbussen, seier Andersen.

– Skal butikktilsette ta seg av bibliotektenestene òg, eller vert det eigne folk til dette?

– Utdanna fagfolk er til å byrja med til stades og utfører tenestene. Desse skal så læra opp ein del av butikkpersonalet. På same vis som somme av dei butikk-tilsette i dag er opplærde til posttenester, vil andre att få opplæring i bibliotektenester. Det går nok bra. Slike kombinasjonstenester er ikkje ukjende i bibliotekverda. Det har lenge vore kombinerte bank- og bokbussar her i landet der bankfunksjonærar også utfører bibliotektenester.

– Kva slag tenester er det tale om?

– Heilt vanlege utlånstenester, bøker, lydbøker og elles slikt som er vanleg å låna ut. Men spesialservice som på større bibliotek vert det ikkje, det er der korkje plass eller ressursar til. Somme butikkar kan nok ha plass til ein liten lesekrok utanom bokhyller og disk, eller høve til å plassera ein PC eller to til låns, slik større bibliotek har. Men dette vil variera frå butikk til butikk.

Andersen peikar på føremonene ved at biblioteka fylgjer opningstidene til butikken, akkurat som postkontoret. Dei vert meir tilgjengelege. Bydelar utan bibliotek eller ei mangelfull bibliotekordning får tilbod med opningstider som kan tevla med hovudbiblioteket i byen. Småplassar på landsbygda kan til og med få betre tilgjenge gjennom denne ordninga enn det hovudbiblioteket i kommunesenteret kan tilby.

– Og bibliotek i butikk-ordninga skaffar deg raskt det du ikkje sjølv finn i hyllene, på same vis som vanlege bibliotek, fortel Andersen.

Seinare i år vil kultur- og kyrkjeminister Trond Giske leggja turen innom nokre av butikkane som har bibliotek for å snakka med dei tilsette og sjå korleis ordninga verkar.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake