Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Framtid for firføtt fjelldronning

Av Bjørn Morken
,  25.03.06


Portrett av fjelldronninga mellom norsk storfe. Foto: Bjart Schieldrop
Telemarkskua vert ofte kalla fjelldronninga. Det er skjøneleg, for ho er eit flott syn der ho viser seg, ei du legg merke til og som stortrivst i fjellterreng. Ofte er ho nytta som symbol på det typisk norske. No går ho etter alt å døma inn i ei lys framtid. Telemark satsar mangfelt på å synleggjera telemarksfeet.

Leike- og danseglad
Hjå Telemarksforsking i Bø arbeider bygdeforskar og sosialantropolog Dag Jørund Lønning. Han og andre tilsette i Telemarksforsking er dregne inn i eit større opplegg om natur- og kulturbasert næringsutvikling som mellom anna går ut på å kartleggja korleis telemarksfeet kan spela ei rolle i næringsutviklinga i fylket. Lønning har laga ein rapport om korleis telemarksfeet i mykje større grad enn NRF-feet greier å nytta utmarksbeite. Her sigrar telemarksfeet over NRF i det meste. Telemarksfe nyttar lauvverket på trea betre, og held såleis skogen attende. Det tek seg lettare fram i ulende og tett krattskog, og vandrar meir for å finna mat. Det held seg betre med mjølk utetter hausten når beitekvaliteten går ned. Og her er meir: Telemarksfeet kjem lettare heim til mjølking, det hevdar lettare rang enn NRF-feet, og har eit livlegare og hissigare lynne. Telemarksfe er dessutan store individualistar som er svært interesserte i omgjevnadene sine. Dyra er intelligente og forvitne, og er glade i leik og dans. Mange av dei naturlege instinkta er til stades, heiter det i rapporten.

Estetikarar
Eit eige meieri tufta på mjølk frå telemarksfeet, telemarksfeet som vedlikehaldar av kulturlandskapet, 150-årshøgtiding av telemarksfeet som eigen, offisielt godkjend rase, eige museum til ære for rasen og nedskriving av alle sogene og mytane som finst kring telemarksfeet. Det er noko av det Lønning kan fortelja om når han vert varm i trøya og legg ut om denne ferasen som inntil for stutt tid sidan var utryddingstruga.

– Kvifor har telemarksfeet fått den utsjånaden det har?
– I Telemark har det estetiske talt like mykje som det praktiske. Kvar elles i landet har vi funne møkagreip med rosemåling på? Og telemarksfeet ser ut som om det er ferdig rosemåla, det òg! Jamvel om rasen vart offisielt godkjend for 150 år sidan, har telene vore opptekne lenge før det av at dyra skal sjå fine ut, ikkje berre gje nøgda med mjølk og kjøt. Det er sjølvsagt gledeleg at folk på ymis vis har vilja ta seg tid til å dyrka venleik og kunst midt i ein kvardag som ofte var strid nok. Og biletkunstnarane har teke opp tråden. Når landskapsmåleri med kyr er måla her i landet, er det gjerne telemarkskyr som er med.

– Og i reklamen: Papiret rundt mjølkesjokoladen til Freia...

– No ja, den kua held nok ikkje heilt mål etter standarden. Ho ville ikkje verta godteken som ei ekte telemarksku, meiner Lønning, som ikkje et sjokolade sjølv, men har sett teikninga.

I standarden som Landslaget for telemarksfe har sett opp, heiter det:
«Telemarksfeet skal vera raud- eller brannsida. Dei skal ha samanhengande kvit rygg frå rove til hovud. Bringkollen skal vera kvit, det same skal underdelen av buken, juret, bakføtene og rova. Hovudet bør vera droplete med raud mule, raude kjakar, raude øyro og med ein raud strek eller veng over kvart auga. Der det raude og kvite møtest, bør det vera ei droplerand, utanom på buken der det raude og kvite møtest.»

Horn må telemarksfeet sjølvsagt ha, og levande vekt må ikkje overstiga 500 kg.

Sjokoladekua til Freia er nok i beste fall ei tvilsam blanding.

Kjempejubileum
Til sommaren vert det jubileumshøgtiding så det susar. Både Kviteseid og Seljord vert då arena for den store festen, der både folk og fe er med. Kviteseid var staden der godkjenninga av telemarksfeet gjekk føre seg i 1856, medan Seljord og Dyrsku’n der har vore ein berestolpe for ferasen. Kvart år har det vore vist fram telemarksfe der, med ein liten gjeng idealistar som drivkraft. No får idealistane fylgje av andre, til føremon for det hornete, livlege og leikne storfeet frå Telemark som har overlevd NRF-iseringa av norsk storfehald.

15.–16. juni vert det ein stor internasjonal konferanse i Seljord: «Bygdeliv 2006. Kulturlandskapet og kulturell identitet». Konferansen vert halden i tilknyting til det interregionale programmet «Farmers for Nature», eit samarbeidstiltak mellom sju område kring Nordsjøen som arbeider for å ta vare på naturen, landskapet og den kulturelle identiteten på landsbygda i samarbeid med bønder, regionale organisasjonar og friviljuge, og samstundes arbeider for å utvikla landbruket på ein sunn måte. Landbruks- og matministeren vil halda innleiingsføredraget i Seljord.

17. juni vert det så festdag i Kviteseid, der det skal avdukast ein bronseskulptur av ei telemarksku i full storleik – til minne om det som hende for 150 år sidan. Kronprinsparet er bedne inn til denne høgtida. Den internasjonale kunstutstillinga CowParade skal vera med, den utstillinga skal òg vandra gjennom heile Vest-Telemark fram til Dyrsku’n den 10. september. CowParade inneheld kunstnarleg laga kyr i alle tenkjelege og ofte også utenkjelege variantar og fargar. Slike skal no auksjonerast bort på Dyrsku’n, og auksjonsoverskotet skal gå til prosjektet Utviklingsfondet driv for husdyrhald i den afrikanske staten Malawi.

Omspunne av mytar
– Telemarksfeet er omspunne av mytar og mange soger. Her er innslag av soger om tussekyr som kom inn i flokken, her er forteljingar om korleis telemarksfeet varslar vêret ved å te seg på visse måtar, og soger om klokskapen hjå desse dyra. Sogene skal no samlast inn og

nyttast mellom anna i reiselivssamanheng. Sogene gjev meirverdi til Telemark som reiselivsprodukt. Det er utsikter til at telemarksfeet vil få sitt eige museum òg, eller lat oss kalla det opplevingssenter – i Seljord, fortel Lønning.

– Utsjånaden til telemarksfeet vekkjer åtgaum utanlands, maken har dei ikkje sett, seier utlendingar som ser denne ferasen og lèt seg imponera av både så vel fasong som fargar.

– Kor mange dyr finst det i dag av telemarksfeet?
– Mellom 300 og 400. Dei fleste finst naturleg nok i Telemark, men her er dyr også på Voss og i Setesdal, Hallingdal og Gudbrandsdalen, er Lønning viss på.

Rasistisk meieri
I Fyresdal vil det i sommar stå klart eit meieri av dei sjeldne. I ein bygning som vert omgjord til dette føremålet, vert det då opna eit meieri som skal ta imot mjølk frå telemarksfe. Ingen andre storferasar har noko der å gjera med sine mjølkeskvettar, så her rår rasismen! Mjølka skal foredlast til eit særs godt smør, ein lokal tradisjonsost som vert kalla knaost og minner litt om pultost, og rømme – kan henda andre produkt også. Meieriet skal dekkja heile Vest-Telemark. Bøndene som leverer her, er fritekne frå dei vanlege reglane om kvotelevering. Produkta vert leverte til utsal som har vist interesse for lokale og særskilde matvareproduksjonar, og dei er det vortne fleire av, så optimismen er stor. Vanlege bønder og idealistar som vil verna telemarksfeet frå utrydjing, gjer sams sak her: Ved å nytta rasen vernar ein han òg. Telemarksforsking saman med kommunane i Vest-Telemark og interesserte bønder står saman om det nye meieriselskapet, som har fått namnet Telemarkskyri Meieri AS.

I same bygningen som meieriet vert det også ei vidareforedlingsverksemd for kjøt frå telemarksfe.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake